Neste veke kan du blant anna gå på kurs i vestfoldspringar, improvisasjon, teater og hardingfele, eller du kan lage dine eigne treski. Vinterfestivalen startar snart, og Raulandsakademiet blir fylt med folk som er interesserte i tradisjonsmusikk, dans og handverk.

Kvart år i veke 7 blir Vinterfestivalen arrangert på Rauland av studentar og tilsette ved Universitetet i Søraust-Noreg sin campus der. Veka startar med kurs i mange ulike disiplinar, workshops i musikk og dans, før helga blir avrunda med eit rikt konsertprogram og ikkje minst den tradisjonsrike Vinterkappleiken.  

Kurset som først blei fullteikna, er eit kurs i felerosing med Ottar Kåsa. Der får deltakarane innføring i korleis ein dekorerer feler, og på kurssida står det at ein brukar tusj og pennesplittar på papir, men at ein også kan ta med eigen tregjenstand om ein vil prøve der.  

Rosekurset og skimakarkurset, i tillegg til kurs i bandveving og i slovakisk knipling går over fleire dagar, medan mange av musikk- og dansekursa går over nokre timar.  

Vilde Westeng tevlar i halling på Vinterkappleiken 2022. Foto: Gudrun Semons.

Mellom anna skal Jan Beitohaugen Granli halde hardingfelekurs for vidarekomande, Magnus Wiik skal ha kurs i impro, instituttleiar Stian Roland skal ha kurs i valdresspringar og instituttnestleiar Andrea Rygh skal ha kurs i vestfoldspringar saman med Benjamin Rygh.  

Festivalen satsar stort på dans, og mellom anna skal Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen vise framsyninga Òme fredag kveld. Utover både fredags- og laurdagskvelden er det sett opp fleire dansekonsertar med både kvedarar, felespelarar og munnharpespelarar.  

Etter kappleiken laurdag skal Per Anders og Ingvill Marit Buen Garnås ha konsert, før munnharpetrioen til Kenneth Lien, Anders Røine og Thov Wetterhus tek over. Kvelden blir avslutta med festivalklubb der Kenneth Lien og Center of the Universe spelar opp med sin folkemusikkelektronika.  

Heile festivalen blir avrunda søndag formiddag med Lars Erik Øygarden, der han skal spele på Myllarfela av Erik Johnsen Helland, laga i 1863. Denne fela skal ifølgje sikre kjelder ha tilhøyrd Myllarguten.  

Johanna Seim under ein konsert på Vinterfesitivalen 2022. Foto: Gudrun Semons.
I år som i 2022, skal Kenneth Lien spele så folk får dansa på Rauland. Denne gongen skal han ha dansekonsert med munnharpetrioen han har saman med Anders Røine og Thov Wetterhus, og spele på festivalklubb med Center of the Universe. Foto: Gudrun Semons