Då Spellemann 2021 blei delt ut fredag 22. april, var det Marja Mortensson som trekte det lengste strået i kategorien Tradisjonsmusikk. Dette er andre gong ho vinn Spellemann.

Utdelinga av prisen i Tradisjonsmusikk blei vist i del to av Spellemann-sendinga, men Marja Mortensson hadde visst om prisen ein stund allereie. Ho blei overraska av samarbeidspartnar og sambuar Daniel Herskedal, som hadde fått i oppgåve å overrekke prisen til henne på ei strand i Skibotn. I mars blei Mortensson inviterte til å spele inn ein introvignett til Spellemann-sendinga, og det var då ho fekk bronseharpa.

Visste om prisen i ein månad: – Uansett korleis prisen blir delt ut, så heng han veldig høgt. Men det var utfordrande å halde det hemmeleg så lenge, fortel Mortensson.

Likevel er ho glad for at ho fekk oppleve å bli utropt til vinnar på sjølve prisutdelinga då ho vann Spellemann 2018. Mortensson støttar det artist Marthe Valle skreiv i eit innlegg om måten prisen blei delt ut på i år, der fleire av vinnarane blei kåra i vekene før sjølve utdelingskvelden.

– Valle meinte at det er ei prinsippsak at alle kategoriar er like viktige, og det er eg samd i. Det er meir høgtideleg å få prisen delt ut på sjølve kvelden. No blei det berre sendt på TV, og det var ikkje noko utdeling av pris til mange av oss på sjølve Spellemann, fortel Mortensson.

Dagen prisvinnarane blei offentleggjorde, hadde ho tatt turen til Oslo saman med medmusikantane Daniel Herskedal og Jakop Janssønn for å feire.

Spellemann-vinnar for andre gong Marja Mortensson intervjua av NRK under utdelinga på Sentralen, flankert av medmusikarar Daniel Herskedal (t.v.) og Jakop Janssønn. (Foto: Guro Kleveland, Ballade)

«Det er meir høgtideleg å få prisen delt ut på sjølve kvelden.»

Spellemann-vinnar Marja Mortensson

Historier frå farmor

Utgjevinga Raajroe – The Reindeer Caravan er resultatet av ein draum Mortensson har hatt lenge. Ho hadde hatt lyst til å gjere eit større prosjekt, og etter at ho vann Spellemann førre gong, tok ho mot til seg og spurde om Kringkastingsorkesteret (KORK) ville vere med på eit samarbeid. Utgangspunktet for musikken og tekstane fann ho i familien.

– Farmor har så mange historier om livet før i tida, og om reindriftsarven. Eg hadde lyst til å skrive noko om det. Daniel hadde lyst til å skrive ut arrangement for orkesteret, og han er også medkomponist på fleire av låtane. Han har vore med i den sørsamiske joikeverda ei stund no, og han har ein kompetanse eg hadde lyst til å bruke for å lage ei eiga verd rundt joikane mine. Så ein høyrer litt av han og litt av meg i heile verket, fortel Mortensson.

Ho rosar også trommeslagar Jakop Janssønn som har vore med og sett sitt preg på plata, der han har leika seg med alle taktartar og rytmar Mortensson legg opp til.

Bygderappduoen Hagle vann to Spellemann-prisar for 2021, m.a. den nyoppretta kategorien Festmusikk. Her med medmusikarar, f.v. Matias Hilmar Iversen, André Jensen, Olav Tokerud, Mikael Jonassen, Mari Skeie Ljones og Almir Meskovic. (Foto: Guro Kleveland, Ballade)

Endring i kategorien

Før prisutdelinga i år, bytta den noverande kategorien Tradisjonsmusikk namn frå Folkemusikk og tradisjonsmusikk. Kategorien er for musikk basert på norsk folkemusikk, samisk folkemusikk og folkemusikk frå andre land, skriv Spellemann på nettisda si. Der står det også at det tradisjonelle gjerne kan vere kombinert med meir moderne element.

– Ein lurer alltid litt på kva kategori ein skal melde seg opp i, men joiken er så sentral i musikken min og berer heile verket, så eg følte at det passa inn i tradisjonsmusikk, seier Mortensson og legg til:

– For meg rommar også tradisjon meir enn musikk. Historieforteljing og gammal kunnskap er ting eg ofte blir fascinert av. Det er ein del av tradisjonen som eg alltid ber med meg. Kategorien viser at det er stor breidde i sjangeren, noko som også er synleg i nominasjonane, som rommar alt frå solo munnharpe til orkester, seier ho.

Folkemusikk på skjermen

Under TV-sendinga var folkemusikken synleg gjennom eit innslag med Thov G. Wetterhus på munnharpe og Synnøve Brøndbo Plassen med slåttetralling, begge nominerte i Tradisjonsmusikk, og Ragnhild Hemsing på hardingfele, som var nominert i klassisk. Dei siste nominerte i Tradisjonsmusikk var Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola.

Ein folkemusikar som fekk gå opp på podiet og ta imot pris og applaus frå salen på direktesendinga, var felespelar Mari Skeie Ljones. Ho bidreg med felespel for gruppa Hagle, som vann Årets nykommer og Gramostipend og i tillegg den nye kategorien Festmusikk. Dei var i tillegg nominerte til Årets låt for «Ærmen i kærmen».

Spellemann-nominerte Ragnhild Hemsing (i klassisk) og Thov G. Wetterhus (i tradisjonsmusikk) spelte også saman på utdelinga, på Sentralen i Oslo fredag 22. april. (Foto: Kjell Bitustøyl)