Kappleikssesongen er igang, og sjølv om det framleis er ein del som blir avlyst, er det likevel fleire moglegheiter for dei som ønsker seg god, gammaldags kappleiksstemning fleire stader i landet.

Den første kappleiken ut, og som blir arrangert, er Vinterkappleiken på Rauland. Den er del av Rauland internasjonale folkemusikkfestival, ein festival som er arrangert av studentar og lærarar ved Universitetet i Søraust-Noreg si avdeling der. Frå måndag 14. til og med laurdag 19. februar er det eit innhaldsrikt program på festivalen, med mange kurs i ulike handverksgreiner og workshopar i mellom anna felespel, munnharpe, improvisasjon og dans.

Fredag kveld er det konsert med Ævestaden og Storm Weather Shanty Choir. Laurdag går Vinterkappleiken av stabelen, med tevling i dei fleste klasser for store og små. Det blir også fleire dansekonsertar i løpet av helga, og her er det Ottar Kåsa, Kenneth Lien, Lars Erik Øygarden og Hans Kjorstad og Anders Røine som står for musikken.

Vinterkappleiken i veke 7 går etter alt å dømme av stabelen som han plar. Her tevlar vinnaren av hallingklassa på kappleiken i 2018, Even Ellegaard Westeng, til spel av Anders Erik Røine. (Foto: Audun Stokke Hole)
Ny dato for fylkeskappleik i Sogn og Fjordane er førebels ikkje fastsett. Her dansar vinnarparet i runddans på kappleiken i 2015, Tormod Øvrebø og Anne Lovise Drevdal. (Foto: Sogn og Fjordane folkemusikklag)

Markenskonsert, men ikkje kappleik

Helga etter Vinterfestivalen er det Kongsbergmarken. Her bruker den tradisjonsrike Markenskappleiken å bli arrangert, men i år har arrangørane bestemt at denne blir avlyst. Likevel blir det eit kulturprogram på fredagskvelden den 25. februar, der Lars-Ingar Meyer Fjeld skal sleppe boka han har skrive om felemakaren Olav K. Venås. Det blir utstilling av Venås-feler og konsert med felespelarar som speler på instrument Venås har laga.

Sjokoladekappleik i Bergen

Bergen ungdomslag Ervingen skal arrangere Hordakappleik i år. Datoen er 19. mars, og staden er Gimle. Samstundes med den vanlege kappleiken, blir det også arrangert sjokoladekappleik for dei yngste. Arrangørane har også valt å dele inn kappleiken med tydelege tidspunkt utover dagen, der deltakarane på sjokoladekappleiken og juniorane er først ut, medan seniorklassene skal tevle på kveldstid. Eit punkt på programmet om ettermiddagen er også familiefolkedans.

Avlyste fylkeskappleikar

Sogn og Fjordane folkemusikklag valte i slutten av januar å avlyse fylkeskappleiken i år på grunn av smitteverntiltak som gjer det vanskeleg å planlegge kappleik. Denne skulle ha blitt arrangert i slutten av mars. Møre og Romsdal folkemusikklag har også avlyst fylkeskappleiken sin i vår, men dei har sett opp ny dato i helga 21-23. oktober. Denne kappleiken skal bli arrangert i Ulsteinvik, som også var planen for våren 2022.