Mørk og mangslungen: Moldestads nye utgjeving hoppar imponerande uanstrengt mellom sjangrane.

Kva er folkemusikk? Og kva skal til for at ei utgjeving skal meldast i bladet folkemusikk? Dette var spørsmåla som fyrst melde seg då Moldestad si siste utgjeving dumpa ned i postkassa.

Jau då, her finst spor av feler og folkeleg intonasjon i utgjevinga, men mest av alt handlar det om at Sigrid Moldestad er vår. Ein av oss. Og slik trur eg mange kjenner det. Både i folkemusikkverda – og utanfor. Sigrid Moldestad var årets folkemusikar i 2010, og i 2012 vann ho spelemannspris for Taus. Skulle det vanka ein nominasjon for årets utgjeving, Tonen i meg, spørst det om ikkje Moldestad fylgjer Valkyrien sitt spor og byter sjanger. Men til kva? Country, vise eller folk?

Sigrid Moldestad: Tonen i meg
  • Grappa musikkforlag, 2021
  • 12 spor, 52 min.
  • Produsert av Yngve Leidulv Sætre

Utgjevinga hoppar nemleg imponerande uanstrengt mellom sjangrane. Det kan etterlata eit sprikande inntrykk, men mest av alt gjev det næring til ein tanke om at det er best å skrote heile sjangerkonseptet.

Fellesnemnaren, det som bind Tonen i meg saman på tvers av stemningar og sjangrar, er stemma til Sigrid. På ekte til stades i teksten. Sterkt til stades hjå lyttaren. Og som så ofte elles, treff Moldestad oss heime. Alle likar Sigrid, og Sigrid verkar å lika oss. Som felespelar og songar står ho støtt. Som formidlar overgår ho dei fleste.

Varmen i stemma, nærveret i leveringa er bumerket. Formidling og kontakt står i fokus, utan at det går  ut over tekst og musikk. Moldestad og musikarane er samspelte. Dei kjenner kvarandre, veit kvar dei skal. Det er overskot å spora i eit trygt og overtydande samspel. Samstundes dynamisk og fritt. Kvar av dei meistrar eit stort repertoar. Ligg forklaringa på sjangerfridomen i at dei kan?

Trass i at fleire av spora er mørke og melankolske, gjev ikkje utgjevinga fyrst og fremst motstand og kompleksitet til lyttaren. Men varme så det rekk – og herleg skamlause crescendo på rekke og rad.

Tittelsporet gjev oss eit hint: Me skal få vera med bak maska. Ned i kjellaren med tekstar som «Det dreg i meg, slit i meg, tek meg ned, og eg kjenner at eg har lyst til det». Også dei tre neste spora, «Berre for ei stund», «Tilbake i tid» og «Ta den ring»,  er prega av ei melankolsk skumring som kler Moldestad godt.

Med «Song til deg» er Moldestad definitivt oppe av kjellaren. Med ein hjartevarme som berre trivselsfylket kan levera, brusar Moldestad over av varm eufori over sjølvaste livet. «Vil berre seia – at eg er glad i deg» syng Moldestad. Eg raudnar lett, svelgjer unna ei mild kjensle av banalitet og let meg føre med på ferda ned ei elv av rein godkjensle. For Moldestad er av dei få som kjem heilskinna ifrå ei slik linje. Eg trur på det. Her sit gleda laust, og eg kjenner eg er glad for at Sigrid Moldestad finst.

«Bonden» er ein reinhekla countrylåt. Teksten byr på vakre og treffsikre bilete; «på ein solbleika voksduk, står eit krus i eit altfor stort hus». Her går bonden i Breim i takt med farmaren på prærien. «Drøyma det att» er Moldestad sin vakre og såre versjon av Fleetwood Mac-låta «Dreaming the Dream». Låta har vore på repertoaret ei tid, og har funne si faste moldestadske form. Neste spor, «Blågras», er fyrste av to instrumentalspor på utgjevinga.

Varmen i stemma, nærveret i leveringa er bumerket.

Fleire av låtane på Tonen i meg burde ha kort veg til radiokanalane sine A-lister. Ikkje minst gjeld det «Ikkje vere ein, men to». Det er langt mellom refreng som klistrar seg så effektivt til hjernebarken som dette. «No vil eg berre halde i deg, kanskje la deg halde meg». Ei perle! Og etter raud romantikk snor utgjevinga mot blå melankoli. «Karolina» er eit stykke forteljarkunst, der Moldestad, med få ord, pustar liv i fortida. «Vaatedalen» er ei naturromantisk instrumental helsing heim til Breim. Og når CD-en går inn for landing med sistesporet «Sove», sender eg ei lita bøn om at det ikkje må ta fire nye år til neste soloplate frå Sigrid Moldestad.