Med nykomponert musikk der fele og hardingfele blir blanda med programmering og rap, har Noregs Ungdomslag (NU) lansert ein ny dansefilm. Filmen er ein del av 125-årsfeiringa til organisasjonen.

– Me ville gjere noko nyskapande og spennande som kunne vere med på å setje fokus på det me arbeider for kvar dag – levande lokalkultur, seier styreleiar i NU, Torbjørn Bergwitz Lauen.

Ideen bak videoen er å vise korleis folkemusikk og folkedans kan setjast inn i ein samfunnsaktuell samanheng, skriv NU i ei pressemelding. Dei legg også vekt på at etter ei tid der alle har vore mykje for seg sjølv, har mange sakna dansen som sosial møteplass. Difor vil dei gje dansen eit løft, noko som dei håpar videoen kan bidra til.

Mellom komponistane til songen i filmen, «Eg ser på deg», er Jorun Marie Kvernberg og Runar Gudnason. (Foto: Kristin Støylen (t.v.) og Tord Lejon)

Først blei musikken til videoen laga, etterpå kom koreografien. Den er det Sigurd Johan Heide som står for. Han har plukka ut element frå tradisjonsdansar frå heile Noreg og kombinert dette med moderne folkelege rørsler. I videoen er det med 11 dansarar frå ulike lokallag i NU, og dei er i alderen 13 til 63 år. Dansen kan dansast aleine og saman med andre, og han gjev også gode moglegheiter for tilpassing til ulike kroppslege føresetnader.

Jorun Marie Kvernberg og Knut Sævik har stått for det meste av komposisjonen, medan Runar Gudnason har vore medkomponist og tekstforfattar. Sævik og Gudnason er kjende frå rap-gruppa Side Brok, medan Kvernberg i hovudsak er folkemusikar og komponist. Oppdraget til komponistane bestod i å lage ein låt som kunne spele på kjerneverdiane til NU i det å vere frilyndt. Dei blei også bedne om å leggje folkelege uttrykk til grunne i komposisjonen, men elles ha frie tøylar til å komponere noko som folk kan kjenne seg att i uavhengig av sjangerbakgrunn.