Folkemusikk logo
Logo

Hallingdansarhelg på Riksscenen: startskotet for bokprosjekt om hallingdansen

Vetle Springgard

Vetle Springgard er ein av fleire aktørar under hallingdansens helg på Riksscenen.

19.–21. september fyller hallingdansen Riksscenen i Oslo. Heile helga blir det forestillingar, workshop, samtalar, forsking og fest – alt samla rundt eit felles mål: å løfte fram hallingdansen i både praksis og historie, og å legge grunnlaget for den komande boka Hallingdansen.

Tekst: Pressemelding

Foto: Thor Brødreskift

Initiativet til bokprosjektet kjem frå danseforskar Egil Bakka, etter at Gunnlaug Lien Myhr peika på den rike dokumentasjonen av kvinnelege hallingdansarar frå 1800-talet. Denne stod på trykk i Folkemusikk 1/2025. Lenke til et annet nettsted.

No er ei hovudnemnd på eit dusin personar i gang, støtta av 20–30 ressurspersonar frå ulike fagfelt. På Riksscenen blir boka lansert som idé i det offentlege rom, med seminar, idédugnad og rapportar frå arbeidsgrupper.

Programmet rommar både det akademiske og det utøvande. Lenke til et annet nettsted.

Programmet for helga

Fredag

Kl. 17.00-18.00 Gratis halling-workshop for ungar frå 8-15 år.

Instruktør Martin Myhr.

Kl. 20.00 Hallingdansorama. Forestilling under leiing av Vetle Springgard. Alle hallingdansarar er velkomne til å delta i stuntet.

Musikarar: Erlend Viken, Johanne Flottorp, Ulf-Arne Johannessen

Kl. 21.00 Liten dansefest. Fri aldersgrense.

Laurdag

Kl. 10.00 Felles opning v/ Vetle, Vilde, Martin og Egil

-Hallingdansarsamling med hovudtema: Bok om hallingdansen

-Orientering om timeplanen gjennom helga

-Felles oppvarming med ein halling

Intimscena: Samtale med hallingdansarar over 60 år v/ Egil Bakka.

Ope for alle interesserte. Sff filmar.

Klubbscena: Forsking og utprøving av tak og godkarstykkjer skildra på bilete frå 1800-talet. Leia av Vetle Springgard og Vilde Westeng.

Kl. 12.00. Kaffipause

Kl. 12.15-13.00 Felles samling på Klubbscena, der utprøvinga av taka og godkarstykkja blir vist fram og drøfta. Sff filmar.

Kl. 13.00-14.00 Dugurd

Kl. 14.00 Prøveforestilling v/ Ådne Kolbjørnshus, Håkon Odden og Sindre Trondrud.

Kl. 14.30 Dansing og intervju fortset i to salar.

Kl. 16.00 Kaffipause

Kl. 16.15-17.00 Felles samling på Klubbscena

Kl. 17.00 Godkartevling utanfor Riksscena med fine premiar.

Kl. 20.00 Dansefest. Fri aldersgrense.

Sundag

Kl. 10.00-13.00 Presentasjon av bokprosjektet v/ Egil Bakka.

Ope for alle interesserte.

-rapportar frå arbeidsgruppene

-idédugnad om innhaldet i boka

-oppsummering av resultat frå samlinga i helga

-arbeidet framover

Kl. 11.45 Kaffipause

Kl. 13.00 Forestilling om den skogfinskekulturen og Halteguten.

Ånund Myhren og Vera Sonne på LilleRIKSEN. Gratis for seminardeltakarar.

Kl. 13.45 «Arkivdans med ungdommeleg blikk»

v/ Frederic Brevig Deverill

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024