Kledd i sports-BH-ar og snertne mamelukkar bølga dei sakte inn på scena på kvinnedagen, hallingdansarane i urpremieren av den nyskapande og inntrykksfulle framsyninga Livmødre.
Fem hallingdansarar, koreografert av Silje Onstad Hålien har skapt framsyninga Livmødre. Dei kallar seg Dansekompaniet Mamelukk. Med seg på scena har dei to musikarar, Selma French Bolstad som har komponert musikken, og Solveig Wang på tangentar.
Bakom ein svart, tynn sceneduk kjem dansarane glidande til drøymande tonar frå gitar og tangentar. Det er mest som om dei rører seg i vatn. Kroppane flyt gjennom rommet og er ikkje hemma av stramme rammer for kva dei kan og ikkje kan. Det er som om dei svevar saman i ein einaste djup pust.

Dansekompaniet Mamelukk: Livmødre
- Urpremiere Riksscenen, tysdag 8. mars 2022
- Koreograf og dansar: Silje Onstad Hålien; regi: Susanne Marko
- Musikk: Selma French Bolstad (komponist), Solveig Wang
- Kostymedesign: Signe Vasshus; lysdesign: Daniel Kolstad Gimle
- Medskapande dansarar: Anita Vika Langødegård, Birgitte Blomlie, Margit Myhr og Solveig Hårdnes
Multitasking
Men det strammar seg til. Kor lenge var Eva i paradis, liksom? Rytmen hardnar.
Snart står dei bak einannan og dei ulike rørslene deira samlar seg til ein kropp for oss som ser dei frå salen. Det sender tankane til den hinduistiske guden Shiva – han med fire armar – som mellom anna er forbunde med seksualitet og fruktbarheit. Og dei mange gjeremåla som kvinner tek seg av, gjer at dei òg kan trenge fire armar, minst.
Utgangspunktet for framsyninga har vore å finna eit uttrykk for korleis overgangane i kvinnekroppen, med månadleg syklus, graviditet, fødsel og amming, kan tematiserast i hallingtakt. Alle fem er røynde hallingdansarar, og ein kan sjå at dei har gyngen i blodet, men denne framsyninga er i endå sterkare grad prega av moderne samtidsdans.
Grunnlaget frå folkedansen er med, det er ein viktig del, men berre som eitt element av fleire. Det er likevel merkbart, og nett fordi hallingen set dette særmerkte preget av norsk folkekunst på framsyninga, er det viktig. Samtidsdans bør ikkje berre få vera uttrykk av lausriven, urban globalisert kultur.
Levande musikk
Musikken til framsyninga er ei soge for seg. Dei to musikarane er på scena heile tida, og det er tett kontakt mellom dei og dansarane, som òg innimellom tek del med song. Det er noko ekstra pulsgjevande å ha levande musikk til dansen.
Etter den vâre, dvelande starten, kjem det hardare rytmer og klangar. French Bolstad nyttar seg mykje av korte riff som ho legg i repetisjon. Det skaper ein suggererande verknad. Mot slutten utviklar det seg til ein slags rapp, der dansarane er med og manar fram nytt pågangsmot: «Jeg klarer alt, jeg klarer alt… jeg er faenmeg fantastisk… jeg klarer alt… jeg er fantastisk, hysterisk fantastisk…» alt medan dei pesar og trampar med militærstøvlane sine.
Det er befriande humoristisk og sjølvironisk, midt I det som òg kan verke tungt eller dvelande vakkert.



Blodraudt band
Livmødre gjer frodig bruk av symbol, og ein skal ikkje undre seg over at den blodraude fargen er sentral. Han kjem tidleg inn i form av eit band som blir sleppt ned frå taket, og raudt ljos som får det til å bylgje i den svarte sceneduken. Duken blir vakkert fjerna av dansarane, men det raude bandet blir eit vedvarande element som dei både blir fanga i, og kan klatre i.
Kostymene høver godt til framsyninga sitt ynskje om å få fram både individuelle særpreg og det kollektive. For utanpå mamelukkane kjem det ledige, mjuke kjolestoff av ulike fargar og snitt som let seg dansa i. Men alle kvinnene har bastante militærstøvlar på føtene. Det kan ein saktens trenge når ein skal ut i det barske kvinnelivet. Kven i all verda fekk det for seg at høge, tynne hælar høver for kvinnesko?
Det er forresten utruleg så stilt dei klarer å danse med desse støvlane på. Jamvel mot slutten av framsyninga, når dei tur etter tur snurrar inn i den reinaste dervish-transen, ser ein berre at dei sviv og høyrer ikkje fotarbeidet.
Ingenting i hallingdansen tek omsyn til utfordringane som kvinner har.
Kvinnekampsaker
Urframføringa skjedde på kvinnedagen, 8. mars. Det er ein dag for parolar, og det var heller ikkje vanskeleg å forstå at Onstad Hålien med denne framsyninga lyfter kvinnekampsaker.
Først og fremst dette med at kvinner ofte er nøydde til å utfalda seg på område der spelereglane er laga av menn, for menn. Dette blei eit tema under panelsamtalen som gjekk føre seg etter framsyninga. Der fortalde Onstad Hålien at ho som hallingdansar i mange år hadde tenkt på det urettferdige i at ingenting i hallingdansen tek omsyn til utfordringane som kvinner har.
Om du har mjølkespreng av di du ammar, har fyrste dag av mensen, eller om graviditeten gjer deg kvalm, skal du like fullt sprette rundt i full vigør. Og greier du ikkje sparke den hatten eller slå hovudstiftane, er det ingen nåde.
Fordelar menn har i dansefeltet, var òg tema for eit innlegg av samtidsdansaren Ilse Ghekiere frå PRAXIS Oslo/Ellis-nettverket. Ho hevda at samfunnet sine forventningar legg opp til at det er lettare for mannlege dansarar å sjå seg som naturlege leiarar, noko som gjer vegen fram lengre for kvinner som vil ta ansvar for koreografien sjølve.
Tankar etterpå
Ettersamtalen vart leia av Stine Nilsen, som er kunstnarleg leiar og festivaldirektør for dansefestivalen CODA. Det er flott at Riksscenen med dette byggjer bru til resten av samtidsdansefeltet – eller omvendt! For når folkedansen vågar seg ut i nyskapande terreng som her, er det viktig å kunne vera i dialog med dei som utviklar ny dans på bakgrunn av andre tradisjonar.
Oppslutninga om denne ettersamtalen synte at interessa er stor for eit forum der ein kan fordøya framsyninga ein nett har sett. Fleire gav uttrykk for at dei hadde kjent seg råka på ulike vis. Særleg interessant var det å få høyre koreograf Silje Onstad Hålien sine tankar om arbeidet. Når ein møter kunstnarane i eit slikt tett forum – uformelt, sitjande i trappa og på barstolar, oppstår gode høve til betre å forstå kva som kan liggje attom og leie fram til den ferdige framsyninga.

Kroppsmangfald
Panelet drøfta mellom anna kva vi går glipp av dersom kroppsmangfaldet blir ekskludert. Det er jo ei kjend sak at på dansefeltet er det mange sylfider og helst heilt unge. Det kom fram at stoda ikkje er så dramatisk i folkedanssamanhang, der det er rom for eit større mangfald både når det gjeld vekt og alder.
Thomas Walle, som er styreleiar i foreininga Balansekunst, ga uttrykk for at det framleis er viktig med større mangfald i dansefeltet, og slik sett var kveldens framsyning eit kjærkomment tilskudd. Men retteleg likestilling blir det ikkje før mangfaldet er integrert i heile feltet, og ikkje berre lokalisert til einskilde framsyningar, meinte han.
I panelet sat òg leiaren for Jørn Hilme-stemnet, Knut Aastad Bråten.
– Kunst er ein veldig alvorleg affære. Han skal freiste å teikne liva våre, avdekke, gå bakom, seia noko sant om samfunnet vårt som vi ikkje får høyre på andre måtar. Og dersom ein skal fortelje sanninga om kvardagen, er det viktig at den som fortel, er attkjenneleg for oss. Difor er det viktig at det totale mangfaldet har plass på den scena. Eit samfunn fungerer ikkje om ikkje alle er med, sa han.
Folkedansen er med, det er ein viktig del, men berre som eitt element av fleire.
Leve lenge
Kvinnedagen er ofte forbunde med demonstrasjonstog og kvasse parolar. Jamvel om bodskapen i Livmødre er klår nok, er det likevel noko heilt anna – og verdfullt på eit djupare plan – med engasjement som finn seg eit kunstnarleg uttrykk. Denne framsyninga kan leve lenge etter at bannera er rulla saman.