Folkemusikk logo
Logo

Klart for European folk day for tredje gong

European Folk Network ønsker større merksemd rundt den europeiske tradisjonsmusikken. Difor markerer dei ein eigen dag for dette, der dei oppmodar så mange som mogleg til å registrere arrangementa sine i ein felles kalender.

European folk day

Arrangerer du eit folkemusikkarrangement i slutten av september? Då kan det bli ein del av "European folk day". Illustrasjonsfoto: Kjetil Meberg Myhren og Thea Myrjord Norheim frå årets landskappleik. Foto: Runhild Heggem.

Tekst: Redaksjonen

Skal du arrangere eit arrangement knytt til europeisk folkemusikk, folkedans eller historieforteljing som skal vere rundt 23. september, vil European Folk Network at du registrerer det som ein del av European Folk Day. Denne dagen blei markert for første gong i 2023. Året etter gjentok dei det, og nå har det blitt ein tradisjon, skriv dei. Det er alltid 23. september, som markerer haustjamdøger på den nordlege halvkula.

I skrivande stund er det eitt arrangement i Noreg som er registret. Hendinga treng ikkje skje akkurat på dagen, men også i dagane før og etter folk-dagen.

Du kan registere arrangementet ditt her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Arrangøren European Folk Network blei danna etter at fleire ønskte ein slik felles europeisk organisasjon. Ideen oppstod i samtalar under Celtic Connections i 2016, og organisasjonen blei formelt stifta i 2019. Det er personar frå åtte ulike land og organisasjonar som sit i styret. Frå Noreg og FolkOrg/FolkeLarm er det Ann Helen Erichsen som er med.

Tidlegare dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes, var med i det første styret i organisasjonen.

Organisasjonen har i tillegg til markeringa 23. september eit årleg seminar for medlemmene.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024