Skurken på Dansegolvet er klare med sitt andre album. Dans te du døyr kombinerer folkemusikk og rock – med historier om Fel-Jakup, slaget ved Kringen og trekkspelarven frå Hønefoss.

Frå to til fem medlemmar: Skurken på Dansegolvet satsar for fullt på folkrock.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Folkrockbandet Skurken på Dansegolvet slepper sitt andre album Dans te du døyr 19. september. Etter å ha vekt merksemd med debutplata i 2024, tek dei no steget vidare med større besetning og eit lydbilete som spenner frå melankolske melodiar til hardtslåande riff.
Bandet er fronta av Steinar Odde (vokal) og Pål Bratås (trekkspel), som i den nye produksjonen har fått med seg Ørnulv Brun Snortheim på gitar, Kristen Stensgård Bratås på bass og Aage Halleland på trommer. I tillegg dukkar gjesteinstrument som fele og bukkehorn opp, noko som bind saman rocken og folkemusikken på ein særmerkt måte.
På plata finn vi historier om både Fel-Jakup, slaget ved Kringen og trekkspelarven frå Henschienfabrikken på Hønefoss.
– Vi går no frå to til fem faste medlemmar, og bandet si samansetjing har sterke røter i både folkemusikk og rock. Difor er folkrock eit naturleg landskap å satse på. På dette albumet høyrast det tydeleg – eit lydbilete som vekslar mellom rå energi og lyriske augeblikk, seier bandet.
Vidare heiter det at Dans te du døyr er ei plate som «både får deg til å trampe takten og gruble litt». Tittelen er ein påminning om å leve, danse og gi seg hen medan ein kan.
– Vi har etter kvart fått ein draum om å skape ei fullverdig kabaretframsyning. Tekstuniverset vårt har både humor, alvor og ein god dose skurkedrama. Det har gitt grobotn for denne ideen, seier Pål Bratås.
Sist oppdatert