Sidan 1903 har Laget for folkemusikk vore ein sosial møtestad for spelemenn i hovudstaden. I dag er konsertar på Riksscena ein viktig del av aktiviteten.

Toppbilde: Lff held kurs i hardingfelespel, 1949. Til venstre står kurshaldar Henrik Gjellesvik. I bakre rekke, nummer tre frå venstre Bernt Balchen. Fremst frå venstre, Arne Røine og Ottar Halstensrud. Foto: BLS

Denne artikkelen blei først publisert i Folkemusikk nr. 4/2023.

– Utan Laget for folkemusikk hadde eg truleg ikkje spelt hardingfele, seier Steinar Ofsdal.

Då han i haust deltok på Oslokappleiken, var det med fløytespel. Men Ofsdal spelar hardingfele, og det byrja han med i 1968. Etter kvart gjekk han også på øvingar i Laget for folkemusikk (Lff). – Tida i laget var ein svært viktig del av livet mitt, seier Ofsdal.

«Det var Lillebjørn Nilsen som tok meg med på samspeløving første gongen, i Nordahl Bruns gate. Kjetil Løndal var vaktmeister i bygarden der Lillebjørn vaks opp, så dei to kjende kvarandre godt.»

Steinar Ofsdal

I år kan Laget for folkemusikk feire 120 år, som det eldste spelemannslaget i landet. 1903 er rekna som skipingsåret til laget, som først vart kalla Huldraleiken. Føremålet med laget var at spelemenn som kom til hovudstaden kunne ha ein stad å møtast for å spele og bytte slåttar. I 1931 skifta laget namn til Laget for folkemusikk.

Etter andre verdskrigen vart Kjetil Løndal frå Tuddal i Telemark leiar i laget, og då vart det stor aktivitet. Laget arrangerte landskappleik i 1946, 1948 og i 1953, då Lff var 50 år.

Fleire storspelemenn frå Valdres var med i laget desse åra, både Torleiv Bolstad, Ola Bøe og Olav Øyråker. Seinare vart Odd Bakkerud og Magne Myhren frå Hallingdal mykje med.

I samarbeid med Rolf Myklebust i NRK vart det laga mange radioprogram med utøvarar frå laget, blant anna til folkemusikkhalvtimen. Også kvedaren Talleiv Røysland frå Telemark var med på mange radioopptak. Han var ein sentral person i laget, og dessutan vaktmeistar i bygdelagshuset i Nordahl Bruns gate.

Med Lillebjørn på øving

Lenge delte Kjetil Løndal og Torleiv Bolstad på jobben som musikalsk leiar i laget. Då Steinar Ofsdal i byrjinga av 1970-talet gjekk på øvingar i laget, var Kjetil Løndal leiar for samspelet.

– Det var Lillebjørn Nilsen som tok meg med på samspeløving første gongen, og det var i Nordahl Bruns gate. Kjetil Løndal var vaktmeister i bygarden der Lillebjørn vaks opp, så dei to kjende kvarandre godt. Det var først og fremst Kjetil som lærte meg slåttar, og framleis set eg hardingfelespelet hans veldig høgt, seier han.

I byrjinga av 1970-åra fekk laget større pågang av unge spelemenn som ville dyrke sitt eige bygdespel. Det vart difor oppretta spelgrupper frå ulike distrikt av landet, i tillegg til at laget hadde felles lagspeløvingar. Arne M. Sølvberg var leiar for vestlandsgruppa og Bernt Balchen Jr. for valdresgruppa.

«På syttitalet var det kraftig oppsving for folkedans generelt, og også i Laget for folkemusikk vart det aukande aktivitet med bygdedans og sosialt samvær. Dette låg i tida.»

Ola Grøsland

Oppsving for dansen

Lff var først eit reint hardingfelelag, men no vart det større rom for vanleg fele, kveding og eldre folkemusikkinstrument i laget. Og ikkje minst fekk dansen større plass:

– Tidlegare hadde festane i laget vore ganske lukka. Men heilt i byrjinga av 1970-talet, då Hallgrim Berg var leiar, opna laget opp for miljøkveldar med dans, seier Ola Grøsland. Han var sjølv nestleiar i Lff på den tida, og svært aktiv dansar.

– På syttitalet var det kraftig oppsving for folkedans generelt, og også i Laget for folkemusikk vart det aukande aktivitet med bygdedans og sosialt samvær. Dette låg i tida, seier han.

Svein Aasen vanka mykje i laget på 1970-talet. Då var festane ofte i St. Olavshuset i Osterhausgate.

– Der var det ein vaktmeister som heitte Lilly Stenslie, og ho var veldig glad i å danse. Om ho fekk dansa litt med meg og Ola Grøsland, fekk vi halde på så lenge vi ville, seier Aasen.

Laget hadde også eiga bygdedansnemnd, der oppgåva var å dokumentere bygdedans i levande tradisjon. Gunstein Uleberg Møllen var leiar i nemnda på 1970-talet. Han hadde ansvar for å gjere filmopptak av bygdedans i ulike distrikt.

– Opptaka frå dansen i Numedal vart gjort i Blåsalen i Nordahls Bruns gate. Elles reiste vi til Valdres, Hallingdal og Setesdal, fortel Møllen. Det vart laga lydsette kopiar av filmane. Originalopptaka vart først oppbevart hjå Rådet for folkemusikk og folkedans, men er no overført til folkemusikkavdelinga i Nasjonalbiblioteket.

– Eit eldorado

Då Kristin Alvsåker kom til Oslo som student på slutten av 1970-åra, byrja ho å danse i Nordahl Bruns gate. Der fekk ho høyre om eit lag der innflytta spelemenn og bygdedansarar frå ulike dalføre kom saman for å spele og danse.

– For meg som var altetande innan folkedans, vart miljøet i Lff eit eldorado. På festane i Sinsen samfunnshus var det mingling mellom tradisjonsberarane, yngre som eldre. Av dansarane hugsar eg at Sigrid Olga og Ola Hjelle frå Valdres gjorde innrykk. Dei var sentrale i miljøet, fortel ho.

Framleis var mange valdrisar ivrige i laget, blant andre spelemannen Arne Røine, som var leiar i nokre år. Sonen Harald var også aktiv både som spelemann og dansar.

«Mange hjelpte til med å kokkelere. Ein gong var det noko feil med komfyren, og potetene kokte aldri. Men vi serverte rå poteter på strak arm, og alt gjekk med!»

Kristin Alvsåker

Sleit ut to golv

Det var Harald Røine som skaffa laget innpass i selskapslokala til Oslo Maskinistforening i Arbins gate 1, som låg i etasjen over leilegheita til Henrik Ibsen. Her var det fest tre­–fire gonger i året på 1990-talet og i byrjinga av 2000-talet.

– Arbins gate var eit funn, og akkurat passe stort. På festane inviterte vi ein spelemann eller spelkvinne til å halde konsert, og deretter var det buskspel i dei små stovene medan dansarar fylte golvet i storstova. Ein av dei første eg høyrde der, var Odd Bakkerud. Mange storspelemenn kom for å halde konsert, som Sigbjørn Bernhoft Osa og seinare Hauk og Knut Buen, fortel Alvsåker, som då var leiar i laget.

På julefestane vart det som oftast servert vossakorv og kålrotstappe: – Mange hjelpte til med å kokkelere, blant andre Ludvig Eikaas og Inger Tragethon. Ein gong var det noko feil med komfyren, og potetene kokte aldri. Men vi serverte rå poteter på strak arm, og alt gjekk med!

Alvsåker framhevar også spelemannslaget eller spelgruppa i Lff.

– Spelgruppa var svært viktig, for då hadde vi alltid dansespel første delen av kvelden. Deretter var det fritt fram for andre som ville spele. Og dansarane var ivrige, for vi sleit ut danseparketten to gonger. Då fekk vi beskjed om å danse på sokkelesten. Til slutt måtte vi ut av Arbins gate.

– Som å kome heim

Også Unni Løvlid meiner miljøet i laget var heilt unikt på denne tida:

– Alle ville vere med på festane, og folkemusikarar og kunstnarar kom langvegs ifrå for å vere ein del av miljøet. Her var det ikkje noko skilje mellom utøvar og publikum. Det var som å kome heim, seier Løvlid, som sjølv er ein profilert utøvar i folkesong.

Løvlid var leiar i laget frå 2001 og fleire år framover.

– Laget for folkemusikk har vore ekstremt viktig for folkemusikarane i Oslo. Særleg har kappleiken vore ein viktig og samlande aktivitet på tvers av tradisjonar og alder. Denne fleirgenerasjonskulturen greidde vi å ta vare på også på festane i ein del år etter 100-års-jubileet i 2003. Men så byrja det etter kvart å rakne, seier ho.

Mista spelgruppa

Frå 1980 var Bernt Balchen Jr. leiar i spelgruppa i Lff. Han vaks opp i USA og Noreg, og etter at han flytta heim til Noreg etter krigen, vart han svært oppglødd for hardingfela. Han fekk opplæring hjå Henrik Gjellesvik og Magne Manheim, og vart sjølv ein ivrig kurshaldar i hardingfelespel både her heime og i USA.

På slutten av 1980-talet var Balchen med på å starte Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) i protest mot politikken til Landslaget for spelemenn (LfS). Han meldte seg ut av LfS, og etter kvart vart han også sterkt ueinig med NFD, som han meinte ikkje tok godt nok vare på den eldre tradisjonsmusikken og -dansen.

– Balchen ville tilbake til det gamle, både når det galdt musikken og kulturen. Han ville ikkje ha endringar eller nye retningar i folkemusikken. Slåttane skulle vere slik dei alltid hadde vore, seier Atle Haugen, ein av medlemmene i spelgruppa.

Han fortel at Balchen laga mange protestskriv, og oppretta lagsbladet Tersen for å fremje sitt syn.

Unni Løvlid, som på den tida var leiar i laget, seier dette førte til konflikt, fordi folk måtte ta stilling for eller imot Balchen sitt syn.

– Spelemannslaget hadde meir og meir blitt Bernt Balchen sitt lag. Han bestemte kven som skulle få vere med, og kven som ikkje fekk vere med. I 2004 valde Balchen sjølv å trekke spelemannslaget sitt ut av Lff og døype det om til Huldraleiken hardingfelelag, etter det gamle namnet på laget, seier ho.

– Det er ei sorg for meg at vi ikkje greidde å ta vare på fleirgenerasjonsmiljøet i Lff. Då kunne forteljartradisjonen ha nådd dei yngste, seier Unni Løvlid, her på i finalen i vokaltevlinga på Landskappleiken 2016. Foto: Svein Ole Valde
Konsert på Mir med Oslofolk, før konsertserien flytta til den nyopna Riksscena. Foto: Knut Utler

– Ei brytningstid

Huldraleiken spelte framleis på nokre av festane, men laget stod no utan eige spelemannslag.

– Vi jobba hardt for å opprette eit nytt lag, og var i kontakt med fleire spelemenn, både gamle og unge. Men behovet for at alle tradisjonar i rommet spelte saman, var ikkje der lenger. Om dei skulle vere med i eit lag, skulle det vere frå deira eigen tradisjon, eller dei ville lage mindre grupper sjølve. Eg trur dette hadde vore annleis i dag, seier Løvlid.

Ho kallar starten av 2000-åra for ei brytningstid.

– I dei første åra av 2000-talet forheldt folkemusikarane seg framleis til Lff som sitt eige lag. Det var ein friplass, og det å bli spurd om å spele konsert eller til dans i laget, var ærefullt. Men etter kvart vart det ei endring. Blant anna forsvann dei eldre ut av miljøet, seier Løvlid, som i dag er leiar for folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole (NMH).

– Mange av studentane mine veit ikkje kven Sigbjørn Bernhoft Osa er. Og dei har aldri høyrd om Bernt Balchen. Det er ei sorg for meg at vi ikkje greidde å ta vare på fleirgenerasjonsmiljøet i Lff. Då kunne forteljartradisjonen ha nådd dei yngste.

Løvlid meiner også tapet av Arbins gate har spelt inn med tanke på aktiviteten i laget. Siste festen der var våren 2002.

– Etter dette måtte vi bruke alle kreftene i laget på å skaffe lokale.

Møtereferata i åra etterpå fortel om kappleikfest på Slurpen i Lakkegata, i Trikkestallen på Torshov og ikkje minst i Sagene festivitetshus i Holsts gate, som også vart kalla «Afrika».

Kappleiksfesten lever

Sjølve kappleiken hadde i alle år vore i Nordahl Bruns gate, medan festar med alkohol måtte vere andre stader.

I 2011 vart kappleiken arrangert på Riksscena for første gong. Men i 2012 var kappleiken tilbake i Nordahl Bruns gate, og då var også kappleikfesten der.

Hallinglaget hadde ansvar for sal av øl og vin i baren, og ifølgje oppsummeringa etterpå var det «eit kontrollert og nøkternt alkoholforbruk» på festen. «Det vart seld 112 ølboksar og 1,5 kaggar (3 liter) med raudvin».

Sidan 2016 har Oslokappleiken vore samtidig med Folkelarm på Riksscena. Men i år vart kappleiken arrangert utan Folkelarm. Laget var aleine på Riksscena.

Leiar Lene Furuli er svært nøgd:

– Då vi arrangerte saman med Folkelarm, måtte vi ha strenge grenser for kor mange som kunne delta på kappleiken. Og kappleiken drukna litt, sjølv om det alltid var mykje folk på dansen om kvelden. Det er synd å miste denne arenaen, men dansefesten i år vart ein kappleiksfest slik vi ønskjer han skal vere. Det er noko med stemninga, som er heilt annleis. Vi hadde ein kjempebra fest med stappfulle golv i begge salar. Så heretter går vi nok vidare kvar for oss, seier ho.

«Her var det ikkje noko skilje mellom utøvar og publikum. Det var som å kome heim.»

Unni Løvlid

Saman med Oslofolk

Nye aktørar har blitt dominerande i folkemusikkmiljøet i Oslo, ikkje minst Riksscena, som opna i 2010. I tillegg vart konsertarrangøren OsloFolk ein sentral arrangør dei siste åra på utestaden Mir, rett ved Schous plass. Allereie før Riksscena vart bygd, samarbeidde dei to aktørane om konsertar på Mir. Og då Riksscena stod ferdig, vart konsertserien med dit.

I 2019 slo OsloFolk og Lff seg saman, så namnet i dag er OsloFolk – Laget for folkemusikk.

Furuli seier det var ulike grunnar til samanslåinga:

– Konsertserien «Folk på torsdag» hadde mykje av same føremålet som Laget for folkemusikk i utgangspunktet: å samle folk som kom til byen. Laget hadde framleis kappleiken, men det var ikkje stor iver for festar eller andre arrangement. Og konsertar vart arrangert på Riksscena. Vi bestemte oss då for å slå laget saman med OsloFolk, fordi begge aktørane jobba med å skape eit folkemusikkmiljø for dei som bur i Oslo, seier ho.

Furuli meiner også det har vore viktig å bygge opp eit miljø på Riksscena.

– Ingen annan storby har eit slikt tilbod innan folkemusikk, og det går ikkje å samanlikne med tidlegare tider då det var tre–fire festar i året. Men eg vil trekke fram torsdagskveldane som særleg viktige. Vi ønskjer at dette skal vere ein sosial arena. I haust har medlemmer i laget kunna kjøpe sesongkort til redusert pris til konsertane.

Nytt spelemannslag?

Spranget er stort frå spelemannslaget som vart skipa i 1903 til konsert på torsdagar. Kristin Alvsåker stiller spørsmål ved at laget, bortsett frå Oslokappleiken, er blitt ein rein konsertarrangør:

– Laget var i utgangspunktet eit spelemannslag for innflytta spelemenn i Oslo. Og dette har vi mista. Så det eg lurar på, er om spelemenn og spelkvinner i byen kunne ønskje seg eit nytt, inkluderande spelemannslag, i eit miljø der dei kunne kjenne seg heime? Det er jo mogleg å begynne på nytt, seier Alvsåker.

Lene Furuli seier Unge folkemusikere i Oslo (UFO) har ei tilknyting til laget, og at det slik sett faktisk er eit spelemannslag i laget framleis.

– Ungdomane i UFO har ansvaret for sjokoladekappleik under Oslokappleiken, og i haust har dei også invitert til jam på torsdag før ein av konsertane.

Men Furuli seier ikkje nei til ideen frå Alvsåker:

– Om nokon tek initiativ til å starte eit spelemannslag, så kom igjen! Dei skal nok få ja.

Lene Furuli (t.h.) er i 2023 leiar i Laget for folkemusikk. Ho sit òg i styret for FolkOrg, her talar ho på FolkOrgs landsmøte i 2023. (Foto: Jostein Aardal)
Kjelder:
  • Teksthefte til plata Laget for folkemusikk Solo og samspel, ta:lik, 2003
  • Spelemannsbladet nr. 2/1973
  • Spelemannsbladet nr. 1/2004
  • Vebjørn Bakken: Bygdelagssamskipnaden 100 år 1923–2023, BLS, 2023