Hilmarfestivalen 2023 starta med storslått konsert med Sigrid Moldestad og Trondheim symfoniorkester og toppa seg under ein forrykande folkrockkonsert med legendariske Hoven Droven og den nye, «hotte» sjangergruppa Gangar kvar for seg og i samspel.

Les også: Hilmarprisen til Berit Opheim

Etter kvart fekk folkrockarane fram ein stor flokk spreke unge og litt eldre i ellevill improvisert dans til den suggererande musikken. Det vart eit minne for livet i flunkande nye Steinkjer kulturhus som no rommar det meste av Hilmarfestivalen.

– Dette er den største konserten eg har vore med på, var det fleire godt vaksne som fastslo på veg ut frå Hovudsalen i det som truleg vil bli hugsa som ein legendarisk konsert, også av dei velrenommerte musikarane.

Felespelande front i Hoven Droven, Kjell-Erik Eriksson, var «i hundre» då han avrunda med kommentarar til det han opplevde som noko heilt spesielt i sin lange og suksessrike karriere.

Også felespelar Mattias Thedens i Gangar var høgt oppe og spontant deltakande blant dei som dansa improvisert på golvet i same platå som scena i hovudsalen saman med medmusikantar.

– Utan Hoven Droven hadde ikkje vi stått her i dag, konstaterte Thedens omkransa av utøvarar på HilmarUng og begeistra tilhøyrarar som kravde og fekk ekstranummer under avslutninga på Hovudscena.

Og framom det flotte kulturhuset sto Hilmar Alexandersen – like ved Weidemann-katedralen som den storslåtte kyrkja blir kalla. Steinkjer-kunstnaren har gjort katedralen ekstra vakker og til ein attraksjon med sine glasmåleri.

Få, ja knapt nokon andre folkemusikarar enn Hilmar er æra med statue på sokkel, ikkje så ulik den slektningen Åge Alexandersen har fått i Namsos åtte mil lenger nord i Nord-Trøndelag.

Det vart ein legendarisk konsert under Hilmarfestivalen med folkrockfyrverkeriet Gangar, åleine og i sampel med heltane Hoven Droven. Ei oppleving korkje bassist Jonas Thrana Jensen, hardingfelespelar Mattias Thedens eller publikum vil gløyme med det første. Foto: Jostein Aardal

Stor og brei festival

Hilmarfestivalen har vorte blant dei store og breie musikkfestivalane i landet, med eit imponerande program med mykje meir enn tradisjonell folkemusikk.

Årets arrangement var det mest omfattande i den snart tjueårige festivalhistoria. I tillegg til musikk kunne interesserte velje mellom ei rekkje kurs og seminar omkring kultur som næring, litteratur og forteljarkunst, utstillingar og ikkje minst eit nytt multimedialt opplevingssenter der litt av Hilmar Alexandersen sitt liv og virke vart vist på spektakulært vis.

– Dette er veldig flott og spesielt å oppleve, seier Gjermund Larsen inne i Steinkaret. Gjermund Larsen trio var for øvrig med på å avrunde festivalen søndag 12. november, med ein konsert som på kort varsel måtte flyttast til Hovudsalen for å få plass til alle dei mange som møtte fram.

Tyngda av publikum er godt vaksne, men HilmarUng som samlar deltakarar frå store deler av landet, bidrar til vitalitet som inspirer og stimulerer eldre generasjonar. Det kom til dei grader til utrykk under folkrock-konserten.

– Pappa ville akseptert dette

Så kan ein spekulere på kva hovudpersonen Hilmar ville tenkt om det som vart spelt og sagt under konserten og festivalen for øvrig. Den nærmaste til å svare er sonen Jan Alexandersen. Han er busett i Tromsø, men har fylgt Hilmarfestivalen heilt frå starten.

– Kva tenkjer du?

– Dersom Hilmarfestivalen skal nå ut til eit større publikum, har nok arrangørane sett at programmet må breiast ut. Dette har vore litt vanskeleg for oss i familien, sidan festivalen er knytt til Hilmar. Vi har gått fleire rundar omkring dette. Konklusjonen er at det ikkje er grunnlag for eit slikt arrangement utan å ha aktuelle tilbod i tillegg til den tradisjonelle folkemusikken.

– Eg trur også pappa ville ha akseptert dette. Han var forankra i det tradisjonelle. Men han var også ein person som retta seg mot nye uttrykk. Eg synest festivalen har vorte fantastisk. Folka som står bak har vore veldig flinke. Dei har fått vist pappa sine ulike sider og i tillegg så mykje anna innan kunst og kultur, seier Jan Alexandersen.

Gangar og meir til

Folkrock-gruppa Gangar er alt nemnt. Men det var også meir gangar: Sturla Eide frå Meldal tok publikum med på ei reise til Setesdal. Han spurde publikum om dei visste kva dei skulle vere med på, og det gjorde nok dei fleste i den fullsette Elvesalen. Trønderen med mange jarn i elden har av alle ting teke master i setesdalsspel.

I løpet av festivalen kunne ein blant andre også høyre ein annan trønder, Jørgen Nyrønning frå Ålen. Han trollbatt tilhøyrarane med blant anna «Fandens polsdans» på trollstilt fele og gode forteljingar omkring folkemusikken.

Og i foajeen og rundt om i det nye kulturhuset var det dansespel og «buskspel» med blant andre Mukampen spelemannslag, studentane i Snaustrinda spelemannslag, Trondheim Toradergruppe og mange fleire lag og grupper.

Hilmar Alexander har fått heidersplass framfor Steinkjer kulturhus, like ved Steinkjer kyrkje – også kalla Weidemann-katedralen etter den kjende kunstnaren Jakob Weidemann. F.v. avtroppande festivalsjef Astrid Skogseth, påtroppande festivalsjef Liv Maiken Jørgensen og leiar for Hilmar-stiftinga Johan Einar Bjerkem. Foto: Anders Lillebo

«Eg trur også pappa ville ha akseptert dette. Han var forankra i det tradisjonelle. Men han var også ein person som retta seg mot nye uttrykk. Eg synest festivalen har vorte fantastisk.»

Jan Alexandersen, son til Hilmar

– Nesten uverkeleg

Sigrid Moldestad blei tildelt Hilmarprisen i 2012. Årets opningskonsert saman med Trondheim symfoniorkester var ei stor oppleving for henne. Publikum fekk høyre eit utval av kjende og kjære songar av folkemusikaren frå grenda Bø i Breim i Nordfjord.

Svenske Karl-Johan Ankarblom med solid bakgrunn som folkemusikar var arrangør og dirigent. Saman med gitarist Mattias Perez, som Moldestad også har jobba mykje med tidlegare, skapte dei ei symbolsk musikalsk reise «Frå bø til himmelhvelv».

– Vi har tidlegare samarbeidd om konsertar med kammerorkester, enkeltinnslag med KORK og strykekvartett, men dette var noko heilt anna og mykje større. At eg skulle få gjere ein heil konsert med mine songar og slåttar, historier og teksta saman med eit av landets største og beste orkester, var enormt inspirerande og utfordrande. For meg personleg var dette noko eg kjem til å hugse for alltid, seier Sigrid Moldestad.

Konserten vart også framført dagen etter i Olavshallen i Trondheim.

Hilmartalentet
  • Hilmartalentet er eit nasjonalt program for lovande utøvarar innanfor folkemusikk. I juryen sit leiarane for folkemusikkutdanningane: Unni Løvlid, Jo Asgeir Lie og Stian Roland, samt Einar Olav Larsen frå Stiftinga Hilmar Alexandersen.
  • Hilmartalentet er etablert gjennom eit samarbeid mellom Talent Norge, Sparebank 1 SMN og Stiftinga Hilmar Alexandersen. Talentet får eit stipend og kan velje seg ein mentor å arbeide saman med. I tillegg blir det mellom anna sett opp konsertturné med Hilmarscena og konsertar under Hilmarfestivalen.
  • Helga Myhr frå Hallingdal var Hilmartalentet 2017–2019. Ho valde seg Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars som mentor.
  • Synnøve Brøndbo Plassen er frå Folldal med mor frå Steinkjer. Ho var Hilmartalentet 2019–2021 og valde seg Gjermund Larsen frå Verdal som mentor.
  • Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres har vore Hilmartalentet 2021–2023. Ho valde valde seg Vegar Vårdal som mentor.
  • Under Hilmartalent-konserten hadde Ingrid Lingaas Fossum med seg musikarane Ingvild Blæsterdalen (fele), Vegar Vårdal (fele/hardingfele), Espen Weensaas (cittern/ gitar/mandolin), Halvor Kjerkreit (bratsj) og Kaia Fjellberg Pettersen (cello).
Synnøve Brøndbo Plassen (t.h.) var Hilmartalent i perioden 2019–2021. I år var ho tilbake på Hilmarfestivalen og heldt konsert, saman med Silje Risdal Liahagen. Foto Anders Lillebo