Landets første og eldste treff i sitt slag er populær som aldri før. På Vågåtreff nummer 42 vart det gjort ekstra stas på arrangøren. Trekkspelklubben vart tildelt Vågå kommunes kulturpris.

Toppbilete: Minnekonserten etter Hjalmar Moen vart avrunda ved at alle aktørar spelte polsen «Stompen» under leiing av Arne Stasviken. Heile konserten var vigd til komposisjonar av Moen sjølv.

Etter ein bølgjedal som nådde botnen for ein ti år sia, har det vore stigande oppslutning om Vågåtreffen i seinare år. Sist helg måtte det stellast i stand tre danseplassar på Vågå Hotel, slik at bortimot 50 gammaldansgrupper og fleire hundre dansarar fekk tilfredsstilt speleglede og danselyst.

På minnekonserten etter Hjalmar Moen spelte Jon Faukstad «Idealmasurka», her Moen har henta inspirasjon frå fransk musettestil.
Hjalmar Moen (1920–2005) vart heidra med minnekonsert på Vågåtreffen i år. Her er Moen i 2001 etter å ha fått Vågå kommunes kulturpris.

Pølsemakar og komponist

Årets treff kunne by på ein ekstra rosin i pølsa. Vågåtreff nummer 42 på like mange år tok til med ein vidtfemnande minnekonsert etter Hjalmar Moen (1920–2005). Moen var pølsemakar i det daglege, og på fritida svært så aktiv musikar og komponist. Han skreiv heile 580 komposisjonar over eit stort musikalsk spekter, blant anna 56 marsjar – synleggjort ved at Lalm og Vågå musikkforening opna treff og minnekonsert med «Eidefossmarsjen».

Programleiar Trond-Ole Haug vaks opp i etasjen over Moen på tenestebustaden til Vågå handelsforening. Haug gav eit fulltalig publikum i Vågå kulturhus solid innblikk i den smålåtne heiderskarens liv, krydra med mange gode «rispo», gode historier, innimellom 15 konsertinnslag. Moen var slagferdig og ordhittug, ein replikkens meister, og ein perfeksjonist i alt han gjorde, understreka Haug. «Hjalmar-kjøtkaku» og «Hjalmar-pysje» har vorte ordtak som vitnar om kvalitet, det finst ‘kje maken … og enda har vi ikkje nemnt idrett og fiske.

Det var ein tidlegare elev av Moen, Dag Gården, som tok initiativ til minnekonserten og hadde plukka repertoar, alt komponert av Hjalmar Moen. Her kom mange av dalens fremste med trekkspel på sitt fang, mellom andre professor Jon Faukstad, læremeister for dei fleste andre denne kvelden, og spelte «Idealmasurka» i musettestil.

To trøndarar hausta stor applaus, sjølv om eine felestrengen rauk, slik at det vart både pause og felebyte på Thomas Lomundal. Da han og Ronny Kjøsen var klar att, spelte dei den smektande tangoen «Høsttanker», og «Ottars reinlender», kanskje tileigna trekkspelkollega Ottar Akre?

Asta Soffia Torgeirsdottir og Kristina Farstad Bjørdal framførte konserthallingen «Svenneprøva» av Jo Asgeir Lie.
Den lokale duoen Leif Inge Schjølberg og Dag Gården spelte springleiken «Minne um dei tri», som Kristian Gården tileigna lomværene Johs. Langøygard, Sjugurd Garmo og Mathias Bakken.

Vågåfat og kulturpris

Vanlegvis er heidersprisen Vågåfatet høgdepunktet på mønstringskonserten, som er fast post på treffen laurdag ettermiddag. Det første fatet fekk Oddvar Nygaard og Ola Opheim i 1976, oppstartåret til både treffen og Vågå trekkspelklubb. Hjalmar Moen tok imot Vågåfatet i 1981.

Da ordførar Iselin Vistekleiven laurdag kom på scenen, vart det eit nytt høgdepunkt på mønstringskonserten. Ordføraren kalla fram Arne Stasviken, musikalsk leiar dei siste 21 åra, og ny klubbleiar Rikard Odnes (23) for å ta i mot Vågå kommunes kulturpris med diplom og sjekk på 10 000 kroner. Kulturprisen blir utdelt annakvart år.

– Mange meiner nok at trekkspelklubben skulle fått kulturprisen for lenge sia. Men, når ein har så rikt eit kulturliv som i Vågå, er det gjerne slik at dei beste kjem til slutt. Dette er ein velfortent pris, understreka ordføraren til ståande applaus frå fullsett sal. Ola Grøsland jubilerte som stø programleiar for tjugande året på rad.

Så kom turen til Vågåfatet 2018. Det gjekk til heiderskaren Syver Olstad (51), lomvær busett i Mo i Rana som har vore på mest kvar ein treff frå han var 15 år gammal i 1982. Den lettspurte multimusikaren har trekkspel som hovudinstrument og røynsle frå mange orkester, heime som nordafor. Fredag deltok han på minnekonserten med «Caramba», ein paso doble i samspel med Eilev Øverbø. Laurdag kvitterte han for Vågåfatet med jazzklassikaren «On the sunny side of the street» og eigenkomponerte «Bodils vals».

Men det var ikkje slutt på heideren med dette. Klubbleiar Rikard Odnes tok treffgeneralen på senga, som det heiter, da han «på direkten» utnemnde Arne Stasviken til æresmedlem. Stasviken har vore musikalsk leiar for trekkspelklubben dei siste 21 åra, Vågåtreff-leiar dei siste ti åra og aktiv medlem frå 1980. Nå syng han på siste verset som leiar. Mads Erik Odde overtek dirigentstokken neste år. Kven som blir ny treffleiar er ikkje avgjort, men to er sikkert: Vågå trekkspelklubb og Vågåtreffen spelar vidare.

Musikalsk leiar Arne Stasviken (t.v.) og klubbleiar Rikard Odnes tok imot Vågå kommunes kulturpris for 2017 av ordførar Iselin Vistekleiven. Stasviken vart også utnemnd til æresmedlem i Vågå trekkspeklubb.
Trønderduoen Thomas Lomundal (t.v.) og Ronny Kjøsen fekk solid applaus for tangoen «Høsttanker» og «Ottars reinlender» på minnekonserten etter Hjalmar Moen – etter at Lomundal hadde roke ein felestreng.
Dei åtte jentene i Lom juniorspelmannslag, under leiing av Kristin Kolden (t.h.), imponerte med framifrå slåttespel i ein springleik etter Rolv Gaupar.