Gruppa Gabba er ute med sitt andre album, Smestániá – oppfølgjaren til den Spellemannpris-vinnande debuten frå 2022.

John André Eira og gruppa Gabba vann Spellemannsprisen for sitt fyrste album. Foto: Øystein Jensen.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
Plata er spelt inn i bandets eige studio, Drengestua, kjent frå NRK-Scenen, og viser eit band som både har utvikla seg og halde fast ved kjernen i uttrykket sitt. Produsent og bandmedlem Ola Brandsnes Vårtun utdjupar:
- På denne plata har vi fanga energien og kjensla av å vere i Smestániá, vår eiga verd i kråkeslottet Drengestua i Oslo. Der yrer det av liv, jamming i studio, fest i stova, grilling i hagen og fuglesong i trea. John André sit og joikar i godstolen, medan vi andre, hans armé av søringar, slengjer oss på med kvar vår musikalske ryggsekk, pakka med folkemusikk, hiphop, blues og afrikanske rytmar, til tider krydra med indiske smakar.
Sidan gjennombrotet for to år sidan har joikemesteren John André Eira og «arméen av søringar» i Gabba etablert seg som ei av dei mest markante stemmene i norsk folkemusikk og samisk musikk. Bandet har turnert vidt og breitt – frå India til Skottland – samstundes som dei har jobba med å utvikle sitt heilt eigne musikalske univers.
- Dette albumet er både meir energisk, leikent og ungdommeleg enn debutalbumet vårt, samstundes som vi har vakse og musikken er endå meir moden, seier Vårtun.
Smestániá er gjeve ut på eiga hand, slik som debuten.
Sist oppdatert