Onsdag 24. september inviterer Bryggens Museum til ein kveld med norsk folkemusikk og forteljartradisjon i sentrum. Folkesongaren Linda Røyseth Sandhåland framfører balladen om Åsmund Frægdagjeva, ei av dei mest dramatiske og populære norske mellomalderballadane.

Linda Røyseth Sandhåland er ein røynd kvedar med bakgrunn frå både Rauland og Ole Bull. Foto: Bymuseet.
Tekst: Pressemelding
I tillegg til konserten held Sandhåland eit kort foredrag om balladen og folkevisetradisjonen. Ho er kjend for si fordjuping i vokal folkemusikk frå kysten av Hordaland, og kombinerer musikalsk framføring med kulturhistorisk formidling – noko som gir publikum ei heilskapleg oppleving. Sandhåland kan du også møte i Folkemusikk 2024/04. Lenke til et annet nettsted.
Balladen om Åsmund Frægdagjeva finst i mange variantar, overlevert munnleg gjennom generasjonar. Historia om riddaren Åsmund, prinsessa og kampen mot overnaturlege krefter har gjennom hundreåra halde posisjonen som ei forteljing full av heltedåd, dramatikk og mystikk.
Arrangementet er knytt til utstillinga med Ragna Breiviks teppeserie Åsmund Frægdagjeva, som publikum kan sjå etter konserten.
Tid og stad:
Billettinformasjon:
Publikum som ser omtalen på folkemusikk.no får spesialpris på kr 130 (vel kategori vennepris). Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert