Dialektforvirring treng ikkje stå i vegen for den gode danseopplevinga.

Maskineri er ein duo frå Midtjylland: Maja Kjær Jacobsen på fele og song, og Søren Vinther Røgen på gitar. Dei speler tradisjonsmusikk frå Mitdjylland, og tekstane dei syng er på både standarddansk og på midtjysk dialekt, noko som er veldig interessant for oss som er over middels interessert i dialektar. Men sjølv om me over middels interesserte i danske dialektar, betyr det ikkje at me forstår kva dei seier til ei kvar tid. Å tolka tekstane kan difor til tider vera ganske interessant.

Både Maja og Søren er med i fleire andre folkemusikkband, og møttest gjennom folkemusikkmiljøet. Dei fann ut at det var naturleg å spela i lag sidan dei begge kom frå området rundt Silkeborg. Og då Maja fann ei notebok etter spelemannen Anders Top Andersen, var det gjort. Dei over 100 år gamle nedteikningane av tradisjonsmusikken fekk nytt liv, og resultatet held me i handa i dag med debutalbumet Hopsa 101.

Dei fleste av låtane er reint instrumentale, og her går det på ekte tradisjonelt dansk vis unna med polkamusikk, hopsa, mazurka og vals. Innimellom dukkar det òg opp nokre viser, og det var med stor glede me kunne konstatera at ein av våre favorittviser er med på plata: «Ridder Brynnings vise», som i Noreg vert spelt mykje av ein anna folkemusikkduo, Sudan Dudan.

Ridder Brynning har ei fantastisk vakker vise. Utgåva på denne plata er godt attkjenneleg: Melodien er litt annleis, teksten og handlinga er den same, men visa er like vakker som alltid. Den andre kjærleiksballaden på plata finn me i låta «En pige vandred udi en have». Når kvinner går aleine rundt i en hage, har det ein tendens til plutseleg å ploppa opp menn som vil ha handa hennar. Dessverre for mannen hadde denne vandrande kvinna allereie gjeve både hand og hjarta sitt ein anna mann, så friaren måtte traska slukøra derifrå.

Maskineri: Hopsa 101
  • GO Danish Folk Music, 2020
  • 13 spor, 45 min.
  • Produsert av Maskineri
  • Musikarar: Maja Kjær Jacobsen (fiolin, song og gitar) og Søren Vinther Røgen (gitar og mandolin)

Elles så kan ein konstatera at Vårherre er på avvegar. Det vert det nemleg sagt i visa «Vorherre på afveje» litt lenger ned på låtlista. Hadde me forstått teksten, kunne me ha røpt kor han har blitt av, men det fekk me dessverre ikkje til. Me let den difor stå open, så kan de dikta opp dykkar eiga historie.

Me følte elles eit veldig stort slektskap med den danske gruppa då me kom fram til ein av dei meir instrumentelle låtane. Den heitte nemleg «Det regner stadig (igen!)». Me kunne ikkje vera meir einige, og me let dette særdeles treffande visdomssitatet avslutta denne platemeldinga.