Folkemusikk logo
Logo

Folkemusikk 3/2025

Neste nummer av Folkemusikk er like om hjørnet, så det er ikkje lenge før abonnentar kan ta seg ein målretta tur bort i postkassa. Les meir om innhaldet i Folkemusikk 3/2025 her. Her finn du også informasjon om korleis du kan få kjøpt dette nummeret i laussal og/eller bli fast abonnent av magasinet.

Folkemusikk 3/2025

Årets tredje nummer av magasinet Folkemusikk går ut til alle vaksne medlemmar i FolkOrg.

Ikkje abonnent? Ting abonnement her

Du kan tinge abonnement av Folkemusikk her. Lenke til et annet nettsted. Du vil få ettersendt dei to fyrste nummera for i år om du tingar abonnement no.

Tidlegare utgåver av Folkemusikk kan kjøpast på Tekstallmenningen. Lenke til et annet nettsted.

Dette nummeret går ut til alle vaksne medlemmar i FolkOrg, og det kjem eitt nummer til kvar husstand der det er fleire medlemmar.

Innhald Folkemusikk 2/2025

I år vart Landskappleiken arrangert i Eidfjord. Den gjæve kongepokalen vart sett opp i Dans hardingfele klasse A. Bli med både framom og bakom scena for ein prat med sentrale aktørar i klassa der ein konkurrerer i å vera best i pardansformer som springar, gangar, parhalling og bonde. Elles kan du møte både yngre og eldre kappleiksdeltakarar og få god innsikt i kva som gjekk føre seg i eliteklassane i vokal, hardingfele og vanleg fele.

Store folkemengder hadde møtt opp på Landsfestivalen i Oppdal cirka ein månad seinare. Folkemusikk var til stades og prata med både utøvarar, arrangørar, publikummarar og dommarar. Her får du perspektiv på Landsfestivalen både før og no, samt debattar og innsikt i rekrutteringsprosjekt.

I bladet kan du også få eit innblikk i nokre av sumarens folkemusikkfestivalar, slik som Pederhusveka, Jørn Hilme-stemnet, Telemarkfestivalen og Kalottspel. Det blir denne gongen eit reisebrev frå Førdefestivalen.

Tidlegare stortingsmann Hallgrim Berg har gjennom ei årrekke vore ein aktiv profil på folkemusikk- og folkedansfeltet. I vår fylte han 80 år, og Folkemusikk har fått eit eksklusivt portrettintervju med tilbakeblikk til ei særs mangslungen karriere.

Magasinet har også denne gongen ein god del fagprat. Her kan du lesa om Magne Velure sitt djupdykk i Nasjonalbiblioteket sitt avisarkiv som har resultert i ein artikkel om hallingdans på scena like rundt førre hundreårskifte. Både Tellef Kvifte og Anders Lunden Herfoss har kome med bøker om høvesvis folkemusikkvitskapleg teori og spelemenn i Ål i Hallingdal. I tillegg har det kome mange plateproduksjonar den siste tida som er grundig gjennomgått av Folkemusikk sitt meldepanel.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024