Plata Xeno Mania viser at Ale Möller stadig fortener tittelen «Gudfaren» på den nordiske folke- og verdsmusikkscena etter 50 år som musikar.

Ale Möller er ein mann som spelar på mange instrument og har mange jern i elden. Nokon skildrar han som «Gudfaren i nordisk folkemusikk». Me har tidlegare at Ale Möller verkar som om han er verdas koselegaste mann. I år feirar han 50 år som artist, og me bøyer oss i hatten, for å seia det med Heidi Weng. Han feirar desse femti åra med å gje ut plata Xeno Mania saman med sitt eige band, nemleg Ale Möller Band. Me kjenner litt sorg over at bandet ikkje heiter Ale Möllers tran, men det får me berre leva med.

Albumnamnet Xeno Mania betyr «gleda over det ukjende». Til storateatern.se seier Ale at han veit at det finst folk som vert ille til mote av å møta det ukjende, men for han er det motsett: Å møta det ukjende gjer han glad og oppstemt. Sjefen sjølv har laga all musikken på albumet, som er ein hyllest til fire musikarar som har vore sentrale i livet hans: Gibra Dah (Senegal), Tarak Das Baul (India), Barba Thodoro (Hellas) og Röjås Jonas (Dalarna).

Ale Möller band: Xeno Mania
  • Quality Recordings/MTA Production, 2021
  • 12 spor, 56 min.
  • Produsent: Ale Möller
  • Medverkande: Jonas Knutsson, Felisia Westberg, Erik Rydvall, Johan Graden, Kerstin Ripa, Liliana Zavala, Robin Cochrane, Per Texas Johansson og Ale Möller

Ale Möller band høyrest ut som Ale Möller band. Energisk. Rytmisk. Speleglede. Her er det mykje strenger, blås og bass. Majestetisk bukkehorn. Det er mykje lyd på plata. Me noterer oss at medan andre musikarar gjerne vert spakare med åra, går det motsett veg med Ale. Han berre pøser på. For eit fyrverkeri det må vera å vera på konsert med dette bandet! Plata er ei rein instrumentalplate, og her er det folkemusikk/verdsmusikk blanda med både frenetisk jazz og sløv jazz. På tidlegare plater har det gjerne vore sterke vokalprestasjonar, og me kjenner at me saknar det litt, men me får ta ein Ale og verdsetja det ukjende.

Plata startar med «Jarnhästen». Sidan me er lokførarar og køyrer jernhest til dagleg, reknar me med at denne er laga til oss. Me kunne godt ha hatt denne på øyra når me rir på jernhesten vår over dei lange viddene over fjellet.

Neste song, «Balafonia», er ein ganske vill komposisjon. Han startar rytmefriskt med ein ertande melodi som set seg på hjernen, sløvar det ned på midten og vert desto villare på slutten. «Keppo» høyrer til settet som er tileigna Gibral Bah, og er ei lita rytmebombe. Me får litt balkankjensle av det. Me tenkjer at ingen ringare enn Hulda Garborg kunne ha brukt dette til stordans, sidan det er rytmar for attersteg.

«Avsked» er ein av dei rolege låtane på plata. Denne songen er så vemodig og vakker at han godt kan brukast i ei gravferd. Me er ikkje lenge i denne stemninga før den velspelte «Veder-halling» kastar oss ut i ville tankar. Her får Gudrun fram ei historie om ein dansar som vert gravlagd til gråt og sorg, men i det «Avsked» glir over i «Vederhalling», vaknar dansaren til live, sprett opp frå grava og dansar seg frisk og mjuk. Eit nytt under har skjedd. Slik går det når ein jamleg drikk Ale Möllers tran.

Etter ein liten harmonisk pause med låten «Horn» får me endeleg levert litt tretakt i låten «Karsi- polska». Melodien er heilt nydeleg, og polskapulsen ligg og lurar i bakgrunnen heile tida, uansett kva krumspring musikarane kjem med. Det er nok ikkje den enklaste polskaen å dansa etter, men med ein smule improvisasjon og danseentusiasme går alt an.

Det er masse fest på plata, slik som «Stafylos», ein veldig rask, jazza låt. Igjen forstår Ale at her treng to energiske tvillingar noko å roa seg ned på, og serverer oss «Stora berget». Dette er noko så sjeldan som ei balladesviske med bukkehorn. «Nattljuset» er ein roleg nattalåt.

Låten «Sju dalar», eller «sju folkedalar», som me likar å kalla denne låten, er kanskje det mest funky bidraget på plata. Me snakkar bass, trommer og seljefløyte. På slutten vert det heilt frenetisk. Heldigvis får me «Gråtimman» til å roa oss ned på etterpå. Me likar på generell basis blåtimen betre enn gråtimen, men musikarane på plata klarar å gjera gråtimen til ei verdig avslutting. Ein skal ikkje kimsa av ein liten snutt med blåseinstrument på tampen.

Alt i alt gjev plata eit godt blikk inn i Ale Möllers univers. Me skulle ynskja at fleire var som Ale!

Ein kortversjon av denne meldinga stod fyrst på trykk i Folkemusikk nr. 2/2021, som er i sal no.