I juni kunne FolkOrg og lokallag igjen arrangere landskappleik, tre år etter førre gong. Som vanleg var det lokalavisene i dei ulike folkemusikk- og dansedistrikta som var mest aktivt til stades og rapporterte frå tevlinga.

Merk: dei aller fleste artiklane som er lenka til i denne artikkelen, ligg bak betalingsmur, slik at du må abonnere på avisa for å lese artikkelen. Nokre aviser samarbeider slik at ein med eitt abonnement kan lese ei eller fleire andre nettaviser. Mange av avisene har òg gode introduksjonstilbod viss du vil prøve eit abonnement – klikk deg inn på artikkelen for meir info.

Vi har funne desse gratis/opne artiklane om Landskappleiken 2022 – tips oss gjerne om fleire:

Endeleg blei det landskappleik att! Det var Tinn spelemannslag, i samarbeid med Seljord folkemusikklag, Falkeriset folkemusikklag og Gransherad spel- og dansarlag, som inviterte til første landskappleiken i Telemark sidan 2011 (den gongen var Seljord arrangør åleine). Verdsarvbyen Rjukan synte seg frå si beste side i strålande sol, med Folkets hus/Rjukanhuset og Saaheimshallen som historiske og tidlause kappleiksarenaer.

Kappleiken var kanskje best eigna for dei lette til beins, med tidvis store avstandar og bratte bakker og trapper. Til gjengjeld var det sett opp eige festivaltog for å ekspedere Vestfjorddalen gjennom dei fem dagane det gjekk føre seg. Slik det ofte er, var rikspressa  – med unntak av Dag & Tid, NRK og musikkmagasinet Ballade – fråverande, medan fleire lokalaviser var til stades.

Heimesiger med valdris: Sindre Tronrud (t.v., Vårflaumen), som vann Fureprisen for året, var òg spelemann då Malin Røysland Skårberg (Tinn) og Torjus Westeng Bakken (Gransherad) dansa seg til siger i Dans hardingfele B. (Foto: Runhild Heggem)

Heimesigrar til Telemark

Lokalavisa Rjukan Arbeiderblad har skrive mykje frå arrangementet i byen. Både om arrangementet generelt, og – som seg hør og bør for aviser som rapporterer frå Landskappleiken – om korleis det gjekk med dei mange frå Tinn som tevla. Tinndølar stakk av med sigeren i B-klassene for dans hardingfele og halling.

Andre arrangørlag markerte seg òg. Sigeren i dans hardingfele B delte Tinn med Gransherad spel- og dansarlag. Vest-Telemark Blad har intervjua to seljordingar, vinnar av hardingfele B Marie Tveiten, og Ragnhild Knudsen som vann hardingfele D.

Andre klassevinnarar frå Telemark var Kristian Hanto og Borghild Hardang-Hanto (frå Nes nasjonale dansarring) i dans hardingfele D, og Ottar Kåsa og Mattis Kleppen i open klasse.

I tillegg vann tevlarar frå Småjondølene frå Jondalen tre klasser: dans hardingfele A, lagdans senior og durspel junior (det skriv Laagendalsposten om). Jondalen ligg i dag i Buskerud/Viken, men er tradisjonelt del av Aust-Telemark der teletradisjonar står sterkt.

Småjondølenes dansarlag frå Jondalen vann seniorklassa i lagdans. (Foto: Knut Utler)
Spelemannslaget Heidr frå Hamar vann Lagspel senior. (Foto: Runhild Heggem)

Innlandsk suksess

Mange av regionane i Hedmark og Oppland, alias Innlandet, gjorde det som vanleg skarpt i tevlingane. Fleire av lokalavisene i regionen har skrive om vinnarar og andre lokale heltar. Dei to kongepokalane gjekk til Astrid Sulheim frå Lom (spel fele A) og Ole Nilssen frå Løten (durspel senior). Nilssen er distriktsmusikar med base i Sunnfjord, og er òg omtalt i Fjordabladet. Nilssen, som representerer laget #Hedmark, vann òg dans fele A saman med Solveig Brekke Hauknes, busett i Vågå.

Lom tok også heim sigeren i Fele C og Lagspel junior, omtalt av ottadalsavisa Fjuken og av GD. Hamaravisa skriv om tjueåringen Trygve Liahagen som vann fele klasse B, og i tillegg var med og vann lagspel senior med Hamar-spelemannslaget Heidr. Saman med kameraten Marius Westling kom han òg på andreplass i klassa gruppespel senior.

Liahagen studerer ved Musikkhøgskolen og bur i Oslo. Hybelkompis i hovudstaden er hardingfelespelar og valdris Sindre Tronrud, som vann over kameraten i Fureprisfinalen – det skriv sjølvsagt Avisa Valdres om. Valdres tok også heim sigeren i lagdans junior og, kanskje ikkje overraskande, langeleik senior. Men juniorsigeren på Noregs dulcimer gjekk til grannane i Hallingdal; den sigeren tok Eirin Tveide Lilleslett frå Geilo spelemannslag.

Mykje av landet representert

Dette var faktisk andre sigeren til Eirin Tveide Lilleslett på Landskappleiken 2022. Første kappleikssigeren tok ho alt første dag, i dans hardingfele klasse C onsdagen, saman med Olav Andreas Stræte Lie frå Ål spel- og dansarlag.

Dei og mange andre skriv Hallingdølen om, for som vanleg gjorde hallingane mykje ut av seg på Landskappleiken. Ål spel- og dansarlag blei kåra til årets lokallag av FolkOrg, og Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr blei nye heidersmedlemmer i landsorganisasjonen. (Martin Myhr er opphavleg trysling, og Lokalavisa Trysil-Engerdal skreiv òg om utmerkinga dei fekk).

Åsmund Jøtun Fauske er blitt første A-klassespelemannen frå Gol, etter fjerde plass i Hardingfele B-klassa – og eldste tevlar på kappleiken var nitti år gamle Knut Myrann frå Nes spel- og dansarlag i Nesbyen. Hallingdølen skriv i ein artikkel om dei to, og om hardingfelespelarar frå Hallingdal i tidlegare tider. A-klassa for hardingfelespel blei forresten vunne av harding Alexander Aga Røynstrand, som er intervjua av Avisa Hordaland. Ostring Hannah Moira Midtbø-Bruner vann C-klassa i hardingfelespel, og vann med det òg ei eksklusiv Steintjønndalen-fele.

Elles var det Salve Håkedal som tok førsteplassen på instrumentutstillinga for hardingfeler; både han og Wiebke Lüders fekk gullmedalje for felene sine. Vokal A-klassa blei vunne av Malin Alander, som bur i Sunnfjord, men representerer OsloFolk – Laget for folkemusikk. Halling A blei vunne av numedøl Bjørnar Blaavarp Heimdal, og Gnist-prisen for godt ungdomsarbeid blei tildelt ekteparet Sølvberg i Stryn. Alle resultata frå Landskappleiken 2022 finn du på denne nettstaden.

Andre lokalaviser som har skrive frå Landskappleiken er Opp (Oppdal), Telemarksavisa, Telen og Setesdølen. Kulturavisane Dag og Tid og Ballade har òg stoff frå Landskappleiken 2022. Er det nokre vi har gløymt, så blir vi takksame om de seier ifrå! I Folkemusikk nr. 3/22 blir det mykje stoff frå Landskappleiken, og her på Folkemusikk.no kjem det òg meir landskappleiksstoff etter kvart.

Ragnhild Knudsen, omtalt i artikkelen, er medlem av redaksjonsrådet til magasinet Folkemusikk.