Dobbelt-CD frå ein musikalsk skattkiste i Vest-Agder.

Gard Nergaard - Seint var det om kvelden: Felespel i Mandalen, Vest-Agder
  • Etnisk Musikklubb, 2015
  • 2 CD-ar, 55 spor
  • Produsent: Etnisk Musikklubb

Det er ikkje ofte ei CD-utgjeving kan karakteriserast som sensasjonelt god. Eg siktar til ei velklingande dobbelt-CD med slåttespel og tradisjonsmusikk som nettopp er kome ut på Etnisk Musikklubb. Det er stoff som er ukjent i Folkemusikk-Noreg – kanskje til og med på Agder?

Tittelen er Seint var det om kvelden: felespel i Mandalen. Det er tale om gamalt tonestoff og nyare runddansmusikk frå eit område av landet som langt på veg har vore ein «kvit flekk» på kartet.

Meisteren for utgjevinga er 22 år gamal, heiter Gard Nergaard og kjem frå Øyslebø. Som 15-åring fekk han Marnardal kommune sin kulturpris. Denne dobbelt-CD-en hans er kanskje kvittering for tilliten? I eit 50-siders teksthefte skriv han engasjert og reflektert om verdien av å ta vare på og formidle den lokale kulturarven vidare.

Den unge Nergaard spelar fenomenalt godt, variert, uttrykksfullt, rytmisk – tilnærma virtuost. Det gjeld anten han spelar gangar, halling, springar, lydarslått, brurslag, mellevitt, bånsull, stev, vise, vals, reinlendar, sabbetråvar, riil eller masurka. Han har med seg gode musikarar med ei rekkje instrument, som gjev eit variert og smakfullt lydbilete. Me merkar oss songarane Renate A. Heggland og Tor Arve Monan.

Paul Sveinall skriv forvitneleg om spelemennene, musikken og miljøet frå 1700-talet og framover. Han skildrar korleis Mandalen var eit skilje mellom aust og vest på Agder, og samstundes ein møtestad for impulsar frå mange kantar. Moro er det å lesa korleis velstandsbøndene der tok vel i mot både bufaste spelemenn og farande fantar.

Med i alt 55 spor er dette eit vitnemål om musikktradisjonar som er berga i siste liten, medan levande kjelder og referansar enno er tilgjengelege. Platetittelen Seint var det om kvelden er difor treffande.

Eg meiner dette er ei av dei mest verdfulle og opplysande CD-utgjevingane på lang tid innanfor det breie feltet av norsk folkemusikk. Prosjektet kan trygt kallast ein redningsaksjon som har ført fram ei skattkiste. No kan fleire få forsyne seg av denne, både på Agder og utover i landet.

Her er det duka for nominasjon til Spelemannsprisen.