FolkOrg arrangerte det første heildigitale landsmøtet sitt sist helg. Folkehelse og pengar skapte tilløp til debatt på ein roleg laurdag.

Laurdag 17. april klokka ti sat FolkOrg-medlemmer landet rundt klare, for første gongen benka til landsmøte heime hos seg sjølve. De fleste møta våre er flytta til internett, og no var det FolkOrgs tur til å arrangere landsmøte i heildigitalt format. Alt av framlegg, diskusjon og avstemming gjekk føre seg på nettmøteplattforma Teams, som dei fleste vel hadde rokke å bli kjende med i løpet av året som ligg bak oss.

Berre eit utval arrangørar var til stades på Hamar. Sekstiseks FolkOrg-medlemmer med stemmerett og ein handfull observatørar følgde med på møtet frå rundt om i landet. Dei fleste heldt ut til møtet blei avslutta sju timar seinare, og teknisk gjekk alt nokså smertefritt for seg.

Slik gjekk det føre seg då FolkOrgs langtidsplan blei vedteke på landsmøtet 2017 i Oslo. I år gjekk alt digitalt for seg, og avstemmingane fann stad i programvara Teams. (Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)
Landsmøte i FolkOrg
  • FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans er ein medlemsorganisasjon som mellom anna arrangerer Landskappleiken og gir ut magasinet Folkemusikk.
  • Landsmøtet er høgste organ i organisasjonen. FolkOrgs vedtekter (§5) slår fast at landsmøte skal haldast annakvart år innan utgangen av april månad.
  • Landsmøtet 2021 blei arrangert på Teams. Møtelyden sat rundt i landet og følgde møtet digitalt. Eit landsmøtesekretariat var på plass på Hamar og styrde det heile.

FolkOrg og folkehelsa

Som på andre landsmøte dei siste åra, var det lite diskusjon på møtet laurdag. Mest diskusjon, både i år og for to år sidan, skapte endringa av FolkOrgs føremålsparagraf, som blei endra med 2/3 fleirtal – knappast mogleg når føremålsparagrafen skal endrast – på landsmøtet i 2019.

FolkOrg-styret føreslo den gong å ta ordet «folkehelse» inn i føremålet, slik at FolkOrg no har «som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse». Ei viktig grunngiving for å endre føremålsparagrafen, var at ein ønskte å bli søkarorganisasjon i Extra-stiftelsen (som i 2020 skifta namn til Stiftelsen Dam).

– I juli 2020 fekk vi negativt svar frå stiftinga, sa FolkOrgs styreleiar Hilde Reitan i samband med oppsummering av pandemiåret 2020. – FolkOrg har ikkje søknadsrett, men kan søke saman med ein organisasjon som har slik rett. Vi står for det nye føremålet sjølv om det ikkje har gitt økonomisk utteljing enno. Er det interesse for å endre vedtektene att, står landsmøtet fritt til å gjere det neste gong viss det kjem forslag om det.

Lene Furuli i OsloFolk – Laget for folkemusikk var mellom dei som kommenterte føremålsparagrafen. Ho sakna meir informasjon om styret sitt arbeid med saka, og la til at styret må sikre prosessane betre i handsaminga av slike viktige saker. Også tilsynsnemnda kom inn på føremålsparagrafen i rapporteringa si til landsmøtet.

– Skal ein føremålsparagraf endrast, bør endringa vere godt førebudd og godt grunngitt, og vi ser ikkje at det har vore tilfellet her, sa tilsynsnemndsmedlem Randi Skeie. Nemnda føreslo beint fram å reversere vedtaket, noko Kristian Hanto i FolkOrg-styret understreka låg utanfor nemnda sitt mandat.

Aktivitetstilskot og jubileum

FolkOrg har nytta mindre pengar enn planlagt det siste året, og Korona-året 2020 gav eit overskot på drygt ein million kroner. Det var noko av bakgrunnen for at FolkOrg oppretta ei ordning for aktivitetstilskot, som FolkOrgs medlemmer kan søke på til å gjennomføre aktivitet som «lausdans på torget, ein minikonsert, eit songkurs eller ein kappleik».

Ingrid Schei Stuhaug frå Gamlebanken spelemannslag føreslo å auke ramma for aktivitetstilskot for 2022 samanlikna med det styret hadde føreslått. Forslaget blei vedteke utan motstemmer.

– Vi treng desse midlane for å stimulere til aktivitet etter at denne pandemien er over, sa Stuhaug.

I 2023 er FolkOrg 100 år, og jubileumsåret var eit tema som kom opp i løpet av landsmøtet. FolkOrg har ikkje fått Kulturdepartementet med på ideen om at 2023 skal bli «folkemusikken og folkedansens år», men har ikkje gitt seg på det, slo avtroppande styremedlem Silje Solberg fast.

– Vi har fått nei, klaga og fått avslag på klaga, men vi gir oss ikkje! Det kjem kanskje ny kulturminister til hausten, då må vi spørje om igjen. I alle høvet skal jubileum arrangerast i 2023, og vi vonar alle medlemmene vil vere med og markere året.

«Vi er avhengige av at de i lokallaga rundt om fortel medlemmene kva kontingenten deira går til.»

Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg

Særskilde satsingar

FolkOrg har landsmøte annakvart år, og kvart landsmøte har mange budsjett og rekneskapar dei skal gjennom. Rekneskap for 2019 og 2020 blei gjennomgått, og revidert budsjett for 2021 godkjent. Føreslått budsjett for 2022 og 2023 blei vedteke uendra, med unntak av den føreslåtte auken i aktivitetstilskotet.

FolkOrg-styret har jobba mykje med å revidere dei særskilde satsingane, fortalte styreleiar Hilde Reitan. På spørsmål frå Anders Lunden Herfoss i Hallingdal Låtelag om kvifor eit punkt om kappleiksdokumentasjon var teke ut av langtidsplanen, kunne styremedlem Silje Solberg informere om at FolkOrg har inngått avtale med Nasjonalbiblioteket om at dei tek vare på opptak av speletevlingane på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk for ettertida. Opptaka blir gjort rett frå miksepulten. Dei er ikkje i mål med tilsvarande avtale om dokumentasjon av kappleiksdansen, la dagleg leiar Linda Dyrnes til etter spørsmål frå Hege Nylund i Trysil-Knut Dans og Spelmannslag.

Samarbeidet med, og løyvingane frå Sparebankstiftelsen og Dextra Musica held fram, og m.a. den ferske instruktørsatsinga Unge musikalske leiarar er gjort mogleg med midlar herifrå. Arrangørhandbøkene for Landskappleiken og Landsfestivalen og andre handbøker skal bli lettare tilgjengelege på nye, oppdaterte nettsider. FolkOrg arbeider med Balansemerket, ei ordning for å førebygge seksuell trakassering, og planlegg å arbeide meir kulturpolitisk, informerte dei. Særskilde satsingar for neste periode fekk skryt og blei einstemmig vedtekne.

Styre og kontingent

Medlemspengar for 2023 til 2025 blei fastsette til kr 320 for vaksne og kr 100 for barn. Arne Sølvberg frå Fjelljom spelemannslag i Stryn fortalde at dei i alle år har halde medlemskontingenten til lokallaget på symbolske 10 kroner, for at den samla kontingenten skal vere så låg som mogleg.

– Vi i Fjelljom har prøvd å verve så mange medlemmer som råd. Det har hjelpt oss kolossalt at ein må vere medlem for å få tevle på kappleik. Eg mistenker at folk ikkje er like lystne på å betale kontingenten i år, sa Sølvberg.

Sølvberg la til at både NU (Noregs ungdomslag) og NTL (Norske trekspilleres landsforbund) har eit medlemsblad inkludert i kontingenten, og at i grensa mellom junior- og seniormedlemskap hos begge går ved fylte 26 år. Den aldersgrensa samsvarar med til dømes øvre grense for å få tilskot frå Frifond, ei viktig pengekjelde for mange lokallag. For dei fleste 18-åringar er det framleis foreldra som betalar, medan 26-åringane oftare er økonomisk sjølvstendige, skaut han inn.

Frå tidlegare landsmøte

Stafettpinnen vidare i FolkOrg – 2.5.2017: I helga heldt folkemusikk- og folkedansorganisasjonen landsmøte i Oslo. Ein styreleiar takka for seg, og ein ny blei vald.

Medlemskap for heile familien – 27.4.2015: Folkemusikklaga i Valdres ønskjer å vere prøvearena for ei ordning med familiemedlemskap.

 

FolkOrgs styreleiar Hilde Reitan sa seg interessert i å ta saka opp til drøfting i styret.

– Eg vonar de ser at aktiviteten vår har vore høg i 2020, og at mykje skjer! sa Reitan. – Det er viktig at vi held oppe eit høgt aktivitetsnivå, og vi er avhengige av at de i lokallaga rundt om fortel medlemmene kva kontingenten deira går til – og at de òg forklarar kvifor vi er nøydde å ha ein medlemskontingent som del av det økonomiske fundamentet vårt.

Det blei òg vedteke ein ny modell for styregodtgjersle, med mål om meir rettvis fordeling av styrehonorar mellom frilansarar og lønsarbeidarar. Avtroppande styremedlemmer Silje Solberg og Thor Hauknes takka for seg, og tre nye styremedlemmer blei ønskt velkomen: Torfinn Hofstad, Tormod Kleiveland og Gro Skanke (vara).

Valnemnda kunne ikkje gjere greie for om mangeårig varamedlem Helene Høye var blitt spurt om å rykke opp til ordinært styremedlem. Lene Furuli i Oslofolk hadde tidlegare på dagen nemnt at kjønnsbalanse i styret må vere eit viktig kriterium for valnemnda, og knytte det til tiltaket Balansemerket i samband med at FolkOrgs særskilde satsingar blei diskutert. På bakgrunn av dette føreslo Øyvind Kvile (Trysil-Knut Dans- og Spelemannslag) at Høye blei spurt om ho ville stille. Forslaget blei trekt då Kvile ikkje fekk tak i Høye, og det kom ikkje motstemmer mot den nye styresamansetnaden.

Neste landsmøte er i 2023. – vonleg blir det mogleg for alle å møtast fysisk, når den tid kjem.