Laurdag kunne også Gåte sleppe jubelen laus etter å ha blitt ropt opp som ein av finalistane i MGP.

Gunnhild Sundli i aksjon under delfinalen i MGP. Foto: Espen Solli / NRK
Gåte jubla etter å ha gått vidare frå den andre delfinalen i MGP. No har dei laga ny tekst til finalen for å vere innanfor reglementet til den europeiske kringkastaren EBU. Foto: Espen Solli / NRK

I den andre delfinalen laurdag var dei på førehand ein av favorittane. Også Marte Stokstad og Kim Wigaard som var invitert til studio på NRK Marienlyst for å drøfte låtane mellom slaga, var overtydde om at Gåte ville gå vidare. Bandet innfridde og fekk nok stemmer frå det norske folket til at dei gjekk vidare til finalen, som er på heimebane i Trondheim spektrum laurdag 3. februar.  

Gåte deltok med låten “Ulveham”, ein låt som kombinerer Gåtes nykomponerte melodi med tekst frå ein mellomalderballade og sampling av Marit Jensen Lillebuens ikoniske lokk.  

Frå før av er Ingrid Jasmin også klar for finalen i Trondheim. I år er ho og Gåte folkemusikkens representantar i musikkonkurransen. Begge artistane har brukt tradisjonsmusikk og tradisjonelle instrument på kvart sitt vis, men som Gunnhild Sundli i Gåte uttalte til folkemusikk.no før delfinalen, er dei med på å vise at sjølv om ein har bakgrunn i folkemusikken kan ein få to svært ulike uttrykk.  

Under finalen laurdag gjekk Gåte vidare saman med dei to duoane Anne Fagermo og Dag Erik Oksvold, og Super Rob og Erica Norwich.