I Folkemusikk nr. 4/2023 fortel vi den ukjende historia om gloppar, spelemann og fengselsfugl Jeremias Henden. Den lange artikkelen har ei lang litteraturliste som ikkje fekk plass i magasinet, så den får du her saman med innleiinga til artikkelen.

KJELDER OG LITTERATUR

  • Bjørn Aksdal og Sven Nyhus (1988): Innføring i norsk og samisk folkemusikk, Universitetsforlaget
  • Einar Galaaen (1988): Rørosmusikken i polstakt
  • Ove Eide (2002): Hundre år med STIL – Sandane turn- og idrettslag 1900—2000
  • Einar Gjærevold, John Ole Morken, Anders J. Reitan (2018): Den store leken. Anders Haugen. Spellmann på Rørosvidda
  • Anders Haugen (1925): Gamle spellmenn fra Røros og nabobygdene, artikkelserie i avisa Fjeld-Ljom
  • Mons Henden (1963): Hennebygda – ei kultursoge. Eige forlag
  • Johan Kaldager (1978): Musikklivet i Sandefjord før 1900. A/S Handelstrykkeriet
  • Leif Arnold Loen og Olav A. Loen (1947): Firda ungdomslag gjennom 50 år. Festskrift 1896—1946
  • John Ole Morken (2021): Lyden av gammeltia. Magasinet Folkemusikk
  • Rolf Myklebust (1982): Femti år med folkemusikk. Samlaget
  • Edvard Os (1963): Eid idrettslag 1863—1963. Idrettsliv i Nordfjord i 100 år
  • Anders Jonsen Reitan (1936): Ålen. Eige forlag
  • Rørosbok-komitéen 1957-1974: Rørosboka, bind 3–5.
  • Reidar Sevåg og Olav Sæta (1995): Norsk Folkemusikk. Serie II. Slåtter for vanlig fele, bind 3. Universitetsforlaget
  • Ivar Streitlien (1973): Tynset bygdebok. 1—2 Gard og ætt. Elverum trykk A/S
  • Arne M. Sølvberg 1996): Nordfjordslåttar. Heilo/Grappa
  • Arne M. Sølvberg (2018): Alfred Maurstad. Innspelingar fra 1927 til 1962. Aksent
  • Aud Mikkelsen Tretvik: Ålen og ålbyggen. Bind 1–3, Holtålen kommune, 1989, 1993, 1998

Her finn du heile artikkelen, som først blei publisert i Folkemusikk nr. 4/2023.

I fangealbum 1857–1913 for botsfengselet i Kristiania har Jeremias Henden fått nummeret 10565. Han er avbilda i fangedrakt og med eit speil bak der ein ser profilen hans. Kjelde: Digitalarkivet

Skriftleg arkivstoff frå: Arne Bjørndals samling, Kraftmuseet, Fylkesarkivet i Vestland (Folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane), Nasjonalbiblioteket, Nordlandsmuseet, Norsk Senter for folkemusikk og folkedans, og private samlingar og notesamlingar

Lydkjelder ved: Arne Bjørndals samling Fylkesarkivet i Vestland (Folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane), Norsk Folkemusikksamling, Norsk Senter for folkemusikk og folkedans, NRK og private samlingar

Nettkjelder: Arkivverket, Digitalarkivet, Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet, Store norske leksikon, Wikipedia

Diverse årgangar av avisene: Arbeiderbladet, Arbeidet, Arbeidets Rett, Aura Avis, Bergens Aftenblad, Bergens Annonce Tidende, Bratsberg Blad, Folketidende, Firda Tidend, Fjordabladet, Fjordenes Blad, Fjordenes Tidende, Fjordingen – bygdeblad for Nordfjord, Hardanger Folkeblad, Hardanger, Hordaland Folkeblad, Jarlsberg og Larviks Amtstidende, Kristiansundsposten, Nordfjord, Politiken, Social-Demokraten, Sogningen, Søndmøre folketidende, Søndre Trondhjems Amtstidende, Tidens Tegn og Østerdølen

Diverse årgangar av tidsskrifta: Arbeidsmanden (Oslo 1945) medlemsblad for Norsk arbeidsmandsforbund, Fauskeboka, Jul i Nordfjord, Kjelda – nytt frå arkivarbeidet i Sogn og Fjordane, Ljøren – sogeskrift for Gloppen, Magasinet for alle, Norsk idrætsblad (trykt utg.) – organ for alslags sport, Polititidende – årganger fra 1902 til 1921, Spelemannsbladet  bladet for folkemusikk og bygdedans, Årbok for Nordfjord, eit skrift for folkeminne og kulturminne

Muntlege kjelder/samtalar med: Anders J. Reitan, Arne M. Sølvberg, Caroline Martha Torrissen, Hans-Hinrich Thedens, Ivar Mogstad, Jonas Reitan, Jostein Aardal, Jørn Øyrehagen Sunde, Karl Petter Mork, Kjell Thue Marianna Herfindal Johannessen, Ove Eide, Sigbjørn Apeland, Siri Jordal, Steinar Prytz, Svein Hjellbakk, Yngve Nedrebø

Jeremias Henden vart gravlagt 7. juni 1923 på Fredly gravplass ved Sandane. Foto: Ove Eide

Her finn du heile artikkelen John Ole Morken har skrive om glopparen, spelemannen og fengselsfuglen Jeremias Henden. Teksten blei først publisert i Folkemusikk nr. 4/2023.

Innleiing

I soga om folkemusikken og felespelarar les vi mest at dei var gode til å spele, at dei kunne mange slåttar, at dei hadde mange som lærte hjå seg og at dei vart mykje brukt som spelarar til dans. Sjølve liva dei levde, er som regel ikkje nemnd.

Ein av dei som har fått eit eventyrleg ettermæle, er Jeremias Henden (1879–1923) frå Gloppen i Nordfjord. I ein artikkel frå 1979 skriv forfattaren, Petter Eide (1925–2018): «Ein Peer Gynt frå Gloppen, evnerik som få og fysisk velutrusta, alltid på farten, opplesar, utøvande musikar, komponist, musikkinstruktør, språkkunnig portier, snedig kar, kunne bryting og boksing, anleggs-slusk, reparatør, mekanikar, og montør, grand signor på dansegolvet, eineståande som kamerat, nedstukken i bakhald, loffer, ofte pengelens, men først og sist meisterspelemann på fela si».

Ove Eide, etterkommar av Kristen Henden som var Jeremias sin bror, sa det slik i ein tale under Jeremias-festivalen på Sandane i 2013: «Slekta har nok hatt eit dobbelt blikk på Jeremias-en. På den eine sida: stoltheit over å vere i slekt med han som skreiv «Sulitjelma- galoppen», på den andre sida: litt reserverte overfor bohemen, omstreifaren – han som skilde seg ut i familien. Han som bytte bort komposisjonar mot alkohol. Jeremias Henden levde eit liv det er lett å romantisere – han innfrir mange av kunstnar-mytane. Men vi skal vere varsame med å gjere eit slikt liv til ei romantisk forteljing. Eg vel å sjå Jeremias Henden som ein overgangsfigur – i historisk forstand. Han reiste frå eit grisgrendt bondesamfunn til mange av dei nye industristadane som voks fram i Noreg frå slutten av 1800-talet og inn i det 20. hundreåret – og deltok i moderniseringa av landet – i Odda, Sauda, Sulitjelma og Rjukan, Kristiania og Bergen. Han braut med forventningane til eit borgarleg tilvære på Sandane, der broren Kristen var bokhaldar og samfunnsstøtte. Jeremias var kunstnar-talentet som valde vegen ut frå det lokale.»

Som musikar og felespelar var han ein einar. På den andre sida var mykje av livet på reise med lova i hælene. Nokre gonger vart han innhenta og måtte sone si straff. Sjølv om han vart straffa, har ettertida heidra Jeremias. Han har fått ein plass blant dei «viktige spelemennene» i si tid i Noreg og han har fått ein eigen festival, Jeremiasfestivalen på Sandane.

Ove Eide oppsummerer det slik:

«I dødsmeldinga som vart skriven ut i 1923 heiter det: ‘Avdøde eiet intet’. Så feil kan ei kort setning vere: Jeremias Henden eigde ingenting. Han åtte nok lite av materielle gode, men han åtte noko som skiparane av Jeremias-festivalen har forstått – og som de her i salen forstår – og som festivalen formidlar til vår samtid, 90 år etter at han døydde: ein stor musikalsk arv.»