Kan ein strøymd konsert verkeleg nå fram til oss? Eller kan hende blir det som med krigens borkebrød – det metta, men næring og smak var det heller så som så med?

Naud lærer naken kvinne å spinne, seier dei. Og det er sant; året som har gått, har vist ein fenomenal innsatsvilje og kreativitet frå mange naudlidande – mellom andre musikarar og medhjelparane deira over heile landet. Noko av det som tidleg pipla fram, var direkte internett-strøyming av konsertar. Fyrst enkle overføringar via ein telefon på stativ, men overraskande fort kom folk med stor digital kompetanse og mykje utstyr på banen.

Me har sett nærare på to konsertar som Riksscenen strøymde i april. Den eine er eit knippe viser av den skotske diktaren Robert Burns (1759–1796) omsette til vesttelemarksdialekt. Den andre er eit tingingsverk til Osa-festivalen i fjor av Helga Myhr: Andsyning.

Nordstoga / Summers / Lognvik Reinholdt / Silvola / Kvam: Burns på dialekt
  • Riksscenen og strøymeplattforma munin.live, 8. april 2021
  • Musikk: skotske folketonar; tekstar av Robert Burns; oversetjingar av Peter Fjågesund
  • Med Åsmund Nordstoga, vokal; Ingebjørg Lognvik Reinholdt, vokal; Sarah-Jane Summers, fele; Juhani Silvola, gitar; Morten Kvam, bass

Dialekt og stemning

Kjærleik som sjeldan går etter planen, kan stå som overskrift over programmet med Burns-viser. Det er kanskje ikkje så overraskande at Burns si melankolske åre høver godt saman med musikarane frå Vest-Telemark. Men det er godt å merke at dei meir sorgmuntre uttrykka òg hektar seg greitt på. I Peter Fjågesund sine omsetjingar er det som om songane skulle vore dikta i desse fjellbygdene. Ikkje berre fordi han nyttar mange smakssterke dialektord og let kvinnene få namn som Margit, Halldis og Anne på Li. Nei det er noko med melankolien, den lure smilen, den trassige kampviljen, ja heile dåmen som stemmer.

Sjølvsagt skjønar me at her er import og innvandring involvert, særleg når me høyrer Sarah-Jane Summers dra til med ekspressive, raske og svært taktfaste strok på fela si, men at her er skyldskap, er lett å forstå. Og at nett dette skotske «syskenbarnet» vitjar oss, gjer oss gladare. Sarah-Jane Summers er vaskeekte skotte som har gjort nordmann av seg og teke mastergrad i norsk tradisjonsmusikk og fri improvisasjon på Musikkhøgskolen. Hennar traktering av fela på denne konserten er stødig og variert. Ein fin variasjon oppnår ho når ho klimprar på strengene, som var det ein banjo.

Åsmund Nordstoga og Ingebjørg Lognvik Reinholdt syng desse visene, stundom saman og somme tider åleine. Dei er gode til å formidle, også med passe mykje lun småprat mellom visene. Klangen av stemmene deira høver godt i lag – Åsmund med si djupe varme og Ingebjørg med si klåre røyst, som trillar lett over stokk og stein (les: vokalar og konsonantar) også der det skal gå fort.

Lette på strengene er også gitaristen Juhani Silvola og Morten Kvam, som let kontrabassen stø oppunder alt saman og leikar seg litt når han får plass.

Det er så god stemning under denne konserten at når dei til sist kjem fram til «Auld Lang Syne» (den songen om gamalt venskap som ALLE kan), grip eg meg i å syngje med! Dei spinkle tonane ut i stova kan sjølvsagt ikkje måle seg med opplevinga det ville vore å sitja i ein stappfull sal og rugge syngande saman med ein bråte andre lukkelege musikkelskarar, men lell.

Då Andsyning tonar ut etter om lag ein time, kjenner eg ei overraskande ro. Det handlar mykje om utøvarane si dedikerte innstilling, men òg om regien.

Kamp mot flimmer

Det var dette med kva strøyming kan og ikkje kan gje. Og det er ikkje tvil om at sjanger og repertoar er avgjerande for kor lett det er å nå fram gjennom skjermen. Den andre konserten, Andsyning, har dårlegare kår i så måte. For dette er eit stillfarande verk som inviterer til samanhengande, meditativ innleving. Slikt kan vera vanskeleg å få til heime, der det kan vera litt av kvart som distraherer.

Men likevel, eg dempar ljoset, set meg til rette og startar avspelinga. Skjermen min måler 16 tommar, og det er kopla bra høgtalarar til datamaskina. Det er eg glad for. Den vare opninga treng all merksemd. Malin Alander sit stille på ein stol framfor mikrofonen før ho liksom nølande trekkjer fram nokre lange tonar frå dei velutvikla stemmebanda sine. Ved sida av sit Helga Myhr, som har skrive verket, og som snart skal stemme i og lyfte hardingfela. Ho har attlatne augo. Bakom dei er eit sceneteppe som er lyssett med blålilla sjatteringar.

Det er vakkert, men svært stille. Ulikt det meste av slikt som flimrar framom på skjermane våre, og slik sett er det krevjande å halde merksemda oppe. Men det hjelper at ljoset fell godt, at bildeutsnittet er rett, og at lyden er god. Dette er på stell her. Berre nokre få gonger ynskjer eg meg at ho eller han som styrer kamera og avgjer kva eg skal få sjå, ville gje meg eit anna bilete.

Verket til Helga Myhr utviklar seg etter kvart og gjev rom for spennande samspel mellom hardingfele og vanleg fele, oktavfele, langeleik, kontrabass, perkusjon og seljefløyte. Litt av songen har òg tekst. Det gjer godt, jamvel om det ikkje er lett å få tak i alle orda. Me blir jorda på ein måte i desse bylgjene av lyd som stig og fell, og som for ein stor del er svevande og abstrakte. Slik òg perkusjonisten Michaela Antalovà gjev oss bakkekontakt med det rytmiske spelet sitt. Ikkje påtrengande bastant, men som noko handfast likevel. Adrian Myhr er stødig til stades med kontrabass, og Rasmus Kjorstad trakterer sine ulike instrument uanstrengt. Særleg er det fint å fylgje han på langeleiken.

At musikarane gjer eit par stopp i programmet for å stemme, er med på å forsterke kjensla av at strøyminga er direktesend. Det er viktig, for er det ikkje nett denne kjensla av å vera med på noko som er her og no – og berre her og no – som er den store konsertkjensla? Den som me lengtar så sårt etter no som så mykje er kansellert og sett på vent.

Helga Myhr: Andsyning
  • Riksscenen og strøymeplattforma munin.live, 10. april 2021; opphavleg tingingsverk til Osafestivalen 2020
  • Musikk: Helga Myhr / trad. frå Hallingdal / Kjorstad, Antalová, Myhr, Alander; tekst: Margit Lappegard (1918–2011)
  • Med Helga Myhr, hardingfele og vokal; Michaela Antalovà, perkusjon, seljefløyte; Malin Alander, vokal; Adrian Myhr, kontrabass; Rasmus Kjorstad, fele, oktavfele og langeleik

Tekniske utfordringar

Andsyning tonar ut etter om lag ein time, kjenner eg ei overraskande ro. Rett nok har eg undervegs tenkt at desse dvelande tonane ville det vore betre å oppleva i eit stort rom saman med andre, fritt for heimlege distraksjonar. Men det var faktisk mogleg å kjenne at noko av dette tankefulle stoffet smaug seg ut gjennom skjermen. Det handlar mykje om utøvarane si dedikerte innstilling, men noko av æra skal òg dei som stod for ljossetjinga, lydkvaliteten og bilderegien ha.

I framsyninga med Burns på dialekt var ikkje ljossetjinga og kameraføringa så god. Her var fleire rare utsnitt, og ljoskastarane midt imot var distraherande, samstundes som dei gjorde kvaliteten på bilda dårlegare. Men lyden var heldigvis på topp også i denne strøyminga.

Ein kan tenkje at slike innvendingar er flisespikkeri, men mediet gjer faktisk noko med opplevinga. Når du ser ein konsert på ein skjerm der ein elles stort sett ser program som er produserte med all verdas ressursar i eitt eller fleire studio, ligg lista automatisk på eit anna hakk enn om du benkar deg i ein pub eller ei kyrkje for å høyre musikarar spela og syngje. Det er difor ikkje så enkelt som mange trur, å la strøyming ta over for dei opplevingane me er nekta no. Men at det er ei god erstatning i krisetid, er det ikkje tvil om.

Ein kortversjon av denne meldinga stod fyrst på trykk i Folkemusikk nr. 2/2021, som er i sal no.