Før jul gjekk mangeårige leiar av Nordnorsk Folkemusikksamling ved Tromsø Museum, professor Ola Graff, av med pensjon. Lite tyder på at stillinga hans vil bli ført vidare i noverande form, og bekymringsmeldingane har tikka inn frå fjern og nær. Dei store folkemusikkinstitusjonane har sendt inn fråsegner der dei etterspør kva som skjer vidare.

Historia om Nordnorsk Folkemusikksamling startar ikkje med professor Ola Graff, men det er inga overdriving å uttale at utan han hadde ikkje denne samlinga sett slik ut. Eit døme er at Graff heilt medvite har samla inn samisk, kvensk og norsk musikk, både gjennom eiga innsamling og gjennom omfattande innhenting av stoff frå andre arkiv og samlingar.

Slik har Nordnorsk Folkemusikksamling blant anna skaffa seg verdas største samling av samisk joik. Rundt rekna 7000–8000 joikeopptak finst av originalopptak, i tillegg kjem 3000–4000 kopiar frå andre arkiv. Til samanlikning kan nemnast at NRK Sápmis tilsvarande arkiv har om lag 800 joikeopptak.

Ola Graff (t.v.) i lag med to joikarar, nordsamiske Niko Valkeapää og sørsamiske Charlotta Kappfjell, i samband med arrangementet «Lyden av joik» på Nasjonalbiblioteket i Oslo, februar 2017. (Foto: Silje Hegg)

Unik samling

Sjølve samlinga er oppretta av Arnt Bakke i 1949 i regi av Tromsø Museum. Men frå starten av hadde ein ingen fast leiar. Arnt Bakke dreiv med innsamling på privat basis, men i siste aktive perioden var arbeidet basert på støtte frå NAVF, no kalla berre Noregs forskingsråd. Ikkje før i 1982 kom det på plass ein tilsett, Ola Graff. Han blei innstilt som stipendiat, og frå 1986 blei han fast tilsett som konservator, ei stilling han har hatt sidan, heilt til han gjekk av som pensjonist no før jul i 2019.

Samlinga er kjenneteikna ved at ein her har samla materiale frå både norsk, samisk og kvensk kultur. Slik har Ola Graff gjennom nesten 40 år greidd å samle inn, arkivere, drive med formidling og forsking på heile den norsknorske folkemusikkarven. Denne samlinga er unik i sitt slag, ikkje minst ved at samlinga har fått stor verdi for mange innanfor musikkfeltet og kulturfeltet.

Slik har ein etablert ei fleirkulturell samling på Tromsø Museum / Noregs arktiske universitetsmuseum, ei folkemusikksamling som står i ei særstilling i norsk samanheng. Samlinga har hatt ei sentral rolle i å integrere Nord-Noreg i det totale biletet av tradisjonar i Noreg.

Usikker på framtida

Men kva skjer no? Folkemusikk har slått av ein prat med Ola Graff, som no har gått over i pensjonistrekkjene.

– Korleis opplever du det som no skjer?

Det har ikkje vore noko snakk om at stillinga mi skal vidareførast, elles ville ein vel gjeve signal om det for lenge sidan.

– Kva tyder dette, er ein ikkje klar over kva for skattar ein sit på her?

Me gjekk gjennom samlinga no i november, altså heilt nyleg. Fyrst då trur eg ein skjønte noko meir av kor omfattande og mangfaldig samlinga er, med både lyd, video, bilete, notar, manuskript, litteratur og annan dokumentasjon. Elles har Tromsø Museum nyleg vore gjennom ein samanslåingsprosess med to andre einingar på universitetet, kunstfag og musikkonservatoriet, og mykje er diffust i den samanhengen.

«Tromsø Museum har nyleg vore gjennom ein samanslåingsprosess, og mykje er diffust i den samanhengen.»

Ola Graff

Mange støtteerklæringar

Det har kome viktige innspel, både direkte og indirekte, frå folkemusikkmiljø rundt om i landet: Folkemusikk Nord, Norsk Folkemusikksamling, Norsk senter for folkemusikk og folkedans (NSFF), Noregs musikkhøgskole og FolkOrg. Vidare har einskildpersonar engasjert seg, slike som komponisten Lasse Thoresen, og Ove Larsen frå Høgskolen i Nesna.

Thoresen skriv for eksempel i samband med eit nyskrive musikkverk: «Lydkildene som Ola Graff henviste meg til, har vært helt uunnværlige for meg i skrivingen av verket. Han viste meg dokumenter av samisk joik som jeg aldri hadde hørt maken til, han kontaktet bekjente i det samiske miljøet for å innhente tillatelse for meg til benyttelse av stoffet fra joikerne, han informerte meg om opphavsrettsproblematikk slik den praktiseres i det samiske miljøet …»

Thoresen legg vekt på at bruken av arkivet og formidlinga er sterkt avhengig av ein kjentmann som kombinerer kunnskap om innspelingane med forskingsbasert innsikt og eit nettverk inn i miljøet som har levert mesteparten av stoffet i arkivet.

Frå Nesna kjem det òg klar tale: «Det er vel ingen overdrivelse å si at hans (Ola Graffs) rolle innenfor dette arbeidet har vært av stor betydning for kjennskapen til nordnorsk folkemusikk- og samisk joik.» Professorane Ove Larsen og Paal Fagerheim skriv at samlinga treng ein leiar med høg akademisk utdanning som gjer at Nordnorsk Folkemusikksamling kan fylle rolla som eit senter for innsamla materiale, samtidig som ein har den akademiske kompetansen til å forske på og formidle samisk joik og nordnorsk folkemusikk.

Ola Graff var ein av tolv eldsjeler som samla inn nordnorsk folkemusikk som del av eit toårsprosjekt 1989–1991. Her er innsamlarane samla til seminar på Tromsø museum i 1990, og Graff poserer med bandopptakar for Bladet Tromsøs fotograf. (Foto: Leif-Arne Danielsen, iTromsø)

Er løysinga digitalisering?

– Kva har svaret frå museet og universitetet vore?

Jo, ein svarar at «sjølvsagt skal folkemusikksamlinga bestå». Men kva ein gjer konkret med tanke på ei stilling knytt til samlinga, er meir uklart. Det har for eksempel ikkje vore nokon vilje til å vidareføre det faglege ved samlinga, altså etnomusikologi som fagområde. Utlysingsteksten til ei ny doktorgradsstilling som blei lyst ut før jul, har lite som handlar om krav til arkivkompetanse eller bakgrunn frå etnomusikologi.

Ola Graff er difor usikker på om den kompetansen og kunnskapen han har bygt opp, blir ført vidare. Fleire skriftlege førespurnader frå folkemusikkhald til leiinga ved universitetet har heller ikkje gjeve meir konkrete svar på dette.

– Kan det vera slik at ein ser for seg at ein kan «digitalisere» seg bort frå den jobben ein arkivar gjer?

 – Det kan vera ein tanke som ligg bak. Men sjølv om alt i framtida blir digitalisert, vil behovet for fagleg kompetanse gjennom oversikt, forståing av samanhengar og rådgjeving framleis vera fullt til stades. Og med tanke på det store materialet som finst, er digitaliseringa nokså uoverstigeleg. Eg har vore med på å leggje ut ca. 800 kutt som er lett tilgjengelege digitalt, men dette er eit stort arbeid. Ein skal blant anna skaffe løyve frå utøvarar og etterkomarar av utøvarar. Og med ei samling på mellom 7000 og 8000 joikar seier det seg sjølv kva for arbeidsoppgåve dette er, ei arbeidsoppgåve som absolutt krev spesialkompetanse.

– Kva tenkte du då du forstod kva som var på gang?

– Det sterkaste var opplevinga av mangel på forståing for kva dette handlar om, kva det fagleg inneber, og kor viktig dette arbeidet er for det kulturelle miljøet. Ein kan få inntrykk av at musikk blir sett på som eit mindre viktig fagområde.

«Ein kan få inntrykk av at musikk blir sett på som eit mindre viktig fagområde.»

Ola Graff

Tillit innanfor det samiske

I tillegg til desse støtteerklæringane har Ola Graff vore i dialog med det samiske miljøet. Og det er ingen løyndom at Nordnorsk Folkemusikksamling har hatt og har stor tillit i store delar av det samiske miljøet i Nord-Noreg. Dette har Ola Graff blant anna fått til gjennom både skriftleg og munnleg formidlingsarbeid, men òg forsking.

Han gav blant anna ut boka Om kjæresten vil jeg joike (2004), som byggjer på doktoravhandlinga hans og handlar om ein utdøydd sjøsamisk joiketradisjon. Han har òg bak seg boka Av det raudaste gull (2005), om tradisjonsmusikk i nord. Denne omhandlar historia til både samisk, kvensk og norsk musikk i nord. Dette var den fyrste større presentasjonen av det rikhaldige materialet i Nordnorsk Folkemusikksamling.

Joikaren Johan Sara jr. frå Masi seier i ein kommentar at det er svært problematisk om dette viktige arbeidet til Ola Graff ikkje blir vidareført. Han ser for seg at både Sametinget og Samisk høgskole må på banen, at ein må lage ein plan. Han seier òg at det skal mykje til å finne éin person som kan erstatte Ola Graff, som greidde å famne om desse tre musikkulturane, men at det bør setjast ned ein komité, og at ein må få til eit spleiselag for å ta hand om dette materialet. Han ser klart for seg at denne uerstattelege samlinga må fortsetje å vera i Tromsø. Han er òg open for at samisk ekspertise til dømes gjennom Samisk komponistforening kan trekkast inn.

Johan Sara jr. minnest tida då han studerte musikk i Tromsø; han brukte ofte å ta turen til Tromsø Museum og Ola Graff for å få tilgang på nytt materiale. Han delte med seg av ein enorm kunnskap og hadde fantastisk oversikt, ifylgje Sara. For han er det viktig at dette materialet blir endå meir tilgjengeleg. Sara er òg oppteken av at arbeidet med å integrere det samiske i det norske må fortsetje, eit arbeid der Ola Graff har vore viktig.

Her på Tromsø museum, nære sørspissen av Tromsøya, held Nordnorsk folkemusikksamling til. Museet vil at samlinga framleis skal vera tilgjengeleg, men har ikkje klart for seg korleis dette skal løysast. (Foto: GAD, wikimedia CC BY-SA 4.0)

Noregs arktiske universitetsmuseum svarar

Folkemusikk har spurt instituttleiar ved Noregs arktiske universitetsmuseum, Geir Rudolfsen, om kva dei har av planar og tankar omkring framtida til Nordnorsk Folkemusikksamling, litt med bakgrunn i dei reaksjonane og tilbakemeldingane som har kome frå ulike hald innanfor Folkemusikk-Noreg.

Rudolfsen er relativt ny i denne stillinga, men er fullt klar over det store arbeidet Ola Graff har lagt ned i arbeidet med Nordnorsk Folkemusikksamling. Han rosar Graff ikkje minst for den tilliten han har oppnådd for å få moglegheiter til å gjera opptak av samtalar og musikk.

– Dette krev ein unik kompetanse på det mellommenneskelege planet, på det å bygge opp tillit og respekt. Eg er òg klar over at samlinga – eigentleg er det vel fleire samlingar – femner vidt og har eit innhald med stor kompleksitet, seier Rudolfsen.

Han slår fast at med den nye situasjonen har ikkje Noregs arktiske universitetsmuseum lenger tilgang på denne kunnskapen, i og med at Ola Graff har blitt pensjonist.

– Ola er framleis knytt til museet som professor emeritus og kan bidra etter evne. Men han har ikkje lenger kurateringsansvar, noko som ein merkar ekstra godt ved ein slik avgang.

– Hovudspørsmålet blir då sjølvsagt kva konkret som skjer vidare med Nordnorsk Folkemusikksamling?

– Noregs arktiske universitetsmuseum søkjer å finne måtar å gjera samlinga tilgjengeleg, slik at folk kan få nytte seg av samlinga, anten det gjeld meir ålment eller i samband med forsking. Heilt korleis dette kan løysast på beste måte, har me enno ikkje heilt klart for oss, men me ser at framtidige løysingar må bli på ein litt annan måte enn slik det har vore. Dette inkluderer òg den kompetansen som trengst for å føre arkivet vidare.

– Status pr. i dag er at kompleksiteten i samlingane er krevjande med tanke på alt ein har av metadata som ikkje er digitaliserte; dette kan gjelde både heilt og delvis. I tillegg kjem krevjande arkivfaglege problemstillingar knytte til opphavsrett og offentleggjering. Her er det nødvendig med kompetanse av ulikt slag, teknologisk kompetanse knytt til musikk og lyd, vitskapleg og arkivfagleg kompetanse for å møte dei utfordringane betre tilgang til materialet krev. Alt dette må sjåast på bakgrunn av at store delar av materialet ikkje er katalogisert.

«Her er det nødvendig med kompetanse av ulikt slag. Alt må sjåast på bakgrunn av at store delar av materialet ikkje er katalogisert.»

Geir Rudolfsen, Noregs arktiske universitetsmuseum

Grunn til bekymring?

– Kva seier du til dei som har kome med bekymringsmeldingar med tanke på framtida for samlinga?

Bekymringa knytt til både forsking og lokal kunnskap er lett å forstå. Det eg kan seie, er at Noregs arktiske universitetsmuseum har på trappene ei utlysing av ei «førstestilling» knytt til det kulturvitskaplege fagfeltet. Førebels kan eg ikkje avsløre så mykje om kva dette inneber, men det er eit forslag om å gje eit større spelerom når det gjeld fagområde.

– Dette har altså ingen samanheng med den stillinga som blei lyst ut like før jul – som «Stipendiat i musikkvitenskap og musikkarv og tradisjonsmusikk»?

Nei, og det blir altså ikkje ein doktorgradskandidat på musikkonservatoriet som blir ansvarleg for forvaltning av samlingane.

– Folk må vera litt tolmodige med tanke på kva som skjer, og håpe på det beste?

Ja, for museet har inga meir konkret løysing pr. i dag. Men når det er sagt, ynskjer me at samlingane skal vera tilgjengelege, og at fagområdet skal utviklast. Me må rette oss etter dei økonomiske rammene museet har fått. Dette handlar om det faktum at fleire fagområde er for dårleg bemanna i høve til dei behova me har, me har slik eit etterslep på samlingane. Og her håpar eg at folkemusikkmiljøet og andre musikkvitskaplege miljø kan koma med innspel eller ei eller anna form for invitasjon til faglege/økonomiske bidrag. Sagt med andre ord, få til felles prosjekt som kan styrke samlingane og fagområdet. Museet stiller seg ope og ynskjer velkomne initiativ for å undersøkje om der er felles interesser, og kva slags moglegheiter ein ser for seg knytt til ei framtidig nordnorsk folkemusikksamling, avsluttar Geir Rudolfsen.

Artikkelen er henta frå Folkemusikk nr. 1/2020, som er ute i veke 7.