Trettande dag jol blei Draumkvedet markera med ein heil Folkemusikktime. Det var sjølvsagt sers høveleg, men eg er nedslegen.

Det byrja med ein «revy» over tidlegare innspelingar og opptak av Draumkvedet. Fyrst Aslak Høgetveit, som vel var den fyrste det blei gjort systematisk Draumkvedet-opptak med. Siste halvtimen gjekk til Kim Rysstad sin nye versjon med Kringkastingsorkesteret, i sin heilskap. Ei god innspeling. Røysta til Kim Rysstad og setesdalsmålføret stend godt til Draumkvedet.

Likevel er eg djupt nedslegen. Grunnen er at ein i presentasjonen av tidlegare innspelingar utan eitt ord utelet innspelinga som har sett standarden – det kunstnarleg tidlause storverket Agnes Buen Garnås, med Knut Buen, Kåre Nordstoga, Harald Gundhus og Warren Carlström gav ut i 1984. LP-en «Draumkvedet» vann sjølvsagt, utan røynleg tevling, Spelemannprisen det året.

Folkemusikkredaksjonen i NRK kjenner sjølvsagt plata. Dei kan ikkje ha gløymd ho i farta, so kjernespursmålet blir: Kvifor styrte redaksjonen unna akkurat Agnes & co i oversynet over Draumkvedet-innspelingar?

Var det ikkje plass til den akkurat denne gongen? Er produksjonen so kjend at det ikkje er naudsynt å ha no med? Har me fått nok Agnes Buen Garnås sidan ho blei via eit heilt program då ho fylde 70?

Agnes Buen Garnås vann spellemannpris for 'Draumkvedet' i 1984 (Kirkelig Kulturverksted). Kvifor blei ikkje utgjevinga nemnd i Folkemusikktimen trettandedagen? undrar Ragnar Nordgreen. (Omslag utforma av Tor Lindrupsen)

Er det slike svar eg kan vente – hvis eg ikkje berre møter tausheit? Då svarar eg attende på forskot: Det held ikkje, ikkje i det heile teke!

Tvert er det viktig å gjera folkemusikklyarar, og Draumkvedet-framførarar av idag, kjend med dette standardverket. Femogtredve år seinare held innspelinga stand som den suverent beste av alle som er gjort av Draumkvedet. Ja, den er ei av dei mest storfelde plateinnspelingar tufta på norsk folkemusikk som overhovudet er gjeven ut.

Det kjem Trettand’dagar etter dette, NRK. Då veit de kva de har å gjera.