Folkemusikk logo
Logo

Eksperimenterer med tradisjon og elektronikk

Kenneth Lien og Center of the Universe er tilbake med albumet Norwegian Electronic Folk Music. Her møter munnharpe og hardingfele gjengangarar frå house og techno som TB-303 og Roland 909 – i eit prosjekt som utforskar korleis norsk folkemusikk kan lyde når tradisjon og elektronikk blir vove saman.

Jørgen Skjulstad og Kenneth Lien Foto: Margit R. Omholt

Jørgen Skjulstad og Kenneth Lien Foto: Margit R. Omholt

Tekst: Pressemelding/Redaksjonen

Etter suksessen med det kritikarroste albumet Snu hver stein (2023) er Kenneth Lien og Center of the Universe tilbake med eit nytt prosjekt. Albumet Norwegian Electronic Folk Music vidarefører samarbeidet der elektroniske lydlandskap blir smelta saman med tradisjonelle norske slåttar og danserytmar.

På plata møter publikum alt frå electro-halling og disko-gangar til springar i drum’n’bass-drakt. Tradisjonelle instrument som munnharpe og hardingfele får selskap av klassiske elektroniske verktøy som TB-303 og Roland 909.

Resultatet er musikk som ikkje berre kan lyttast til, men også dansast til – og som stiller spørsmålet: Kva om elektronisk folkemusikk alltid hadde vore ein ubrotentradisjon?

Duoen ser bakover til pionerane frå 60- og 70-talet, som Folque, Saft og Sigbjørn Bernhoft Osa, vidare til Annbjørg Liens tidlege prosjekt, og heilt inn i dagens augeblikk der folkemusikk og røter står sterkare enn på lenge.

Kenneth Lien er multiinstrumentalist med bakgrunn frå både black metal, improvisert rock og folkemusikk. Han er kjend frå trioen Ævestaden og har fleire kappleikssigrar på munnharpe. Jørgen Skjulstad, også kjent som Center of the Universe og DJ Sissyfus, er musikar, DJ og produsent med rundt 20 eigne albumutgjevingar og eit utal remiksar og samarbeid bak seg.

Med Norwegian Electronic Folk Music inviterer dei til eit levande eksperiment som både kan vere inngangsporten til folkemusikken for nye lyttere – og eit djupdykk for dei som alt elskar tradisjonen.

Albumet er produsert av Jørgen Skjulstad, mastra av Christian Obermayer, og kjem på CD, LP og digitalt format.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024