Meldinga er motteken! Systermusikk frå Sheffield.

The Rheingans Sisters: Receiver
  • Bendigedig, 2020
  • 14 spor, 55 min.
  • Produsert av Andy Bell
  • Musikarar: Anna Rheingans og Rowan Rheingans, begge på song, fele, 5-strengs banjo og diverse andre strenge-, tangent- og perkusjonsinstrument; gjest: Rachael Cohen (altsaksofon)

The Rheingans Sisters er Anna og Rowan Rheingans, to systrer frå Sheffield. Dei er kjende namn på den britiske folkemusikkscena, både som duo og i andre folkemusikkgrupper. Receiver er den fjerde plata dei gjev ut saman. På plata har dei i tillegg med seg gjestemusikaren Rachael Cohen på saksofon, og bileta i det omfattande og vakre plateomslaget har Pierre-Olivier Boulant teke. Plateomslaget er prima vare med fine tekstar, og er eit vakkert supplement til systrene si verd.

Duoen grev seg ned i ulike land sine tradisjonar, men dei lagar like mykje nytt materiale. Dei fleste låtane på plata er rolege og nesten litt meditative. På mange av dei er teksten i sentrum, der musikken ligg rundt. «The Photograph» har eit trist og blodig bakteppe, historia om ein bror (ikkje deira) som vart drepen på Bloody Sunday under konfliktane i Nord-Irland. «After the Bell» har henta inspirasjonen sin frå kyrkjeklokka som vart henta ut frå ein katedral i Nagazaki etter at byen vart atombomba. Finst det eit håp for ei fredfull verd? Dei seier at i morgon vil alt bli bra, og det mantraet har me høyrt mykje det siste året. «Salt of the Earth» er ein hyllest av musikaren Amine Tilioua frå Algerie, og tek føre seg tradisjonen med å gni nyfødde babyar inn i olje og salt. Ikkje for å eta dei, men for å gje dei vern og rikdom.

Me synest sjølv at det er ganske morosamt at me synest at dei to norske bidraga er dei med mest futt i på plata. Såpass opne er me! «Orogen» er ein miks mellom halling og tradisjonell dansemusikk frå Pyreneene og Béarn. Anna, som bur i Toulouse, har spesialisert seg innan sør-fransk felemusikk, og kallar seg sjølv ein nørd innan temaet dansemusikk frå Pyreneene og Béarn.

Medan andre er fascinerte over béarnaisesaus, er Anna fascinert over sauts béarnais, nærare bestemt  dansane «mouchico» og «monein». Me prøvde å googla desse dansane, men fekk ikkje fram noko video. Skuffande. Uansett, sidan Halldis har skrive master om den kvinnelege hallingdansaren, er det godt å lesa i plateomslaget at «The Norwegian halling is traditonally danced by an individual» – ikkje at det er ein dans for menn, slik me las i lærebøkene våre. Me likar desse britiske kvinnene. «Orogen» har plata sin mest fengande melodi og er dansbar. Me diggar den.

Den andre norske låta er «Urjen». Låten vert introdusert av eit arkivopptak av Jørgen Tjønstaul. Fyrste gong Halldis høyrer denne, vaskar ho opp, og i det han Jørgen kjem på, lurar ho kva dette er for noko. Såpass overraskande var det at det brått skulle koma eit norsk arkivopptak på eteren. «Urjen» er ein springar som desse to kvendene spilar på flatfele. Me må og nemna at søta bror har fått ein melodi på plata, det vil seie éin mindre enn Noreg. Det er  «Östbjörka», ein litt treig polska.

Andre velklingande bidrag er «Waltz from Lozere» på fele og banjo, ein asymmetrisk melodi funnen i arkivet. «From up here» er ein repetitiv og fin melodi som dei sjølve har smidd saman. «One more Banjo» er eit mindre namn på det eigentlege namnet «One more Broken Screen on the Flagstone Floor», eit namn som kjem av tradisjonen med å ha lange namn på korte old-time-låtar (og tradisjonen med å mista mobilar på steingolv).

Systrene er opptekne av svevn. Det kjenner me oss att i. Låten «Insomnia» skildrar det slitsame fenomenet der ein ikkje får sova. Denne melodien var ganske irriterande, heilt til me fann ut at det høyrtest ut som eit damptog. Då likte me den. «Lament for Lost Sleep» er ein klagesong for all svevnen dei har mista. Her er ei fløyte med tre hól sentralt. Me unnar alle god svevn, og vonar i alle fall at denne meldinga ikkje skal gje dei fleire svevnproblem.

Receiver betyr mottakar, og me Folkedals-systrene kan med dette melda at me har motteke Rheingans-systrene sin musikk og me likar den.