Dei har levert på album og på scener rundt om i verda i tretti år, men jubileumsplata gir dei ut her til lands. Fredag 24. september spelar Hoven Droven på Riksscenen i Oslo.

I 2019 blei bransjetreffet Nordic Folk Alliance arrangert i Gøteborg. Her var det at Frøydis Bergheim Ruud frå det norske plateselskapet Grappa møtte Hoven Droven. Det var starten på eit samarbeid, og jubileumsplata Trad er nett utkommen på selskapet Heilo, eigd av Grappa musikkforlag.

– Det er stort å få gi ut musikken til ein av dei største faneberarane i folkemusikken, fortel Ruud.

– Det er veldig moro å få vere på Heilo. Dei har slik ei breidde innanfor folkemusikk, med både oss og solo hardingfelespel, seier Kjell-Erik Eriksson som er felespelar i Hoven Droven.

Like inspirerte no som då

Dei siste to åra har bandet jobba mot 30-årsjubileet og denne plateutgjevinga, fortel Eriksson.

– Me visste at me skulle fylle 30 og hadde ein del låter på gang. Men så kom pandemien og det blei ikkje noko turnering på oss, så då passa me på å gjere alle desse innspelingane.

Dei fleste av låtene er det Eriksson sjølv som har starta på, og så har han tatt med ei låtskisse på øving. Under heile pandemien møttest bandet og øvde i koronasikre omgjevnader. Eriksson fortel at låtene kom veldig lett, for alle var så inspirerte.

– Det er ei ganske heftig kjensle, at me fortsatt kan kjenne slik glede og inspirasjon av å spele saman, seier han.

For kvar gong bandet møttes, blei ei ny låt klar. Og etter ei stund hadde dei alle låtene som skulle til for å lage eit album.  Den nye plata til Hoven Droven har fått namnet Trad., og sjølv om dei fleste av låtene er nykomponerte, er likevel tradisjonsmusikken noko bandet vil løfte fram.

– Me og musikken vår kjem frå ein tradisjon, og me har eit håp om at denne musikken kan leve slik at låtene våre kan bli tradlåter ein gong, seier Eriksson. – I folkemusikken handlar det også mykje om at ein låner og får inspirasjon gjennom låter ein høyrer. Og det er takka vere alle dei som har lært oss opp at me brenner for denne musikken, og at me held på. Me er på eit vis ei lenke i eit større maskineri.

Hoven Droven, f.v. Björn Höglund, Bo Lindberg, Jens Comén, Kjell-Erik Eriksson og Pedro Blom.

Første heilsvenske band på Heilo

Plateselskapet Heilo har i hovudsak jobba med norske utøvarar i alle år, men nå har dei byrja å jobbe litt meir med svenske også.

– Det er fint å kople saman miljøa. Det er ikkje nødvendigvis så stor bevisstheit om kva som skjer i nabolanda, så det er heilt klart ein tanke bak dette. Dei fleste artistane me jobbar med i dag er artistar som spelar saman med norske utøvarar. Av heilsvenske prosjekt, er det berre Hoven Droven, fortel Frøydis Bergheim Ruud.

«Me og musikken vår kjem frå ein tradisjon, og me har eit håp om at denne musikken kan leve slik at låtene våre kan bli tradlåter ein gong.»

Kjell-Erik Eriksson, Hoven Droven

Gjennom 30 år har Hoven Droven rokke å gje ut musikk på mange ulike plattformar og format. Denne gongen går dei for alle: digitale filar, CD-plate, LP-plate – og kassett.

– Trommisen vår Björn var den som sa at det virka som det var litt «in» å gje ut på kassett igjen. Og nå skal også Abba gje ut den nye musikken sin på kassett, seier Kjell-Erik Eriksson.

Platesleppet skjer på Riksscenen fredag 24. september. Sjølv om dansegolvet ikkje blir like tett der som på golva bandet ofte spelar for, trur ikkje Frøydis Ruud i Heilo at det blir noko problem.

– Hoven Droven er eit band som kan vinne eit sittande publikum, seier ho.

– Me har høge forventingar! Det er bare så gøy å spele att nå, seier Eriksson.

Gangarstubbgutta varmar opp for Hoven Droven på platesleppet på Riksscenen. (Foto: Erik Egge Jordheim)

Hårreisande oppvarmarar

– Det er ei ære! seier Mattias Thedens om det å ha drøymegiggen som andre spelejobb. NMH-studenten og felespelaren frå Oslo skal varme opp for Hoven Droven på Riksscenen i Oslo med det ferske bandet Gangarstubbgutta. Debutkonserten sin hadde dei i byrjinga av august, på festivalen Eufemiadagene i Gamlebyen.

– Me gler oss som berre det – til å spele, men aller mest til å sjå Hoven Droven, legg Thedens til. I Gangarstubbgutta har han fått med seg fire medmusikarar frå Oslo, ingen av dei med folkemusikalsk bakgrunn. Bandet blei starta før Ljøsblått-festivalen 2019, førjulsfestivalen til folkemusikkstudentane ved NMH. Festivalen legg opp til samarbeid på tvers av linjene ved skulen, og Thedens fortel at studieleiar Unni Løvlid gav han ei konkret oppgåve:

– «Musikken skal vere så langt ute at nakkehåra til lærar Håkon Høgemo reiser seg!» sa ho. Så då tenkte eg: «Rock!», og spurde fire gode vener som òg er dyktige musikarar, om dei ville vere med på denne eine konserten. Og sjølv om konserten ikkje blei noko av, har bandet halde fram, fortel Thedens.

– Det er moro å vere med på dette godstoget. Og det å varme opp for eit så stort band som Hoven Droven så tidleg i karrieren, er ikkje vanleg i det musikalske verda eg kjem frå, seier Oskar Lindberget. Han er saksofonist i Gangarstubbgutta, med bakgrunn frå korpsverda, og har kjent Thedens sidan han byrja på NMH for to år sidan.

Repertoaret til Gangarstubbgutta har dei så langt henta mest frå arkivopptak og Spotify, fortel Thedens. Og uttrykket deira er mest av alt inspirert av – nettopp – Hoven Droven, legg han til.

– Det har med besetninga vår og uttrykket vårt å gjere. Det er mange flotte folkemusikkband, mange av dei med gitar, kontrabass, trekkspel og andre akustiske, folkelege instrument. Me har berre gått i ei anna retning, og då er ikkje kjeldene så mange, avsluttar han.