Alexander Aga Røynstrand har spelt på lånt Røstad-fele i 12 år. No er godfela hans eiga, takka vere Spleis, samtidig som han har lansert sin første solo-cd og er artist i Showcase Scotland.

Alexander Aga Røynstrand har hatt favorittfela til låns i 12 år. For litt sidan fekk han tilbod om å kjøpe fela, laga av Gunnar Røstad i 1922. Men prisen var høg. Etter at nokre vener starta Spleis-innsamling, ordna det seg. Her spelar Alexander på Røstad-fela under FolkOrg-jubileet i Grieghallen i fjor haust. Foto: Jostein Aardal

Det skjer mykje for tida med og omkring Alexander Aga Røynstrand frå Granvin i Hardanger.

– Jau, jau. Det er litt hektisk, men kjekt. Det blir ikkje så mykje tid til å køyre tømmerbil akkurat no, medgir Alexander med eit velkjent smil.

Sist helg var det lansering av hans første solo-cd, Heimom (på ta:lik) heime i ungdomshuset Trudvang i Granvin. Der var blant andre venen Per Anders Buen Garnås og Tuva Syvertsen som kom langvegs frå. Medan læremeister og sambygding Knut Hamre godt kunne gå for å få med seg den smått historiske hendinga.

Dei om lag 80 frammøtte fekk høyre Alexander – og borna. Åsmund (11) spelte ein Halte Lars-springar og Ingvild (6) Ferievalsen. – Det var veldig godt å oppleve for meg, seier far.

Sjølv avslutta han med ekstranummeret «Børsheimen» tileigna venen Torkjell Lunde Børsheim, som hadde med seg Knut Boksasp på scena i ein flott halling. Før det heile vart avslutta med folkemusikkpub på gjestgivarstaden i Granvin.

Fekk tilbod om godfela

Alexander trivst både med hardingfela og tømmerbilen, så lenge instrument og køyretøy er gode. – Du må føle deg trygg, anten det er på scena eller på vegen, fastslår han.

Godfela fekk Alexander til låns for mange år sidan. – Eg er veldig glad for å ha hatt fela i 12 år. Eg har gjort meg avhengig av henne, seier Alexander, som for ei tid tilbake fekk tilbod om å kjøpe hardingfela laga av Gunnar Røstad i 1922.

Eigaren hadde ikkje tenkt å selje – før no. Men no måtte det skje fort. Fela var høgt verdsett, ikkje berre av Alexander som eit instrument med god lyd, men også økonomisk.

Akkurat kor mykje ho kosta, er Alexander forsiktig med å fortelje. Men det var snakk om mange kroner som ikkje fanst på kontoane hans.

«Eg sa først tvert nei. Men så snakka eg med fleire og tenkte meg litt om. Viss eg kunne gje litt attende til dei som bidrog, så kunne det kanskje vere greitt.»

Spleis for 200.000

Nødvendige midlar måtte skaffast via andre kjelder, og det trongst kreativitet til for å kome i mål. Nokre vener kom med forslag om å satse på Spleis gjennom Sparebank 1. Og etter litt vart dette løysinga.

– Eg sa først tvert nei. Det er ikkje nokon menneskerett å få eige ei slik fele. Men så snakka eg med fleire og tenkte meg litt om. Viss eg kunne gje litt attende til dei som bidrog, så kunne det kanskje vere greitt, fortel Alexander.

Dette var tilbakemeldinga til initiativtakarane, og no kan bidragsytarar få noko attende i form av opptak, oppdrag eller ein heilt ny slått laga av Alexander Aga Røynstrand.

Responsen har vore overveldande. Målet om å få inn 200.000 kroner i Spleis til delvis finansiering av hardingfela, er snart nådd. – Dette hadde eg aldri trudd, seier Alexander.

Han har alt fått fleire oppdrag med Spleis-speling, har selt fire nye sjølvlaga slåttar og 20 spelopptak. Og det blir fleire.

Betyr voldsomt mykje

– Kva betyr det å få fela til odel og eige?

– Det betyr voldsomt mykje. Eg har spelt og utvikla meg på fela i 12 år. Det ville vore rett og slett grusomt vondt viss eg måtte levere ho frå meg, som å starte på nytt. Denne fela har eg kunna stole på. Å ha instrumentet til odel og eige kjem til å ha noko å seie for resten av livet.

– Skal du fortsetje å køyre tømmerbil?

– Eg køyrde til og med oktober. Etter det har det vorte mykje speling. Det ser ut til å bli litt mindre køyring og meir speling også framover. Begge deler er artig. Men det er kanskje fleire som kan køyre tømmerbil enn spele fele, konstaterer Alexander Aga Røynstrand.

Første solo-cd

Alexander er letta over endeleg å ha spelt inn solo-cd, noko mange har venta på. Han synest det er litt skummelt, men også veldig moro. – Eg håpar at folk kan kose seg med plata.

– Er dette kopi av dine kjelder og læremeistrar?

– Eg har lært mest av Knut Hamre i heile oppveksten. Men eg har også lytta mykje til Anders Kjærland. Det er vel litt begge deler, men mykje Alexander. Eg innbiller meg at eg har funne litt av min eigen stil.

Eg ønskjer å vise kvar eg står her og no. Det er nokre slåttar eg har laga sjølv – to springarar, ein halling ein vals, ein reinlender og ein hamborgar. Resten er springarar og rudl i tradisjon som eg i hovudsak har lært etter Knut, fortel Alexander Aga Røynstrand.

Les også: Spelar gjerne på impuls

Alexander Aga Røynstrand er letta over endeleg å ha spelt inn solo-cd, noko mange har venta på. Han synest det er litt skummelt, men også veldig moro. – Eg håpar at folk kan kose seg med plata, seier han. Her spelar han på cd-sleppet. Foto: Privat
Dei om lag 80 frammøtte på sleppkonserten fekk også høyre borna Åsmund (11) som spelte ein Halte Lars-springar og Ingvild (6) med «Ferievalsen». – Det var veldig godt å oppleve for meg, seier far Alexander. Foto: Privat