Jeremias Henden, kunstnartalentet som braut opp frå heimstaden i Nordfjord, innfrir mang ein kunstnarmyte. Ein einar på fela, men også stadig på flukt frå lova. Stundom vart han innhenta og måtte sone si straff. Her får du heile den dels ukjende historia om Jeremias, grave fram og skildra av John Ole Morken.

Her finn du introduksjonen og litteraturlista til denne artikkelen, som først vart publisert i Folkemusikk nr. 4/2023.

I år er det hundre år sidan Jeremias Henden døydde. Minnet om denne særmerkte spelemannen lever framleis i mange delar av landet. Dei fleste forbind namnet Jeremias Henden i dag med feleslåtten «Sulitjelmagaloppen». Ein feiande flott galopp som krev mykje teknikk og som ikkje er av dei enklaste å spele. Få har denne på repertoaret i dag, men går ein femti år attende, var dette ein slått som fleire spelte.

Sjølv om det er hundre år sidan Jeremias vandra ut av tida, lever framleis minna om han. Helst i Nordfjord der han var fødd og oppvaksen. Det er oftast dei store linjene som vert hugsa. At han var ein dyktig spelemann, som diverre òg hadde nokre mørke kapittel i livssoga, at han i periodar hadde smått med pengar, at han var ei rastlaus sjel som vandra frå plass til plass i søk etter arbeid og speleplassar. Han hadde òg eit noko vanskeleg forhold til sine nærmaste gjennom livet, og no og då vart flaska og alkoholen løysinga.

Dei fleste forbind namnet Jeremias Henden i dag med feleslåtten «Sulitjelmagaloppen». Ein feiande flott galopp som krev mykje teknikk og som ikkje er av dei enklaste å spele.

Eit søk i dagens digitale arkivkjelder kan fortelje mykje om ein person. Digitalarkivet ga nokre overraskande treff. Blant lenkene som fortel om fødsel, konfirmasjon, giftarmål og barn, finn ein òg eit register til fangealbum 1857–1913 for botsfengselet i Kristiania med lenke til Oslo Forbryteralbum I, nr. 10: Forbryteralbum, 1906–1910.

Eit klikk fører oss rett inn i boka der det dukkar opp rad på rad med fengsla personar. Aller øvst, heilt til venstre på side 27, finn ein Jeremias med namnet innskrive med kvit skrift. Han har fått nummeret 10565 i forbrytaralbumet. Jeremias er iført fangedrakt, og med eit speil bak der ein ser profilen hans. Han ser ikkje alvorleg ut på biletet, det er som ein kan ane eit lite smil.

Opphaldet i Botsfengselet i Kristiania var ikkje det einaste besøket Jeremias hadde bak lås og slå. Kva hadde Jeremias gjort sidan hamna i fengsel? Ein telefon til spelemenn og slektningar i Gloppen gav ikkje noko svar. Dette var ukjent for dei.

T.v. udatert portrett av Jeremias Henden (kjelde: Ove Eide/privat). T.h. I fangealbum 1857–1913 for botsfengselet i Kristiania er Jeremias Henden avbilda i fangedrakt, han har fått nummeret 10565 (kjelde: Digitalarkivet).
Jeremiasorkesteret leia av Jorun Marie Kvernberg spelar Sulitjelmagaloppen underJeremiasfestivalen 2021 på Sandane. Foto: Aadne Gloppestad, Firda Tidend

Lat oss starte med byrjinga. Jeremias Henden vart fødd 18. september i 1879 på småbruket Gjærane i Austrheim i Gloppen. Faren Endre Henden (1838–1919) var frå Hennebygda, første kasseraren i Gloppens Sparebank og lærar i Austrheim krins. Mora var Eli Jeremiasdotter Aase (1840–1897) frå Indre Åsane. Familien hadde eit lite småbruk og mora stelte heime. Jeremias hadde også ein bror, Kristen Henden (1875–1937).

Barne- og ungdomsåra til Jeremias veit vi ikkje så mykje om, då kjeldene fortel lite om denne tida av hans liv. Men ein av dei som voks opp med Jeremias, Steffen Sandene (1883–1984), fortalde noko til spelemann og lokalhistorikar Petter Eide i 1979. Steffen gjekk saman med Jeremias i skulen, og ifølgje han var ikkje Jeremias av dei enklaste elevane. Steffen fortel at som regel sat dei minste elevane bakarst når dei begynte, og etter som åra gjekk flytta dei framover. Men Jeremias måtte sitte bak lenger enn dei andre, «for han va’ en sleke fante». Far Endre, som var læraren, var nok ekstra streng mot sonen.

I folketeljinga frå 1891 står Jeremias oppført saman med faren Endre, mora Eli og broren Kristen. Eit par år etter er han nemnd i ein notis i lokalavisa i resultatlista for eit skyttarstemne. Neste skriftlege kjelde som nemner Jeremias, er kyrkjeboka. Den 7. oktober i 1894 vart han konfirmert, og under «Anmærkninger» står det «meget godt».

Jeremias må ha hatt lett for å lære. I eit brev til Rolf Myklebust (1908–1990) skriv Søren Ryssdal (1880–1962) som kjende Jeremias frå denne tida: «Jeremias var uvanleg rikt utrusta med gode evner. Han skulle nærast ha realistiske evner. Matematikk var det letteste fag for han. Det kan være pussigt i at han heilt igjennom var ein kunstnar-natur».

Petter Eide skriv i 1979 at mykje av den musikalske åra kom frå morssida. Syster til mora, Pernille, var mor til spelemannen Gabriel Reed (1869–1957). Fleire kjelder nemner at søskenbarna spelte mykje saman.

Når Jeremias begynte å spele fele, veit vi ikkje eksakt. I eit brev til Arne Bjørndal (1882–1965) skriv Hans Engeset (1883–1958) at «i heimen hadde dei eit lite husorgel og han var ikkje store karen før han tok til aa spele på det. Seinare tok han til med andre musikkinstrument som trekkspell, kornett og fiolin, og det saag ut for at han meistra godt alle.»

I miljøet Jeremias voks opp i, var det mange som spelte fele, ho var så å seie einerådande. Her var det mange å lære frå og ta etter. Dei dansa framleis springar til dei gamle feleslåttane. Men i hans oppvekst var dei nye dansane vals, reinlendar, polka med støyt og hamborgar òg særs populære.

Kva hadde Jeremias gjort sidan hamna i fengsel? Ein telefon til spelemenn og slektningar i Gloppen gav ikkje noko svar. Dette var ukjent for dei.

Då mora døyr i 1897, tok Jeremias ut frå heimen. I følgje Engeset var Jeremias særs glad i mor si, og etter dette var han sjeldan å sjå i Gloppen. Broren Kristen vart buande heime og gjekk i farens fotspor. Han arbeidde som bankkasserar, var bokførar, fråhaldsmann og medskipar av Losje Trofast på Sandane.

Som for mange andre i området, var Bergen staden ein reiste til for å få meir utdanning. Etter opplysningar Jeremias sjølv har gjeve til myndigheitene, gjekk han to år på middelskule i vestlandshovudstaden. Kor vellykka studiane var veit ein ikkje, men ifølge Engeset var ikkje lysta stor sjølv om han hadde lett for å lære. Jeremias har òg i følgje seg sjølv vore handelsbetjent eitt år, før musikken og anleggsarbeid vart inntektskjelda.

Han skal i desse åra også ha vore i Tyskland. I eit intervju med Hilmar Berg frå Berkåk, som kjende Jeremias, står det at Jeremias skal ha studert musikk i Hamburg. Her fekk han kanskje fiolinundervisning, utan at ein har nærmare prov på det.

I 1899 fyller Jeremias tjue år, og det er no for alvor at namnet hans dukkar opp i aviser og tidsskrift. Avisa Nordfjord skriv fredag 13. januar 1899 om ein opptreden Jeremias hadde. Avisa fortel at han las Bjørnsons Faderen og frå Peer Gynt. Han spelte også «Solveigs sang» og «Seterjentens søndag». Stykket «Kveld til Støls», eit potpurri som Henden sjølv hadde sett saman, gjorde stor lykke: «Denne blev udførd med megen Bravour og lønnedes med stormende Bifald.»

Jeremias bur no i Bergen, og her oppheld han seg meste av 1899. I Bergens-avisene 1. mars er det annonsar frå samlingsplassen Eldorado. Her vert det reklamert for Jeremias sin debut, og han blir titulert som «hardangerviolinist». Nokre dagar etterpå skriv avisene: «… skal vi særlig fremheve hardangerviolinisten Jeremias Henden der fører en udsædvanelig god bue og ved sit Spil faar Publikum til at glemme baade Passiaren og Øllet». Utetter heile mars vert det reklamert for konsertar kvar dag i Eldorado med Jeremias som eit av «trekkplastra».

I lokalavisa Fjordenes Blad har ein lokal skribent måndag 27. mars 1899 ei melding av debuten i Eldorado. Meldaren omtalar Jeremias i rosande ordelag, og med oppfordring om at ungdommar som har talent må hjelpast. I artikkelen står det at Jeremias fekk ei fele av faren då han var 10 år gamal og noko undervisning av prestegjeldets kapellan. Meldaren skriv at Jeremias òg har andre gjeremål i byen enn å spele konsertar. Han er tolk for turistar, reparatør av lamper, lagerarbeidar og ekspeditør i butikk.

I april og mai 1899 oppheld Jeremias seg i heimtraktene der han spelar konsertar, før han atter er i Bergen og spelar på Grand Café kvar kveld i heile juli.

Når hausten kjem, tek Jeremias ut på turne. I fleire aviser finn ein annonser om konsertar han held. I Jarlsberg og Larviks Amtstidende, måndag 4. september 1899, skriv avisa at Jeremias gjev konsertar i Sandefjord og blir anbefalt av skrivaren: «… siste fredag i aug. hadde Jeremias Henden (Hardangerviolinist) konsert i Avholdsforeningens lokale, men hadde få tilhørere. Dette var synd, da hr. Henden er en av de få Hardangerviolinister som kan spille fiolin trots sin unge alder. Han vil gi folkekonsert tirsdag 8 1/2 i Avholdslokalet. Bill. 50 øre og 25 øre».

Jeremias vart fødd på småbruket Gjærane i Gloppen. Kjelde: Ove Eide/privat
T.v.: Far til Jeremias, Endre Henden (1838–1919), var første kasseraren i Gloppens Sparebank og lærar i Austrheim krins (kjelde: Ove Eide/privat). T.h.: spelemann Gabriel Reed (1869–1957), Jeremias' fetter på morssida, den delen av familien til Jeremias som mykje av det musikalske kom frå (måleri hengande i Breimshallen, foto: Per Svein Reed).

Første året i det nye hundreåret ser det ut for at Jeremias stort sett held seg i heimlege trakter. Han spelar framleis konsertar. Etter det ein kan lese i lokalavisene, er det helst i Nordfjord og på Sunnmøre. Han opptrer også saman med fleire, blant anna ein gitarist John Fylling som vi skal høyre meir om seinare. Jeremias er òg aktiv som idrettsutøvar. Avisa Nordfjord har 11. oktober resultat frå eit «sports- og idrætsstevne». Jeremias må ha vore sprek, for han blir nummer ein i hurtigløp som var 250 meter langt. Skilaget Fjellhug blir stifta 30. desember 1899. I styret sat Jeremias saman med broren Kristen Henden (ein seinare velkjent skiløpar i Fjellhug/Vereide idrettslag, er forresten Odd-Bjørn Hjelmeset). Jeremias deltok òg på fleire skyttarstemne.

I 1900 ser det ut for at Jeremias har møtt kjærleiken. I folketeljinga står han oppført som «Violinist» saman med Kristiane Henden (f. 1874) under garden Tystad, og at Jeremias under folkeregistrering oppheld seg i Volda. Ho er oppført som syerske. Kristiane står med etternamnet Henden, men det ser ut for at dei ikkje var gifte då søk i kyrkjebøkene ikkje gjev noko resultat om det. Truleg har ho fått etternamnet Henden ved ein feil. Kristiane sine foreldre var Karolina og Jon Olson Vik (f. 1819) frå Stryn.

Meldaren i Fjordenes Blad skriv at Jeremias òg har andre gjeremål i Bergen enn å spele konsertar. Han er tolk for turistar, reparatør av lamper, lagerarbeidar og ekspeditør i butikk.

Forholdet mellom Kristiane og Jeremias må ha vore kortvarig. For då Endre vert døypt 28. mai 1901, står Kristiane oppført med Tystad som bustad, medan Jeremias har Sandane som bustad. Etter kvart tek Jeremias ut på sitt omflakkande tilvære.

Sonen deira, Endre, vert verande i Gloppen. Plassen Kristiane var oppvaksen på var ein husmannsplass, og foreldra til Kristiane var døde då Endre vart fødd. Dei fleste av søskena til Kristiane var også utflytta. Slik hamna kanskje Endre hjå Rasmus og Kristiane Tystad på Korneliusbruket. I folketeljinga i 1910 står han oppført som «fostersøn».

Kristiane flytte til Bergen. I 1905 fekk ho dottera Ella i byen. Ho er også i Bergen i 1910, då ho er folketald saman med dottera. Kva som vidare skjedde med Kristiane veit ein ikkje. Ella finn ein i folketeljingane frå 1912 og 1917. I 1912 er ho registrert blant borna på barneheimen i Sandviksveien og i 1917 på Sudmannske barnehjem.

Sonen til Jeremias og Kristiane, Endre, tek også vegen ut frå heimbygda. I folketeljinga for 1920 finn ein Endre Johan Henden registrert som tømmerhoggar, busett i Nes kommune i Buskerud. Endre utvandra til Canada i november 1923, og blir buande der livet ut. Han døydde barnlaus i 1990.

Dette er eit tidsskilje i Jeremias sitt liv. Åra frametter blir turbulente. Han livnærer seg som felespelar, og held konsertar rundt om der han oppheld seg. Men no startar også ei side av livet som svært få veit noko særleg om. Til og med Jeremias sine nære slektningar er ukjende med det som skjedde.

T.v. annonse i Bergens-avis for «den bekjente Hardangerviolinist Jeremias Henden» (kjelde: Nasjonalbiblioteket). T.h. pågripelsesbeslutning fra Kristiania Forhørsret 3.4.1907 (kjelde: Digitalarkivet).

Jeremias blir etterlyst på nyåret 1902 med følgande signalementet: 1,66 høg, har mørkebrunt hår, blå auge, har middels kroppsbygning, har eit arr på venstre tommelfinger, likeins eit stort arr på høgre kinn. I tidsskriftet Polititidende står det at han er arrestert 15. april, sikta for underslag. Kva utfallet vart, går ikkje fram av dokument frå Arkivverket.

Det går ikkje lang tid før Jeremias på nytt kjem i søkelyset. I november 1902 er han igjen etterlyst og blir arrestert 30. november for vald mot politi, hærverk og lekamsfornærming. Etterforsking vert gjennomført, og resultatet ein rettskraftig dom.

Jeremias er i Trondheim i november 1902, og her møter han kjenningar på Hotel Dovre, som er plassen han bur medan han er i byen. Idet Jeremias kjem inn på hotellet, høyrer han felespel. Han går inn på rommet der det vart spelt og møter her mellom andre tidlegare nemnde Johannes Fylling og Per Bolstad (1875–1967). Alle tre karane er godt kjende frå før, og Jeremias vert «indbudt til at deltage i drikkegildet».

Seinare på kvelden tek Bolstad og Jeremias ein spasertur. Bolstad fortel at han og Fylling har vore på turné, og at Bolstad skuldar Fylling ein heil del pengar. For å komme fri frå kravet, ville Fylling pantsette fela til Bolstad. I rettsdokumenta står det òg at Jeremias hadde vore ute for det same under ein av turneane til Fylling.

Då dei kjem tilbake til hotellet, viser det seg at Fylling alt har tatt fela til Bolstad. Jeremias finn Fylling på rommet hans, og tek med seg fela tilbake. Vel inn på rommet til Bolstad kjem Fylling inn, og prøver å ta fela attende. Harde ord vert utveksla, og det heile endar i eit slagsmål. Jeremias innrømmer i rettsdokumenta at han «tildelte Fylling flere slag i Ansigtet». Det heile roer seg etter kvart.

Jeremias og Bolstad fortset festen saman med ein annan kjenning, og etter ei stund forlet dei hotellet for å få seg noko mat. Karane er sterkt berusa, og Jeremias vert nekta alkohol på restauranten dei oppsøker. No renn begeret over og han kastar ein stol inn i ein flaskereol. Politiet vert tilkalla og dei må ta hardt i for å få roa ned Jeremias. Under pågripinga gir Jeremias den eine politikonstabelen eit hardt slag i ansiktet til «hvilket Konstabelen blødde meget». Det blir slåsskamp der Jeremias og konstabelen hamnar på golvet. Etter ei stund kjem fleire politikonstablar til ,og dei pågrip Jeremias. Dei får på han handjern og køyrer han til fengselet.

Under rettssaka vert det innkalla ti vitne som fortel sine versjonar av hendinga. Jeremias vert dømt til «fengsel på Vand og Brød i 7 – syv – Dage» og sett i fengsel i Trondheim i desember 1902.

Harde ord vert utveksla, og det heile endar i eit slagsmål.

Det tek ikkje lang tid før Jeremias sitt namn på nytt dukkar opp i offentlege dokument etter dommen i desember 1902. I ei av kyrkjebøkene til Johanneskirken i Oslo står Jeremias oppført som far til eit barn, ei jente, som blir gravlagt 16. februar i 1903. Jenta var født 9. januar same år, og døyr 12. februar. Namnet jenta fekk var Borgny Katarine Margrete Lorentzen. Mora er ikkje nemnd, men vi finn ho i andre dokument som Charlotte Lorentzen f. 1868 i Tromsø, dotter av ein bakar.

1903 er Jeremias stadig på farten. Han spelar konsertar og tek arbeid der han er. Han er også i Bergen. Hans Engeset skriv til samlaren Arne Bjørndal: «Han var ein umflakkande mann, og tente ofte bra med pengar. Men han var godsleg, og pengane varde ikkje alltid so lenge. Eg hugsar soleis daa eg gjekk på skule i Bergen i 1903. So trefte eg han ein dag på gata og han bad daa um aa få låne kr. 5 som han måtte ha for aa koma til Sauda, der han skulde halda ein konsert. Nokre dagar seinare, daa eg kom frå skulen, laag der eit brev på rommet mitt fra han og so ein pakke med apelsinar. I brevet var femkronaren og so hadde han skreve: Takk for lånet. Eg fer til Trondheim i kveld. Jeremias».

I april 1903 låner han ei fele i Ålesund som han etter kvart sel til ein hotelleigar i Stordalen på Sunnmøre som betaling for hotellopphaldet. Eigaren av fela, Johan Nygaard, melder Jeremias for tjuveri.

I mai 1903 er han igjen i Trondheim og låner han ei fele av politikonstabel Kristian Gunnes. Avtalen er at Jeremias skal låne fela ei kort tid, men Jeremias dreg vidare. I Stjørdal set han att fela til Gunnes på eit hotell og dreg vidare til Narvik. Gunnes melder forholdet, og Jeremias vert ettersøkt. I november same år blir Jeremias òg mistenkt for eit pengetjuveri i Trondheim, der han skal ha stole ein skinnpung med 50 dollar.

Nok ein gong sit Jeremias på tiltalebenken. Han blir dømt for tjuveriet av felene, sjølv om Jeremias nektar for at han hadde stole dei. Når det gjeld tjuveriet av pengepungen, nektar han òg dette. Her er ikkje bevisa gode nok. Berre eit år etter førre dom, får Jeremias nok ein dom på seg. Den 29. desember vert han dømd til vatn og brød i 10 dagar for tjuveri.

Jeremias dreg nordover, rett etter at han har sona ferdig dommen i Trondheim. Han er no 24 år og har allereie fleire dommar på seg. Heime i Nordfjord har han ein son på tre år.

I april 1904 er han nok ein gong i politiets søkelys. Denne gongen har han kome i konflikt med Annæus Eriksen Myklevand, som også hadde eit kriminelt rulleblad. Dei to skal ha blitt kjende i Svolvær i januar, og gir seg i veg i lag til Narvik. Der gjev dei underhaldning saman, men oppmøtet er dårleg. Etter kvart blir det usemje mellom Annæus og Jeremias, og ein kveld ryk dei i tottane på kvarandre. Det blir eit stygt slagsmål, der dei begge får dei inn fleire «fulltreffarar». Etterpå melder dei kvarandre hjå politiet i Narvik, som set i gang etterforsking. Enden på visa var at saka vart lagt bort i juli, då det var vanskeleg å få klarheit i omstenda.

Kvar Jeremias tek vegen frå Narvik i april 1904 veit ein ikkje sikkert, men mykje tyder på at han drar til Sulitjelma for å arbeide i gruvene der. Bygdeboka Fauskeboka nemner at Jeremias arbeidde ved taubanen ved gruvene i Sulitjelma, oftast kalt Sulis. Spelemannen Einar Galaaen (1913–2000) frå Røros skriv i Spelemannsbladet at far hans, Ingulf Hansen Galaaen (1886–1935), vart kjent med Jeremias i Sulis. Ingulf var òg felespelar, og dei to skal ha spelt mykje saman. Jeremias skal ha arbeidd ved gruvene ved Hanken/Nye-Sulitjelma der det var mange frå Røros-området.

Sulitjelmagaloppen, Jeremias Hendens mest kjende komposisjon, nedskriven av Ole C. Prytz (Klas-Ola) frå Røros. Kjelde: Steinar Prytz

Medan Jeremias er i Sulitjelma, lagar han sin mest kjende komposisjon. Han skal ha arbeidd i ein gruvestoll som dei kalla «Ort 119». Den nylaga galoppen fekk namnet «119-galoppen». Men på oppfordring frå andre felespelarar frå Røros-distriktet som arbeide i Sulis, blant andre Anders Bækken (1872–1964) frå Hessdalen, ville dei at slåtten skulle heite «Sulitjelmagaloppen».

Edvin Kvæl frå Sulitjelma skriv i brev til Rolf Myklebust om inspirasjonen til å komponere slåtten: «Han har sikkert fått ideen når han så slusken trampe ivei med sin vidbremmete hat nedbrækt for det ene øie og med sin langsjørtet dame trave i vei over brakkegulvet eller i et gammelt Dampkjøkken som ofte var brukt til danselokale i den tiden, i motsetning til vort vakre Folkets hus vi nu har.»

Sommaren 1904 slår Jeremias følgje med Ingulf til Røros-traktene. Her spelar dei konsertar i lag i lokalet Vonheim på Røros, i lokalet Fram på Os og i lokalet Skjold på Tolga. I bygda Galåen der Ingulf bur, er det også mange som spelar fele, og her blir Jeremias kjend med felespelaren Ole C. Prytz, oftast kalla «Klas-Ola» (1852–1937). Prytz skriv opp fleire av komposisjonane til Jeremias på notar. Jeremias må òg ha vore innom Ålen på tur til Røros i 1904, for året etter, 10. juni i 1905, har Jeremias sendt eit postkort til Anders Haugen (1852–1927), ein ruvande skikkelse i Røros-distriktet, der han takkar for sist.

Frå Røros-området går nok turen nordover til Sulitjelma att, men i januar 1905 er det slutt. 31. januar er han innført i «Svarteboka» ved gruvene i Sulis, ei bok med register over uønskte arbeidarar. Det står oppført at Jeremias har skyld til gruvene.

På slutten av 1905 går det ut nok ei melding der Jeremias blir etterlyst i tidsskriftet Polititidende. Han er «sigtet for underslag av en violin», og «sigtede var, da han sidst saaes her i byen, iført graaaktig enkeltknappet trøje og graastribede benklær.» Jeremias blir arrestert og fengsla i Narvik 12. desember.

I forhøyret 13. desember får vi litt innblikk i reisa til Jeremias. Her opplyser han kvar han hadde vore tidlegare på året. Om sommaren er han i Nordfjord hjå slektningar. I august er han i Trondheim før han nok ein gong tek turen nordover til Narvik. Jeremias tek òg ein tur til Harstad før han vart pågripen da han var attende i Narvik. Han var òg innom Kvæfjord for å stemme piano då han reiste frå Harstad. Jeremias fortel at han hadde vore i Narvik vinteren 1903/1904 der han gav musikkundervisning og konsertar.

Medan Jeremias var i Narvik, skreiv han også ein revy for «Den socialdemokratiske forening» der han sjølv medverka som skodespelar i fleire nummer. Revyen vart framført for fulle hus to søndagar på rad. I etterkant vart det usemje om betalinga Jeremias skulle ha.

Jeremias vert nok en gang sikta for underslag. I august 1905 skal han lånt ei fele i Florø som han har pantsett. Han har òg pantsett ei lånt fele i Trondheim i september for å ha pengar for å reise til Narvik. Komen til Narvik så spelte han på Cafe Central, nok ein gang på ei lånt fele. For å gjere opp rekningane sine, pantsette han denne fela også. Sidan fekk han låne ei ny fele som eigaren henta tilbake frå Jeremias to gongar. Jeremias fekk låne denne fela nok ein gong, og tok ho med seg til Harstad. Han hadde også fleire ubetalte rekningar hjå eit hotell i Narvik. Henden nekta først for forholda og blei sett i varetekt.

Jeremias erkjenner å ha lånt felene, og opplyser at han har inga moglegheit til å betale erstatning. Han meinte sjølv ifølgje dommen at han ikkje hadde gjort noko gale, då han ville be dei fornærma om unnskyldning, men at det hadde han ikkje lukkast med sidan han mangla midlar.

Den 22. januar 1906 vart han sett under tiltale, og dom i saka fall 1. mars. Jeremias vart dømd til fengsel i 120 dagar minus 33 dagar i varetekt. Straffa vart skjerpa sidan han var straffa for liknande før. Han blir òg fråteken retten til å tenestegjere som vernepliktig sanitetskorporal ved Fjordenes bataljon. I dommen står det at Henden dei siste seks–sju åra har reist rundt om og spelt konsertar, og at utbyttet nokre gonger har vore veldig bra, men at som regel er inntekta ustabil. Han er ugift og har ingen å forsørge, heiter det i dommen. Jeremias sonar i Bodø Kretsfengsel, og 29. mai er han atter ute i det fri.

«Namnet er som ein fanfare, og slik kling han òg i minne frå første gong eg høyrde galoppen i radio i 1925. Det var Alfred Maurstad som spelte.»

Rolf Myklebust om «Sulitjelmagaloppen»

Kvar Jeremias tek vegen når han er ein fri mann slutten av mai 1906, veit vi ikkje. Men neste gong han er nemnd, er i januar 1907. Då er han atter ein gong meldt for underslag. Han har lånt ei fele med boge og kasse av den kjende hardingfelemakaren Anders C. Kleven (1855–1909) som har eigen feleverkstad i hovudstaden. Jeremias skulle bruke fela til å spele på nokre restaurantar i byen.

Fela til Kleven pantset Jeremias for 70 kroner. Han låner òg ei hardingfele av fotografen og hardingfelespelaren Narve Skarpmoen (1868–1930). I politiavhøyr seier Skarpmoen at Jeremias fekk låne fela for han skulle skrive ned gamle slåttar frå Nordfjord som skulle bli utgjevne hjå forleggaren Zapffe. Denne fela pantset også Jeremias. Skarpmoen seier at han har kjent Jeremias Henden i mange år og kunne ikkje tru at han kunne gjere noko slikt! Det er òg fleire forhold Jeremias blir meldt for denne gongen.

Mykje tyder på at Jeremias dreg nordover på nyåret i 1907. Det heiter seg at han var i bygda Ålen i Trøndelag i påska. Der budde han først hjå felespelaren Ingebrigt Djupdal (1872–1934), som han vart kjent med i Sulitjelma. I notesamlinga Djupdal etterlet seg, finn ein mange av Jeremias sine komposisjonar. Nokre har han skrive ned sjølv, andre har Djupdal skrive ned.

I påskehelga budde Jeremias hjå familien Saksgård. Her var det mange som spelte fele, og far i huset, John J. Saksgård (1889– 1982), fekk lære Jeremias sin mest berømte komposisjon, Sulitjelmagaloppen, som dei spelte saman.

Jeremias skal òg ha spelt ein konsert i lokalet Kirkmo til stormande jubel. Han vart så lagt merke til, at ein av dei lokale felespelarane i bygda, Martin Kirkhus (1888–1971), som likna slik på Jeremias når han spelte, fekk tilnamnet «Henden».

Frå Ålen må Jeremias ha teke turen til Trondheim og vidare til Bergen. For å ha pengar til å betale losji og reise, pantsette han fela i Ålen hjå ein lokal landhandlar som òg dreiv gjesteheim, Rasmus Saksgård (1867–1968), med lovnad om å hente ut fela om nokre dagar.

Jeremias dukka aldri opp att, og fela vart mange år etter seld til Birger Reitan (1893– 1977) i Ålen som spelte fele. Hjå han var fela i mange år før spelemannen Anders J. Reitan (f. 1936) fekk kjøpt ho. I dag er det Anna Reitan, barnebarnet til Anders, som har fela.

Den 3. april i 1907 blir han kravd pågripen. Han blir etterlyst i politiet sitt tidsskrift Polititidene, og 13. april blir Jeremias tatt i Bergen. Han blir sitjande natta over, men blir sleppt ut frå Bergen Kretsfengsel mot meldeplikt. Jeremias oppheld seg i Bergen i heile mai medan etterforskinga føregår, og ventar på at saka mot han skal kome for retten.

Han blir fengsla på nytt 13. juni og det fell dom i saka like etter. Jeremias vert no dømt til 9 månaders fengsel. Den 18. juni blir han transportert til Oslo og Botsfengselet. Her sit han i fengsel frå 21. juni til 15. desember.

Då Jeremias slepp ut på prøve frå Botsfengselet 15. desember i 1907, går turen vestover. Han har fått lovnad om arbeid ved smelteverket i Odda. Her ser det ut for at Jeremias prøver å skikke seg, og det går bra. No kjem det òg eit livsteikn frå Jeremias til familien i Nordfjord. Til broren Kristen kjem eit kort, poststempla i Odda 1908:

«Jeg har i en og en halv maaned været syg i en arm saa jeg ikke har kunnet arbeide. Har i den tid været instruktør for en musikforening her, og skrevet noget som heder Oddingen, en slags lokal vitighetds avis, som er udkommet med et par no. Muligens de siste av den slags. Arbeider fortiden med musik og lidt skriveri i andre aviser.» Musikklaget som Jeremias nemner her, er det som seinare fekk namnet Odda Musikklag.

I postkortet skriv ikkje Jeremias kva som var årsaken til at han har vore sjuk. Svaret finn ein i avisa Sogningen tirsdag 2. juni 1908: «Et Stygt overfald fant nat til forrige søndag sted i Odda. En yngre mand fra Sandane i Gloppen ved navn Jeremias Henden, der vesentlig ernærer sig med fiolinspil, blev overfaldt af en Omstreifer og stygt tilredt med knivstik. Dersom ikke en mand var kommet den overfalte til hjælp vilde denne sansynligvis ha blitt drept.»

Dette blir eit vendepunkt for Jeremias. Det såg ut for at han hadde fått ein ny og god start i Odda, men skadane han fekk av overfallet, gjer at han ikkje kan arbeide kor som helst. No kjem det også nye etterlysningar. Sjefen ved Hotell Røldal i Odda melder Jeremias til lensmannen i Ullensvang 25. september 1908 for å ikkje ha betalt hotellopphald og drikkevarer. Rekninga var på 9 kroner. På hotellet skal Jeremias også ha gjeve underhalding i tre kveldar. Sist han var sett i Odda var 4. oktober. Jeremias nemner sjølv i seinare avhøyr at det gjekk rykte i Odda medan han budde der om at han hadde vore straffa og vore i fengsel. Ut i frå dette må ein tru at Jeremias ikkje sa så mykje om livet sitt der han for.

Frå Odda dreg han til Bergen for å søke arbeid. Her lukkast han ikkje, så Jeremias tek ut igjen og prøver å livnære seg nok ein gong som musikar og pianostemmar.

«Har i den tid været instruktør for en musikforening her», skreiv Jeremias i eit brev frå Odda heim til familien. Laget fekk seinare namnet Odda Musikklag. Kjelde: Kraftmuseeet
Fanteguten, reinlender av Jeremias Henden nedskriven av Ole C. Prytz (Klas-Ola) frå Røros. Kjelde: Steinar Prytz.

Han drar til Tomrefjord i Romsdal i november 1908 og bur der ein liten periode. Jeremias er nok ein gong felelaus og får låne instrument hjå Petter P. Vik i Tomrefjord. Fela blir levert tilbake, men ei oljekappe han har kjøpt på kreditt, blir han meldt for å ha stole sidan han aldri betalte.

Når ein skriv 1909, er Jeremias framleis i Møre og Romsdal. I rettspapira i sakene mot han seinare på året, opplyser Jeremias at han har vore i Kristiansund og Ålesund jul og nyttår i 1908. Han er etterlyst for å ha drege frå Odda utan løyve. Den 6. mars blir han fengsla i Trondheim. Her sit han i arrest til 18. mars. Då går han fri mot ein kraftig åtvaring. Meldingane frå Møre og Romsdal har ikkje kome myndigheitene i Trondheim for øyre.

Same året vitjar Jeremias òg bergstaden Røros. Jeremias ville besøke venen Ingulf Galaaen. Ingulf var diverre bortreist, men han helsar på Klas-Ola som han møtte nokre år før. Nok ein gong var Jeremias pengelens og felelaus. Han fekk overtala Klas-Ola til å låne bort fela si, og Jeremias tek då turen til gruva på Storwartz der han spelar ein konsert. Han lovde Klas-Ola å kome attende med fela når han kom ned att frå fjellet. Henden dukka ikkje opp, og Klas-Ola vart engsteleg. Sjølv om det var midt i høyonna, drog Klas-Ola inn til Røros, og der møtte han heldigvis Henden. Klas-Ola fekk fela si attende. Som takk for lånet av fela skreiv Henden opp valsen «Bouton de Rose» av Gaston Borch på notar til Klas-Ola.

Seinare på året held Jeremias seg i Nord-Østerdal der han har teke seg arbeid ved gruvene i Folldal og på Røstvangen. Frå Lensmannen i Tynset får han krav om oljekappa han hadde kjøpt på kreditt i Tomrefjord. I svar attende skriv Jeremias har han har sendt kr. 4 til landhandlaren i Vestnes.

9. mars 1910 er Jeremias Henden «besluttet gjeninnsatt for å udsone reststraff». Med straffa får han òg emigrantforbod, og draumen om Amerika fell i grus.

Den dårlege spiralen Jeremias er inne i fortset. I desember i 1909 har han nok ein gang lånt ei fele som han ikkje leverer tilbake. I november snik han på dampskipet som går mellom Orkdal og Trondheim. Her får han eit førelegg på kr. 12. I oktober fekk han ei bot på kr. 10 for å ha vore sterkt rusa i gatene på Røros der han òg laga spetakkel under eit foredrag i lokalet Sangerhuset.

På nyåret 1910 blir han skulda for å ha lånt pengar han ikkje betalar tilbake. Jeremias blir oppmoda om å møte hjå politiet i Orkdal, men skriv til lensmannen at han no er i Folldal, og han kjem kanskje til Orkdalen snart. Han skriv òg at han no har blitt fråhaldsmann og skal til Amerika til sommaren. På same tid kjem det melding frå lensmannen på Røros om at han må arresterast på grunn av hendingane som er nemnde.

Midt opp i alt dette står Jeremias som brudgom i Trondheim. Den 14. februar gifter han seg med Kjersti Nytrøen frå Tynset. Dei må truleg ha møtt kvarandre året før, då han arbeidde ved gruvene i Nord-Østerdalen. Det var ikkje lang tid Jeremias og Kjersti fekk saman som nygifte. Jeremias bli pågripen i Trondheim nokre dagar etter bryllaupet, og 9. mars er Jeremias Henden «besluttet gjeninnsatt for å udsone reststraff». Med straffa får han òg emigrantforbod, og draumen om Amerika fell i grus. 12. mars vert han transportert til Bodsfengselet, og han sit der frå 15. mars til 15. juni.

Når han vert innrullert på Botsfengselet, står følgande registrert: «Innkommet 15/3 1910, mor død i 1898, konfirmert 1895, registrert gift, ett uekte barn, drikfældig: JA, straffet for underslag, var beruset ved pågripelse, straffetid er 91 dager, god oppførsel i fengselet, Oppgir at siden løslatelsen fra Botsfengselet 15/12 1907 har han arbeidet i Odda 3/4 år, Meldalen (Orkla gruber) 4 mnd, arbeidet ved Røstvangen, og vært musiker i Østerdalen.»

Kontakten med lovens lange arm blir mindre i åra frametter. I 1912 er han busett i Horg i Trøndelag og skal ha motteke ei åtvaring frå lensmannen der grunna alkoholbruk.

Men 8. oktober 1913 går det ut «fængslingskjendelse» frå Nord-Østerdal sorenskriveri, om at han skal arresterast for å ha «unnlatt understøttelse av sin hustru». Henden bryr seg ikkje stort om ekteskapet, han har reist omkring, arbeidd og spelt fele. Korleis utfallet vart av dette, veit ein ikkje. Truleg fekk han ei åtvaring. Kona Kjersti skreiv seg for Kjersti Henden så lenge ho levde.

I byrjinga av 1914 sit Jeremias tre dagar i fengsel i Trondheim, og seinare på året er han etterlyst i Skien der han òg vert pågripen. I 1917 er han nok ein gong etterlyst i Bergen. I 1919 er han etterlyst for hotellbedrageri i Telemark, men saka vart seinare lagt bort. I 1921 er Jeremias ettersøkt for fleire hotellbedrageri. Antakeleg har han ikkje betalt for seg.

At Jeremias arbeidde som pianostemmar, er ei side av livet hans som ikkje er så godt kjend. I 1922 får han god attest frå Fleischers hotel på Vossevangen. Foto: Wolfmann, Wikimedia / CC-BY-SA-4.0
Stalheim Hotel på Vossestrand, her i 1925, var eit anna hotell der Jeremias Henden stemte piano. Foto: Richard Fleischhut, Wikimedia / CC-BY-SA-3.0

Jeremias farta vidt omkring. Mats Tystad frå Gloppen var på Rjukan kring 1913/-14. Jeremias kom også dit. Han hadde berre med seg ein pianonøkkel og slitne klede. Men det vara ikkje mange dagar før han var fint oppstasa, nemner Tystad. Jeremias tok ikkje anleggsarbeid, men dreiv med kurs i fiolinspel og spelte til stumfilmar, nokre gonger samen med piano.

I nokre papir etter Jeremias som slektningar har i dag, kan ein òg sjå litt kvar Jeremias for. I ein attest frå 1915 frå Løkken Verk står det at Jeremias var reparatør der frå 9. desember 1910 til 4. oktober 1911. I ein attest frå 1916 frå Bjølvefossen i Ålvik i Hardanger står det at Jeremias har arbeidd som montør frå 19. juni til 18. oktober med timelønn på 90 øre. I 1917 arbeider han ved Saudafaldene frå 30. mars til 19. april som mekanikar og reparatør. Frå 1918 finst ein attest frå eit anlegg i Flekkefjord der Jeremias vert anbefalt.

På ein resept frå 1921 ser ein at Jeremias har vore innom Farsund, Evje, Voss, Ålesund, Sand i Ryfylke, Molde og Tvedestrand.

At han stemte piano, noko som krev eit godt gehør, er ei side i Jeremias sitt liv som ikkje er så godt kjent. Spesielt dei siste åra han levde, har vi fleire kjelder som seier noko om verksemda hans. I ein attest 21. september 1918 skriv pianist William Murdoch at Jeremias har stemt pianoet hans. Murdoch reiste verda rundt og spelte konsertar.

Jeremias Henden stemte også piano på Voss. I ein attest frå 1922 skriv Fleischers hotel at Jeremias har stemt pianoa der i tre år og utført godt arbeid. Likeså ved Stalheim hotell.

Også kyrkjeorgel stemte Jeremias. Den 18. april 1922 skriv Vanylven sokneråd at Jeremias har reparert kyrkjeorgelet, og at dei var godt nøgde. Det står: «I henhold til Deres ærede av 15.4 kan jeg meddele at Vanylven kirkeorgel har fungert helt tilfredstillende siden den av Dem utførte reperasjon.»

Siste åra Jeremias levde var han også mykje på farten, og det ser ut for at han no livnærer seg som pianostemmar og anleggsarbeidar. Heime i Nordfjord var han sjeldan å sjå. I 1919 då faren Endre døyr, må ein rekne med at han vitja heimstaden. Endre var då ein eldre mann på 81 år.

Jeremias sjølv vart ikkje gamal. Den 30. mai i 1923 sovna han inn i Nordheimsund i Hardanger, nær 44 år gamal. Meldinga om dødsfallet sto i avisa Nordfjord to dagar etter. Om årsaka til at han døydde har den mest kjende historia vore at han fraus ihel under ein båt. Sanninga var ikkje slik.

Som mange andre som reiste rundt om, hadde han ikkje alltid råd til å ta inn på eit hotell. I Nordheimsund mai 1923 skal Jeremias ha overnatta under ein båt. Her fraus han på seg sjukdom, som ei tid etter vart dødsårsaka. Broren Kristen fekk henta Jeremias heim, og han vart gravlagt 7. juni på Fredly gravplass ved Sandane.

Om sonen Endre var med i gravferda veit ein ikkje. Men utifrå eit brev frå Jeremias sin bror, Kristen, skriv til Endre 8. juli var han ikkje til stades. Endre må ha høyrt bodskapen «på bygda». Kristen ber om orsaking for dette og for at han ikkje har gjort nok for Endre, og med ønske om «at du ikkje føler nogen bitterhed mod mig».

I Nordheimsund mai 1923 skal Jeremias ha overnatta under ein båt. Her fraus han på seg sjukdom, som ei tid etter vart dødsårsaka.

Jeremias Henden levde eit mangfaldig og kontrastfylt liv. Han var «konge» på scena og i musikken, men i det daglege var det tunge tak. Han var på kant med lova store delar av sitt vaksne liv. Mange gonger lånte han feler som han pantsette. Det likevel musikaren Jeremias Henden som vert hugsa.

Ein sambygding, Mons Henden (1883–1965), skriv rosande om Jeremias i skriftet Hennebygda. Ei kultursoge. Han nemner spesielt ein kveld: «Etter at han hadde teke til å reise rundt og halde kvelder med felespel og sogeforteljing, kom han ein dag til Hennebygda og spela og las opp i Kirstenstova om kvelden. … Det var fyste gongen eg høyrde Seterjentens søndag og Solveigs sang. … Den kvelden fekk eg høyre ‘Prestens tale’ frå Peer Gynt, også for første gong. Jeremias hadde store anlegg både som skodespelar og og musikar, og hadde sikkert gjort det like godt som Alfred Maurstad, om han hadde vilje og sterkare karakter.»

Ei anna kjelde er i 50-årsskriftet til Firda Ungdomslag om eit stemne i Loen i 1899. Det står det at «Jeremias Henden underheldt med felespel. Det var serleg lydarslåttar, sume av dei hadde han laga sjølv. Han hadde stor givnad for felespel. Sume av dei som var tilstades, hugsar enno kor meisterleg han tolka Budeiene på Vikafjell av Sjur Helgeland.»

Spelemann Per Støyva (1896–1988) frå Breim hugsa ein konsert Jeremias heldt. Då
spelte han klassiske stykke, og Støyva fortel om ein spelemann som hadde ein stor og
fin tone, og at han førde seg fint på scena. Då han var ferdig, forlangte publikum som besto mest av sluskar, at han måtte spele «Sulitjelmagaloppen» og fleire av komposisjonane sine. Støyva hugsa at han aldri hadde høyrt nokon spele «Sulitjelmagaloppen» så fint og bra som komponisten sjølv.

Jeremias var òg ein humorist. Nils Sandnes frå Lofoten fortel om ei historie far hans, Nils R. Sandnes (f. 1881, Heggjabygda), opplevde. I Lofoten møtte Sandnes Jeremias som skulle ha sagt at han kunne spele om så det var, også på ein tørrfisk. Karane setta så strengar på ein tørrfisk, og Jeremias spelte. Etterpå sa han at hadde ikkje fisken «vore sur», så hadde det lete penare.

Kva slags feletradisjon sto Jeremias i? I heile Nordfjord har felespelet stått sterkt, og dei indre bygdene, Stryn, Breim og Hornindal, har dei mest kjende tradisjonane. Eit viktig namn i soga er Per M. Bolstad (1833–1910), ein som beherska det gamle spelet og «det nye» som krev meir teknikk, slik som posisjonsspel. I Breim hadde dei Anders Reed (1849–1924) som i likskap med Bolstad hadde fleire slåttar etter meisteren Fel-Jakup (1821–1876) frå Gudbrandsdalen.

I Hornindal var Magne Maurset (1824–1916) den fremste. Maurset skulle ha hatt ein trolsk rytme. Alle desse spelte vanleg fele. Seinare kom hardingfela, og i dag blir begge feletypane nytta i Nordfjord. Ein anna dyktig og mykje brukt felespelar på den tida var fotografen Jens Maurseth (1863–1927) frå Stryn.

Per M. Bolstad flytta til Ålesund, men kontakten med heimbygda Stryn var stor. Det galdt også sonen Per Bolstad som er nemnd tidlegare. Far og son Bolstad var betydelege bygdekomponistar og laga ei mengd med slåttar, sonen nær 600 dansar i gammal stil. Mange av desse går inn i sjangeren «ensemblemusikk», feleslåttar som krev ein annan teknikk enn dei gamle slåttane.

Gabriel Reed (1869–1957), søskenbarnet til Jeremias, var av dei fremste i Breim i si tid. Også han laga mange slåttar, mange av dei krevjande. Gabriel var som Jeremias aktiv idrettsmann. Han var lærar og fekk mykje å seie for kulturlivet og ungdomsidretten i Breim. Han gjekk lærarskule på Hamar. Her blei han kjend med felespelaren og komponisten Lars Hollo (1826–1902).

Gabriel lærte opp fleire spelemenn, blant andre Jakop Myklebust (1879–1976), far til Rolf Myklebust (1908–1990) som var felespelar og programleiar i Folkemusikkhalvtimen frå 1952 til 1978. Rundt Gabriel var det mykje samspel, og Jeremias var med i fleire samansettingar som Gabriel leia. Eitt av nummer dei spela, var «Kalifen av Bagdad» der Gabriel spela førstefele og Jeremias andre. Reed laga eit musikklag i 1895 med tre feler og ein cello. Seinare vart det ei større besetning, som vart kalla «Breimsmusikken».

Rundt Gabriel Reed (nr. to frå høgre) var det mykje samspel, og Jeremias var med i fleire samansettingar som Gabriel leia. Reed laga eit musikklag i 1895 med tre feler og ein cello. Seinare vart det ei større besetning som vart kalla «Breimsmusikken». Kjelde: Privat
T.v. spelemann og komponist Per Bolstad (1875–1967), som inviterte Jeremias med på eit skjebnesvangert drikkegilde i Trondhjem i 1902 (kjelde: NRK). T.h. Rolf Myklebust i Folkemusikkhalvtimen, som skreiv om Sulitjelmagaloppen: «Namnet er som ein fanfare, og slik kling han òg i minne frå første gong eg høyrde han» (kjelde: Spelemannsbladet).

Hardingfela gjorde sitt inntog i Nordfjord i Jeremias si tid. Han som er rekna for å vere av dei første som gjekk over til nasjonalinstrumentet, er Ivar Kjellstad frå Sunnylven (1868–1914). Sjølv om Kjellstad var frå Sunnmøre, er han rekna for «ein i tradisjonen» i Nordfjord. Allereie i 1902 vann Kjellstad den første kappleiken Ålesund, som var av dei første kappleikane i området.

I 1907 høyrde Jon Rosenlid (1891–1974) frå Fjelli i Stryn ein konsert i Bergen med spelemannen Sjur Helgeland (1858–1924) frå Voss. Dette inspirerte, og Rosenlid skaffa seg hardingfele i Berge. Likeså spelekameraten, Samuel Bergset (1888–1974), også han frå Fjelli. Sjølv om Jeremias spelte mest vanleg fele, må han ha hatt godt tak på hardingfela, for fleire plassar er han omtalt som «hardangerviolinist».

Sulitjelmagaloppen er den mest kjende feleslåtten Jeremias komponerte. Rolf Myklebust beskriv slåtten slik: «Namnet er som ein fanfare, og slik kling han og i minne frå første gong eg høyrde galoppen i radio i 1925. Det var Alfred Maurstad som spelte. Han hadde gjort Nordfjord-slåttane så populære med hardingfelespelet sitt, at folk i Oslo slost om høyreklaffane til krystallapparata.»

Som før nemnt laga Jeremias galoppen medan han han arbeidde i Sulitjelma. Korleis slåtten vart til, er det fleire historier om. Leif Tomasgård for Hornindal fortalde at Jeremias var komen til Sulitjelma for å søke arbeid, men fordi han var spelemann ville han ha lett arbeid. Gruvesjefen var i tvil om han verkeleg var så god som Jeremias skulle ha det til, så han bad han lage ein slått. Då slåtten var ferdig, vart han tilsett med ein gong.

«Sulitjelmagaloppen» vart særs populær. Over alt der Jeremias spelte, sto denne på programmet, og fleire ville lære slåtten. I Ålen i Trøndelag var du ikkje godkjend som spelemann om du ikkje hadde denne på repertoaret.

Kanskje den mest særmerkte slåtten Jeremias har laga, er ein vals på trollstilt fele. Her møtest dåmen av dei gamle Nordfjord-slåttane med slåttar i kunstmusikalsk stil.

Fleire kjelder fortel at Jeremias skal ha seld mange av sine komposisjonar slik at andre fekk æra av dei. Han skal òg ha sett melodiar til songar. Ein gang han var på Voss og skulle klippe seg, var Jeremias pengelens. Som betaling fekk frisøren ein handskriven note med «Sulitjelmagaloppen».

Den fyrste til å spele inn «Sulitjelmagaloppen» på plate, var Alfred Maurstad som gjorde innspelingar på 78-plater av feleslåttar i Berlin 1927. Maurstad spela ei anna rekkjefølgje på delane i slåtten enn det som har vore standard i seinare tid. Rolf Myklebust prøvde å rekonstruere komponisten sin versjon, og tok kontakt med spelemenn rundt om som hadde lært slåtten av Jeremias. Myklebust sjølv spelte inn sin versjon med eit salongorkester i NRK i 1949.

I lang tid var det i Nordfjord få slåttar ein kjende til som Jeremias hadde laga. Utanom «Sulitjelmagaloppen» var det berre nokre reinlendarar ein visste om. Men på ein annan stad har Jeremias sine slåttar vore mykje brukte. Då han gjesta Ålen og Røros, skreiv spelemennene der ned slåttar av han på notar. Sidan vart dei ei tid mykje brukte, særskilt ein vals i A-dur som var nytta som brudevals. Seinare har galoppen «Hurra!» vore ein del spelt. På notar finns òg ein vals i D-dur og to reinlendarar av Jeremias, der den eine heiter «Fanteguten». Kanskje den mest særmerkte slåtten Jeremias har laga, er ein vals på trollstilt fele. Her møtest dåmen av dei gamle Nordfjord-slåttane med slåttar i kunstmusikalsk stil.

Jeremias Henden var ein einar som musikar og felespelar. På scena opplevde han suksess, men utafor podiet var livsvegen heller vanskeleg. Med lova i hælane drog han over heile Norge, og nokre gonger vart han innhenta og straffa for brotsverka.

Ettertida har heidra Jeremias. Han har ein plass blant dei «viktige spelemennene» i si tid, og musikken hans lever framleis.

Her finn du introduksjonen og litteraturlista til denne artikkelen, som òg er publisert i Folkemusikk nr. 4/2023.