Vennskapet med Ole Bull, hjelparane, samfunnet rundt og sjølvsagt musikken er sentrale tema i den ferske biografien Annfrid Berget Haukeland har skrive om Myllarguten.

Ein dag for litt over ni år sidan var Annfrid Berget Haukeland på Notodden bibliotek. Augo hennar skanna hylla med musikkbiografiar, der fleire av dei hadde namna til både Ole Bull og Edvard Grieg på bokryggen. Men det var eitt namn ho sakna i samlinga.

Torgeir Augundsson, Myllarguten. Kva var eigentleg skriven om han? Ho snakka med bibliotekaren, som henta fram to bøker til henne. Den eine var Myllarguten, skriven av Rikard Berge i 1908, og den andre var Soga om Myllarguten av blant anna Olav Kvaalen og Olav Nordbø frå 1972.

– Eg byrja å lese, og eg undra meg over kvifor ingen hadde skrive ei nyare bok om han. Myllarguten var trass alt ei nasjonal legende, fortel Haukeland. Ikkje lenge etter at ho hadde lese bøkene, bestemte ho seg: Ho måtte prøve å gjere det sjølv. No var stafettpinnen hos henne. Ho gjekk til innkjøp av fotoapparat og byrja å fordjupe seg i Myllargutens liv, gjennom litteraturen, avisutklipp og intervju.

I sommar, under Landskappleiken på Rjukan, var det bokslepp for boka hennar, Myllarguten – Livet, legenden og medspillerne, gitt ut på Dreyers forlag. Det meste av arbeidet har Haukeland gjort ved sidan av full jobb i legemiddelindustrien, men det siste året tok ho pause frå jobben for å ferdigstille boka til jubileumsåret 2022. I år er det nemleg 150 år sidan Myllarguten døydde.

Annfrid Berget Haukeland kom før sommaren ut med boka Myllarguten – livet, legenden og medspillerne på Dreyers forlag. Boka er for det meste skriven ved sida av fulltids jobb. (Foto: Johanne Flottorp)

Tredelt bok

Haukeland slektar sjølv på Myllarguten, og han har på sett og vis vore med henne heile livet gjennom soger og forteljingar. Bestemor til forfattaren var frå garden Flatastøyl i Arabygdi, men gifta seg i Heddal og hadde bilde av Myllarguten i stova der. Han var oldefaren til Haukelands bestemor, som sjølv då er tipp-tippoldebarn av spelemannen.

Boka Haukeland har skrive, er tredelt. Livet tek føre seg det biografiske frå fødsel til død. Legenden handlar om den musikalske legenda han var og kunsten han skapte. Mysteriet Myllarguten er også viktig her. Dess meir Haukeland las om han, dess meir nysgjerrig blei ho på kven han eigentleg var. Medspelarane var mange, til dømes alle læremeistrane, som Mattis Flathus, Jon Kjos, Øystein Langedrag og Knut Lurås.

Kvinnene i livet hans, kona Ingebjørg og mora Gunhild var også viktige, og lesaren blir godt kjend med dei. Ole Bull har også ein veldig sentral plass i boka, og forfattaren følgjer dei parallelle liva til Myllarguten og Bull, korleis dei var vevd saman, samstundes som dei kom frå så ulike kår og bakgrunnar. Dette har ikkje blitt gjort før.

­– Grunnen til at eg valte å gjere dette, er at det er mykje takka vere Ole Bull at Myllarguten blei den musikalske legenda han var. Boka skildrar den kontakten dei hadde, og eg skriv også om det dramatiske livsløpet som begge hadde på kvar sin kant, fortel forfattaren.

Torgeir 'Myllarguten' Augundsson teikna av Frederik Hannibal Stockfleth i Bergen, ukjent år. I 2022 er det 150 år sidan Myllaren døydde. (Digitalisert av Nasjonalbiblioteket / CC-BY-2.0)
Forfattaren ved grava til Myllarguten ved Rauland kyrkje. (Foto: Knut Buen)

Klasseskilje

I perioden dei begge levde, bløma nasjonalromantikken, noko som påverka liva til begge to. I tillegg var det ei stor kulturkløft i samfunnet, med embetsstaten og borgarskapet på den eine sida, og bondestanden på den andre.

– Klasseskiljet var veldig stort, og forskjellane mellom by og bygd det same. Det som er interessant, er at Bull og Myllaren representerte kvar sine ytterpunkt. Men likevel klikka dei saman i eit livslangt vennskap på grunn av musikken og gjensidig anerkjenning.

Dei fleste som kjenner til Myllarguten, har høyrd om konserten i Losjen i Kristiania i 1849. Der blei han den første til å halde konsert på hardingfele. Etter dette gjekk det bra i mange år, og i 1862 stod Tivoli i København for tur. Då var kona Ingebjørg også med, og dei tok landevegen fatt og reiste frå Arabygdi til den danske hovudstaden.

– Etter konserten i Kristiania tente han mykje pengar på musikken, og det var på denne tida han klarte å kjøpe Øygarden i Arabygdi som han sat på i om lag 10 år, fortel Haukeland.

Ho seier Myllarguten verkar som ein jordnær type. Ole Bull ønska fleire gonger å ta han med utanlands for å gjere stor stjerne av han, men Myllarguten ville heller vere heime hos kona og ungane. Der var Bull stikk motsett. Han var så vidt heime før han reiste ut i verda att.

– Myllarguten likte veldig godt å spele for vanlege folk. Han ville heller spele for sambygdingar enn for prestar og slikt, fortel Haukeland.

«Klasseskiljet var veldig stort. Bull og Myllaren representerte kvar sine ytterpunkt. Likevel klikka dei saman i eit livslangt vennskap på grunn av musikken.»

Annfrid Berget Haukeland

Felespelande medhjelparar

Akkurat som at medhjelparane har vore eit viktig tema i boka, har dei også vore viktige for Haukeland. Det viktigaste medhjelparen hennar, har vore Knut Buen. Før ho fekk boka antatt av Dreyers forlag, tok ho kontakt med Buen for å høyre om han kunne tenke seg å lese gjennom og kvalitetssikre alt det folkemusikalske.

– Me møttest før påska i 2020 og han fekk manuset mitt og las gjennom. Han har rettleia meg mykje, og eg har gått i ein slags «skule» hos han. Kvar dag den påska las han nye delar av det eg hadde skrive, og så prata me saman, både då og seinare. Han forklarte alt veldig godt, og eg er så glad for at han ville vere med, seier Haukeland.

I tillegg har Buen skrive etterord og eit kapittel om den musikalske arven etter Myllarguten. Han har også teikna rosevignettar som pregar boka. Lars Erik Øygarden er ein anna som har bidrege med kunnskap om Myllarguten. Han har skrive eit kapittel om fire feler frå Vinje som har tilknyting til spelemannen.

Detektivarbeid i databaser

Å finne info når ein jobbar med ei historisk bok som dette, er ei stor utfordring. Databasene på Nasjonalbiblioteket har blitt flittig brukt, og Haukeland har leita fram mest mogleg litteratur på alle dei ulike personane ho har skrive om. Primærkjelder ho har bruka, som er dei som levde samstundes med Myllaren, er mellom anna Aasmund O. Vinje, Eilert Sundt og Marie Magdalene Bull. Sekundærkjeldene er litteratur som har kome til etter at hovudpersonen sjølv var ute av tida, slik som bøkene til Kvaalen og Berge.

– Av nyare kjelder har eg brukt Dagne Groven Myhren, Harald Herresthal, Asbjørn Storesund, Knut Buen og mange fleire. I tillegg har eg jobba mykje med aviser frå 1800-talet. Dei er digitaliserte, men du vil ikkje tru kor mykje tid eg har brukt på det. Den gotiske skrifta tok det lang tid før eg skjønte. Men det var gode primærkjelder, med konsertomtaler, annonser og dikt frå den tida han levde, fortel Haukeland.

Knut Buen og Annfrid Berget Haukeland på Myllarheimen i Arabygdi. Buen har vore sentral medhjelpar i arbeidet med boka. (Foto: Knut Buen, sjølvutløysar)

Det finst ikkje noko som Myllarguten sjølv har skrive. Om han i det heile kunne skrive er heller tvilsamt.

– Det er ei utfordring å skrive ein biografi når ein ikkje har til dømes gamle brev og korrespondansar. Men eg har funne ein kontrakt som er direkte knytt til Myllarguten, som han og Gunnulf Nordbø har inngått i samband med ei reise til Kristiania. Der står det om pengar, kva dei skulle bidra med og så vidare. Kontrakten er skriven under av to vitne, og Myllarguten har signert med såkalla «Holdt Penn». Han skreiv ikkje under sjølv, så nokon andre heldt handa hans, fortel Haukeland.

I avisene stod det naturleg nok mykje om Myllarguten på 1800-talet, men det var omtaler og artiklar om han, og ikkje så mykje intervju der ein får innblikk i korleis han tenkte og bar seg. Men i ein avisartikkel frå Morgenbladet datert 10. februar 1849 finst har Myllarguten fått ordføraren i Kviteseid, Torgeir K. Borgejorde, til å skrive ein takk til Ole Bull. Så der står det formulert det Myllarguten ønskte å seie til venen sin.

«Den gotiske skrifta tok det lang tid før eg skjønte. Men det var gode primærkjelder, med konsertomtaler, annonser og dikt frå den tida han levde.»

forfattaren om aviser frå 1800-talet

Lærer seg dobbeltgrep og trollstilt

– Det som har fascinert meg mest med Myllarguten, er korleis den fattige guten frå ei fattig bygd i Telemark kunne bli så kjent. Korleis han kunne bli eit slikt musikalsk geni, og korleis han klarte å opparbeide seg eit så enormt repertoar, etterlikne alle andre spelemenn og sette saman nye slåttar. Han kunne spele i dagevis utan å gjenta seg sjølv. Kvar kom alt det frå, spør Haukeland.

I løpet av dei ni åra Haukeland har halde på med boka, har ho blitt meir og meir interessert i hardingfela og musikken. Når ho har skrive om dei ulike slåttane, har ho høyrt på dei samtidig. Det siste året har ho kjøpt seg to feler og byrja i lære hos Lars-Ingar Meyer Fjeld i Bø.

– Eg har lese så mykje om dobbeltgrep, vanlig stille, trollstilt og alt det der, så nå må eg lære meg det, og prøve å få Myllarguten «inn under huda», så og seie.

I juni fekk ho beskjed om at boka hennar var kjøpt inn av Kulturrådet og skal bli sendt ut i alle folkebibliotek rundt om i landet. Så på eit vis er ho tilbake der ho starta, på biblioteket. Men når ho denne gongen besøker Notodden bibliotek og går til biografiane, vil ho sjå sitt eige namn på ein av bokryggane og oppdage at her står ein oppdatert og nyskriven biografi om Myllarguten.