Framfor meg har eg fire plater med nykomponert tradisjonsmusikk. Og ja, kva er det? Og kva er ikkje det? Fordi det er folkemusikarar som komponerer, må det då kallast tradisjonsmusikk? Og finst det komponistar som står totalt frigjorde frå tradisjonar? Sjølvsagt ikkje. Men no skal vi ikkje rote i orda. La oss heller lytte.
Min påstand er at det er musikken frå grenselandet folkemusikk, samtidsmusikk og jazz som vil stå igjen som det mest nyskapande og viktigaste frå norsk musikkliv dei siste 10–20 åra. Plateselskapet Hubro har vore sentrale i denne utviklinga, og i dag er det eit flettverk av plateselskap og utøvarar i dette grenselandet: OK World (eit label under Bugge Wesseltofts Jazzland Recordings), Taragot og Motvind, for eksempel.
Eg har høyrt på fire plater med nykomponert musikk frå fire ulike tradisjonsberarar, og sit att med at eg opplever denne musikken som fri. Då er det fort å tenke at eg her siktar til fri frå tradisjonen – men nei, tvert i mot! Her finst ikkje noka frykt for å dyrke tradisjonen, ingen påtvinga eksperimentelle uttrykk.
Platene har kvart sitt naturlege uttrykk som står for seg sjølv. Sjølvsagt i ein tradisjon, og sjølvsagt eksperimenterande, men det er tydeleg at det ikkje er her motivasjonen for musikken ligg. Kvar og ein av desse utøvarane har ei uttrykksform som eg opplever som nettopp personleg.
Olav Mjelva: barokk og amerikana
Den første plata vi skal lytte til kjem frå felespelar og komponist Olav Luksengård Mjelva, og er gitt ut på hans eige plateselskap Klangsmia. På Hugnad har han spelt inn eit utval av sine komposisjonar i soloformat, dei fleste tidlegare innspelt i andre samanhengar (med bandet Sver, The Nordic Fiddlers Bloc eller saman med amerikanske Eli West). Medmusikantar har Mjelva likevel med seg på nokre av låtane .
Plata opnar friskt med «ein slags halling» tileigna stordansar Martin Myhr. Mjelva sin kompositoriske stil ligg tett opp mot tradisjonane, og mykje på denne plata kunne vere henta frå folkemusikkarkiv langt tilbake i tid. Mjelva har i tillegg eit, om eg tør seie det, «poppa» uttrykk. «Da Slockenin», der trekkspelar Ronny Kjøsen harmoniserer med fela, er varm og sentimental og kan minne om uttrykket til Gjermund Larsen Trio.
Det er ein tydeleg amerikansk påverknad i Mjelvas spel og komposisjonar, men vi høyrer også barokkmusikk i «Røros-Trio» og jazz. Mjelva har ein herleg frigjerande måte å naturleg integrere alle desse elementa på. Høgdepunktet kjem med «Stout’s Waltz» mot slutten av plata. Her flyt Mjelva på tonane i ein sår vals, som er så subtil at du så vidt kan skilje det frå ein av Bach sine fiolinsuitar.

Olav Luksengård Mjelva: Hugnad
- Olav Luksengård Mjelva, 2022
- 13 spor, 47 min.

Erlend Viken, Jo Berger Myhre & Thomas Strønen: Djupet
- OK World / Jazzland, 2022
- 13 spor, 37 min.
Erlend Viken: dialog og eksperiment
Ein annan felespelar, Erlend Viken, skreiv saman med bassist Jo Berger Myhre tingingsverket Djupet til Ultimafestivalen og Riksscenen i 2020. Slagverkar Thomas Strønen var produsent på førestillinga, og når musikken skulle festast på teip, vart Strønen også med og spele.
Dette er nok den mest eksperimentelle plata vi lyttar til i denne saka. Men røtene i tradisjonen stikk djupt også her. Under førestillinga i 2020 var dansarar med på scenen, og som underteikna skreiv i konsertmeldinga for ballade.no den gongen: «Eg trur ikkje ei sjel hadde stussa om ein tidsreisande hadde snike inn ei Simmons trommemaskin med spelmannen på ein bygdefest på slutten av 1800-talet». Det var ein særs vellukka kopling mellom gamle dansetradisjonar og moderne klubbmusikk.
På innspelinga er altså trommemaskina stort sett bytta ut med Strønen, og her får musikken tid og rom til å vere meir kompleks og flytande. Det er meir som skjer her. På «Driva» får vi likevel danse. På «Damp» høyrer vi eit digert, djupt smell – Jo har med seg trommemaskina også her.
Dette er alle enormt klangmedvitne musikarar. Og det er nettopp fascinasjonen for lydar og klangleg tekstur som står i sentrum her. Det har blitt musikk du nærmast kan ta på.
Dialogen mellom Viken på fela og Berger Myhre er enormt interessant. Om du lyttar til «Driva», høyrer du korleis Strønen og Berger Myhre like mykje tek tak i lydar som at bogen landar på felestrengane eller drivet i strøket til Viken. Dei utforskar det perkussive i felespelet, og løftar soleis fram nye dimensjonar ved tradisjonen Viken kjem frå.
Anne Hytta: klangleg og poetisk
Denne plata må nesten kallast programmusikk. Sola står opp og det «Gryr» på første spor. Gjennom dagen er basert på konsertførestillinga ved same namn på Riksscenen i 2019. Der leste skodespelar Øystein Røger opp teksta som Hytta hadde skrive, og er ei høgst poetisk tekst som løftar lytteopplevinga:
«Gjennom dagen kan vi stryke tonen ut av fela og høre oss selv. Stryke lyden ut av strengene og stryke tankene gjennom tonene og kjenne floken løse seg opp. Der er vi en stund uten orda. Uten tida som går.»
Poetisk er nemleg også Anne Hyttas spel. Vi høyrer variasjonar gjennom kvar ein tone, og ho tilfører melodiane noko tvitydig. Ho set ikkje an ein tone, og lét han døy ut – ho held han i live og får tonen til å klinge annleis mot slutten av strøket. Ein kan høyre at ho er medviten på klangen frå start til slutt, som om ho hadde skrive det nøyaktig ned med alle instruksjonar på notepapiret.
På «Soria» har ho eit drag eg sjeldan har høyrt, ein groove, om vi skal låne omgrep frå andre sjangrar. Då eg høyrde «Taggslått» første gong, så dansa eg nedover gata som ein galning. På dei siste spora, som «Lysegrønn», opnar Hytta opp endå eit ny verd: Detaljnivået i spelet hennar er enormt fascinerande, og Gjennom Dagen blir ein uhyre sterk lytteoppleving av nettopp den grunn.

Anne Hytta: Gjennom dagen
- OK World / Jazzland, 2022
- 14 spor, 34 min.

Britt Pernille Frøholm feat. Sigurd Hole: Årringar
- Kviven Records, 2021
- 11 spor, 35 min.
Britt Pernille Frøholm: abstraksjon og årstid
Der Hytta har brukt dagen som ramme, har Britt Pernille Frøholm tatt for seg årstidene på nordvestlandet i Årringar. Albumet opnar med eit kvast slag med bogen på fela i «Snøfók». Her dreg ho rundt i tonalitet og klangen på fela og forskar ut dei ytste moglegheitene av instrumentet.
Ho har med seg jazzbassist Sigurd Hole som lagar eit klangrom for Frøholm. Frøholm er særs interessant på den måten at ho lånar klangar frå tradisjonsspelet og tek det med inn i abstrakte lydbilete. I tillegg har ho her med folketonar «heimanfrå», som for eksempel «Gammel Bryllupssang» etter O.P.M. Blindheim frå Sykkylven, rett nok med omskrivingar og med andre titlar på plata.
«Rimfrost» er kanskje det mest abstrakte lyduttrykket på plata. Her har Frøholm og Hole verkeleg gått i detaljane i klangen av instrumentet, og i tonaliteten til tradisjonane dei står i.