NRK er ein statskanal, og det burde forplikte, også når det gjeld val av musikk som blir spelt.

Underteikna tok for tre år sidan kontakt med Kringkastingsrådet. Saka gjaldt den utruleg einsidige musikken som blir spelt på NRK P1 radio. Eg etterlyste eit meir variert musikktilbod. Det kom ikkje noko svar frå Kringkastingsrådet, men innspelet mitt vart sendt over til musikksjefen, Knut Henrik Ytre-Arne. I ein treårsperiode har eg så hatt gåande ein dialog med han.

NRK P1 er den kanalen som flest vaksne høyrer på. Dermed burde kanalen innehalde program og musikk som folk flest ville kjenne seg att i. Men slik er det ikkje. Det aller meste av musikken som blir avspelt, er pop-relatert. Noka kvalitetsvurdering av denne type musikk synest heller ikkje å eksistere. Eg for min del har etterlyst innslag med trekkspel-, fele- og gamaldansmusikk. Denne type musikk er P1 kjemisk fri for. Det blir vist til en ny kanal, P1+, som skal høve for «godt vaksne». Greitt nok, men dette er ei prinsippsak.

Hausten 2012 tok eg kontakt med Norske trekkspilleres landsforbund med spørsmål om dei kunne ta saka vidare. I det høvet vart eg også intervjua i «Trekkspillnytt». Kva som eventuelt vart gjort, og om det vart noko resultat av dette, er meg ukjent. Musikken på P1 er i alle fall den same. Men slik vil vi ikkje ha det! Her trengst eit breiare engasjement.

NRK er ein statskanal, og det burde forplikte, også når det gjeld val av musikk som blir spelt. Det er ikkje rett at det skal sitja ei lita gruppe menneske – NRK sin musikkredaksjon – og bestemme at på den kanalen med flest lyttarar skal det berre sendast pop-relatert musikk. Dette bør vi ikkje finne oss i!

Stusseleg innstilling: NRK får ikkje akkurat ros for måten dei handterer tradisjonsmusikken på. Foto: Ingrid Kvitrud.

«Musikken eg etterlyste, vart beteikna som ‘allergi-musikk’»

I eit innspel til NRK Buskerud/Vestfold om same sak fekk eg til svar at den musikken eg etterlyste, vart beteikna som «allergi-musikk». Slik musikk måtte eventuelt sendast i eigne program. Sagt med andre ord: NRK kunne ikkje risikere at folk flest skulle bli utsett for å måtte høyre på slik musikk.

For ein månads tid sidan stilte eg på nytt eit konkret spørsmål til musikksjef Ytre-Arne: «Kva er problemet med å sende for eksempel ein feiande fin vals av/med Sven Nyhus eller for eksempel ein frisk reinlender framført av P.A. Røstads orkester?» Svaret eg fekk, var følgjande: «Det kan vi ikke, for da risikerer vi at mange slår av radioen!» Ganske utruleg, men dette var altså svaret eg fekk. Vårt eige må vike for det som kjem utanfrå. Norsk tradisjonsmusikk er for dårleg og må gøymast bort. Nisseluva sit tydelegvis godt forankra innanfor leiinga i NRK!

– Kva kan vi saman gjera for å få endra på denne stusslege innstillinga som leiinga i NRK står for?

 

Torstein Gjeldokk