Karsrud analyserer utviklinga av folkemusikken i Noreg, frå å vera bruksmusikk i det gamle bondesamfunnet til å vera kunstmusikk dyrka i særskilde miljø. Utgjevinga er samtidig den viktigaste samla presentasjonen av valdresspelemannen Okshovd.

Hardingfelespelaren Ola G. Okshovd (1872–1960) var, saman med Olav Moe og Ivar Ringestad, mellom dei leiande spelemennene i sin generasjon frå Valdres. Dei har for ettertida sett djupe spor etter seg i felespelet både i Valdres og vidare utover. For hardingfeleentusiastar er ikkje Okshovd noko ukjent namn, men her får han, for første gong, ein omfattande biografi.

Biografiar kan skrivast og utformast på så mange måtar, og det finst òg ei rekke arbeid – først og fremst innanfor litteraturvitskapen – der sjølve biografiskrivinga vert problematisert. Eit hovudperspektiv i den litteraturen er at biografien fortel minst like mykje om biografen (forfattaren) som den biograferte (den som vert omtala). Ei bok vert alltid skapt og lesen innanfor særskilde miljø, og ho vil alltid gjera skrift- og lesekulturen synleg, uavhengig av forfattaren sine intensjonar.

Meir om dette seinare – først skal dette omfattande arbeidet presenterast.

Kjellbjørn Karsrud: Soga om spelemannen Ola G. Okshovd. Folk og felespel i Valdres, Noreg og Amerika 1872–1960
  • Ta:lik/NRK, 2021
  • Bok: 313 sider, innbunden, illustrert
  • CD-ar: totalt 46 spor, 123 min.

I presentasjonen av boka legg forlaget og forfattaren vekt på at dette er eit verk med mange sider. Først og fremst er det ein omfattande tekst der forfattaren presenterer hovudpersonen, og i tillegg folkemusikkmiljøet i Valdres, Noreg og (i noko mindre grad) Amerika. Karsrud legg vekt på å setja Okshovd inn i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Det er sett av mykje plass til å framstilla musikkulturen i Valdres før Okshovd, og til å syna kva Okshovd fekk å seia for nye generasjonar av spelemenn og folkemusikkentusiastar.

Bygdeguten Okshovd levde i ei brytingstid, som av og til vert kalla «det store hamskiftet i bondesamfunnet», og av somme framveksten av «moderniteten». Kva ein enn kallar desse samfunnsmessige endringane, fekk dei store konsekvensar både innanfor handverk, teknologi, politikk, kunst og religion.

Når det gjeld forståinga av felespelet sin plass i denne tida, formulerer Karsrud det slik:

«Då Ola Okshovd døyr i 1960, har ikkje berre samfunnet rundt, men heile folkemusikken, som me kallar han i dag, vore gjennom det store hamskiftet frå å vera den naturlege bruksmusikken til folk flest i bygdene i øvre Valdres, til å bli ein subkultur i konkurranse med globale marknadskrefter og moderne trendar» (s. 9).

Karsrud problematiserer ikkje dette på same inngåande måte som ein ville gjort i ei akademisk avhandling om tematikken. Men heile vegen er den historiske utviklinga eit prisme alt blir fortolka gjennom – både for Karsrud sin del og for oss som lesarar.

For hardingfeleentusiastar er ikkje Okshovd noko ukjent namn, men her får han for første gong ein omfattande biografi.

Boka er prega av eit sterkt medvit om at musikken alltid finst i ein samfunnsmessig samanheng. Samtidig vender store delar av teksten seg først og fremst til kjennarar av slåttespel og spelemannskultur. Av og til tek detaljane overhand, og for ein meir utanforståande lesar kan det fortona seg som oppramsande. Men i det store og heile balanserer Karsrud det som er til hugnad for folkemusikknerdane, med det som er av interesse for meir allment kulturinteresserte lesarar. Språkføringa gjer innhaldet lett tilgjengeleg, samstundes som det har solid fagleg tyngde.

Eit anna viktig element i boka er dei mange «rispene» (gjerne henta frå lokalsoge/folklore og skrivne av andre forfattarar), som er visuelt framstilte i eigne «boksar». Desse gjev koloritt til framstillinga, og inneber ein – ofte humoristisk – kontrast til Karsrud si saklege framstilling. Kva som er sanning, fantasi eller sladder i desse stubbane, let Karsrud stå ukommentert, og det meiner eg styrkjer boka som heilskap. Slike skrøner er, meir eller mindre framleis, ein del av den munnlege kulturen rundt folkemusikken, og nettopp uvissa rundt innhaldet gjer, på godt og vondt, den språklege kulturen rikare.

Dei 200 illustrasjonane er òg ei viktig side ved boka. Det meste er fotografi, men det finst òg ein del teikningar og avisutklipp. Plasseringa av fotografi og andre visuelle detaljar er ikkje tilfeldige og gjev boka eit godt heilskapsinntrykk. Ta:lik sin faste grafiske formgjevar Eva Karlsson har sett sitt preg på katalogen til selskapet. Denne gongen har ho på meisterleg vis kombinert moderne, nøktern design med diskré historiske detaljar, som element frå rosemåling og andre typar kunsthandverk.

Boka er utstyrt med eit omfattande noteapparat, som stort sett er konsekvent gjennomført. Litteraturlista er òg omfattande, og det meste omhandlar folkemusikk eller historiske tilhøve. Litt underleg er fråværet av Håkon Asheim si hovudoppgåve om Olav Moe frå 1995, men det er eit stort kjeldemateriale som ligg til grunn for boka.

Karsrud nyttar heller ikkje perspektiv frå si eiga masteroppgåve i norskdidaktikk frå 2014, ein kritisk diskursanalyse av læreplanane i skulen (i alle fall ikkje direkte). Det kunne ha vore interessant å vita kvar Karsrud vil plassera sitt eige biografiske prosjekt diskursivt – i systemet av ytringar som utgjer biografisjangeren. Biografen er ingen nøytral kunnskapsprodusent, men målber nokre verdiar både gjennom utvalet av omtala element, og – ikkje minst – korleis desse vert framstilte språkleg.

Dette tyder ikkje at eg heller hadde ynskt meg ei akademisk avhandling om Okshovd og valdresmusikken. Det er berre ei påpeiking av at Karsrud (som dessutan er spelemann) har store kunnskapar på fleire faglege område, og har den språklege kompetansen som skal til for å gjera fagleg komplisert stoff tilgjengeleg for lesarane.

Ei side ved publikasjonen som er likeverdig med sjølve boka, er dei to medfylgjande CD-platene som inneheld opptak (frå NRK i 1945 og 1947) der Okshovd spelar.

Okshovd var 73 og 75 år då opptaka vart gjorde, men spelet er likevel prega av rytmisk spenst og detaljert ornamentikk. Mykje av dette er slåttar ein sjeldan høyrer i dag, og difor er alle desse innspelingane tekne med, sjølv om det av og til førekjem mindre feilspelingar og upresis intonasjon.

Karsrud har skrive omfattande presentasjonar av slåttane (der springarane er i fleirtal), og dette er såleis den viktigaste samla presentasjonen av spelet til Okshovd. Det er òg gjort innspelingar på grammofonplater mellom 1912 og 1935, men mange av desse har vore vanskelege å oppdriva. Sjølv om dei mest interesserte lydarane nok ville høyrt dei eldre innspelingane, gjev dei vedlagde innspelingane eit framifrå, klingande vitnemål om ein rik slåttekultur der Okshovd var ein viktig tradisjonsberar like fram mot vår tid.

Ein kortversjon av denne meldinga stod fyrst på trykk i Folkemusikk nr. 2/2021, som er i sal no.

Les òg:

Haldor Røyne: Slåtter etter bestefar – meldt av Gjermund Kolltveit

Laura Ellestad: Valdresspel i Amerika – meldt av Sjur Viken