Blant deltakarane til musikkonkurransen MGP i år finn me to innslag som er godt forankra i tradisjonsmusikken. Først ut er Ingrid Jasmin, som er med i den første delfinalen 13. januar.

Ingrid Jasmin er med i MGP i år. Laurdag opptrer ho i den første delfinalen. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Det er ei travel veke deltakarane til første delfinale er inne i nå. Øvingar, sceneprøver, koreografi, regi og alt anna som høyrer med i ein TV-produksjon. På laurdag står Ingrid Jasmin Vogt på scena hos NRK på Marienlyst og skal kjempe mot fem andre artistar om tre plassar til finalen i Trondheim 3. februar.

Å skulle vere med i MGP blir noko heilt nytt for artisten, og sjølv om ho dei siste åra har spelt på mange store scener og festivalar i inn- og utland, er MGP-scena noko ganske annleis. I tillegg når ho ut til eit heilt anna publikum.

– Eg har stor beundring for MGP, mest av alt på grunn av den store takhøgda. Det er kanskje den scena som har størst mangfald i musikkuttrykk i Noreg, seier artisten.

Feleinspirert vokal

Låta ho skal delta med har fått namnet «Eya». Nokre av musikarane ho har med seg på den innspelte versjonen, er Thov Wetterhus og Mattias Thedens.

– Albumet Stålslått av Thov er eitt av dei norske favorittalbuma mine, han er heilt rå. Og Mattias er i ferd med å ta både Noreg og verda med storm med Gangar. Bidraga deira har mykje å seie for låta, dei er verkeleg med på å sette stemninga. I tillegg er mange av vokalfraseringane mine inspirert av felespel. Det er meir norsk tradisjonsmusikk med i musikken min enn det folk kanskje tenkjer over, for eg set det inn i ein ganske annan kontekst.

Det er viktig for Ingrid Jasmin å delta med ein låt som representerer ho som artist og som er tru til den musikalske bakgrunnen hennar når ho skal delta i ein konkurranse som MGP. Ho har bakgrunn frå norsk, spanske og latinamerikanske tradisjonar, i tillegg til pop.

Vinnarambisjonar

– «Eya» er kanskje noko som skiller seg ut frå andre innslag ein er vand med å sjå i MGP-samanhengen, så eg er veldig spent på korleis publikum tek den imot. Eg gler meg veldig til å vise den fram, seier ho.

Om det er andre folk med henne på scenen, og eventuelt kven dette er og kva dei skal gjere, kan ho ikkje røpe foreløpig. Det er hemmeleg fram til laurdag. Men ambisjonane og drømmane er klare.

– Eg vil så klart vinne! Men eg er uansett kjempeglad for å få delta og for å få moglegheiten til å vise musikken min for eit større publikum.

Ingrid Jasmin fortel at motivasjon for henne for å delta i MGP, er at ho vil bidra til å gjere tradisjonsmusikken meir synleg på dei større scenene.

– Folkemusikken har ufortjent liten plass i samfunnet, synest eg. Så det er veldig stas at også Gåte er med i MGP i år. Eg heier på dei!

Ingrid Jasmin gav i 2022 ut debutalbumet Luna, som ho mottok vann Spellemann for i open klasse.