Leiaren for Agder folkemusikkarkiv er tildelt Medaljen for lang og tru teneste frå Det Kongelege Selskap for Noregs vel. Utmerkinga får han for å ha arbeidd ved og bygd opp arkivet sidan oppstarten for 25 år sidan.

Medaljen blei for første gong utdelt i 1888 og er eit symbol på verdsetjing av ein stor innsats i arbeidslivet. Harald Branko Knutsen kom til Setesdal for 25 år sidan, og starta då i jobben som fylkesarkivar på det nyetablerte Agder folkemusikkarkiv.  

Agder fylkeskommune skriv i ei pressemelding at Knutsen har gjort eit solid og omfattande arbeid med å bygge opp arkivet til det det er i dag. Agder folkemusikkarkiv er i dag eit stort arkiv som er mykje besøkt av musikarar, forfattarar, forskarar, studentar og lag og organisasjonar. Innsamlingsarbeidet held alltid fram, så samlinga er i stadig vekst, både i form av gammalt materiale og dokumentasjon av utøvarar frå Agder som er aktive i dag.

Agder folkemusikkarkiv har to tilsette, og held til på Setesdalsmuseet på Rysstad. Arkivet inneheld i dag materiale innanfor fleire ulike kategoriar, der den største delen er musikkutt, godt over 35.000 spor. Bildearkivet er også stort, der er det i dag arkivert rundt 10.000 foto. Vidare er det også notar og tekster tilgjengeleg, og ikkje minst er stevbasen til arkivet noko som har blitt bygd opp over tid. Her kan ein søkje på ulike ord og få opp stev til dei fleste høve. 

25-årsjubileet til arkivet blei mellom anna markert med storslått konsert i kulturhuset Kilden i Kristiansand 17. august i fjor. Kristiansand symfoniorkester spelte her saman med eit femtital av dei fremste folkemusikarane og folkedansarane med tilknytning til Agder. Mellom artistane som sto på scena var Kim Rysstad, Annbjørg Lien, Kirsten Bråten Berg, Sigrid B. Berg, Ånon Egeland, Guro Kvifte Nesheim og Hans Fredrik Jacobsen.

Harald Knutsen har fått medalje for lang teneste ved Agder folkemusikkarkiv, der han har arbeidd sidan opprettinga. Foto: Agder fylkeskommune