Ny slåttetrallefavoritt: Stundom treng ein ikkje meir enn ei enkel stemme for å finne dansegrooven.

Synnøve Brøndbo Plassen er folkemusikar og pedagog, men først og fremst folkesongar. Plata Hjemve er hennar fyrste soloalbum. Repertoaret hennar spenner vanlegvis frå salmar og bådnsullar til skillingsviser, men heile denne plata er via til slåttetralling, og det musikalske materialet er eine og aleine frå Folldal.

Synnøve har vakse opp i ein folkemusikalsk familie der folkemusikk og gamaldans – slåttemusikken – var det berande musikalske elementet. Ho seier sjølv at ho mang ein gong har sovna til musikk som vart spelt i stua. Slikt gjev både godt sovehjarte og, ikkje minst, inspirasjon til å grave djupare i det vokale materialet i lokalmiljøet.

Plata har 21 låtar, alle er tralla og nokre låtar har også eit lite slåttestev. Her er det både bruremarsj og lydarlåt, vals og reinlender, men hovudvekta er naturleg nok på springleik og pols. Mange av låtane er etter brørne Melvin og Thorvald Tronsgård, to kjende namn for mange, men her er også kjelder som oldefar hennar, Mikael Plassen.

Ei plate med slåttetralling er ikkje kvardagskost. Ein kan kanskje kalle det smalt, og kanskje ville ein også tenkt at ei slik plate kunne ha vorte keisam i lengda. Men slik er det ikkje. Ikkje i det heile. Synnøve klarar å gjere musikken spanande og variert. Ho har ei klokkeklar stemme som innimellom har både hjarte og sjel, men også kraft og appell.

Synnøve Brøndbo Plassen: Hjemve. Slåttetralling fra Folldal
  • Heilo/Grappa, 2021
  • 21 spor, 41 min.
  • Produsent: Gjermund Larsen

Og danserytmen er det ingenting å seie på. Slåttemusikken har ein funksjon. Slåttemusikken er dansemusikk. Og Synnøve klarer nettopp det som kanskje er det viktigaste med slåttetralling: å gjere låtane dansbare. Det kriblar i dansefoten, og det er ikkje berre fordi Pesta har gjort at me ikkje har fått dansa på noko som kjennest som ein evigheit. Det er fordi musikken tek meg. Å tralle runddans er ein heilt eigen kunst, og her er Synnøve heilt rå.

Dersom eg skulle trekkje fram to danseperler, måtte det vere «Vals etter Lars Tuvan» og reinlendaren «Sigrid Sanden». Valsen har Synnøve lært heime, men han er opphaveleg etter storspelemannen Lars Tuvan, sjølvsagt frå Folldal. «Sigrid Sanden» kjem opphavleg frå mor til Melvin Tronsgård som tralla denne for han, men det er også ein vandrelåt som finst fleire andre stader i landet, mellom anna i Numedal og Hallingdal.

For kven treng noko anna enn ei enkel stemme for å finne dansegrooven? Dette er ei heilstøypt plate, befriande klar og rein. Ho flyt og trillar frå slått til slått, og fortener heilt klart Spellemann-nominasjonen. Og eg, som set Levor Laa høgast av dei som «let på kjaften», har fått meg endå ein favoritt innan slåttetralling.