Folkemusikk logo
Logo

Minneord for Nils Solheim (1945–2025)

Spelemannen og miljøskaparen Nils Solheim frå Hyen har gått ut av tida. I dette minneordet fortel Fredrik Hope om kva han har betydd for Hyen spelemannslag.

Nils Solheim i samspel med Hyen spelemannslag Foto Kristianne Marøy

Nils Solheim i samspel med Hyen spelemannslag. Foto: Kristianne Marøy

Tekst: Fredrik Hope, på vegner av Hyen spelemannslag.

Torsdag 11. september gjekk Nils Solheim brått bort. Nils var både idrettsmann i ungdomen, friluftsmann, bonde og aktiv på fleire område – men etter familien og garden i Eimhjellen, var musikken noko av det Nils sette høgast. Vi i Hyen spelemannslag vil difor dele litt om spelemannen og miljøskaparen Nils Solheim.

Nils fekk tidleg interesse for musikk og trekkspel. «Eg masa og taut på mor og far om at eg hadde lyst til å byrje å spele» fortalde Nils. Tanta Marte Eimhjellen, som var lærar og organist i Hyen, bidrog til at han fekk eit lite pianospel då han var kring 13 år. Lære seg å spele laut han gjere mykje på eiga hand.

Dei store førebileta var i hin dalen i Hyen: Særleg dei litt eldre Arne og Ola Tormod Ommedal var allereie habile trekkspelarar som spelte til dans når ungdomen samlast på ungdomshuset Fritun. Nils øvde nok ein heil del, for då han kom i konfirmasjonsalderen og tok til å gå på dans sjølv, kappast han og andre på hans alder om å få spele i pausane til Arne og Ola Tormod. «Då slost vi på lag om å få spele!» fortalde Nils. «Og når vi fyrst byrja so ville vi ikkje slutte». Etter kvart fekk han kjøpt seg eit betre spel som han brukte mykje i åra etter. Han spelte ein del i lag med felespelarar i området og spelte i bryllaup, på ein danseflake i Eimhjellestranda og på andre tilskipingar.

Då Nils starta på folkehøgskulen på Vereide fekk han ei utfordring: Der var det ikkje lov med trekkspel. Men Nils han fann ei løysing: Han fekk seg ein kamerat på Nordstranda som han fekk setje trekkspelet heime hjå. Slik fekk han ein stad å øve. På Mo jordbrukskule var det enklare å dyrke musikken. Der fann han spelekameratar, og spelte saman med dei på ungdomshus i området. I militæret på Bømoen på Voss hadde han med spelet, og fekk fleire speleoppdrag.

Etter militæret vart det gradvis mindre trekkspelspeling. Han laut ta meir ansvar på garden, fekk familie og andre interesser melde seg. Etter 1970 meinte han at han ikkje tok i trekkspelet på 20 år.

Men heldigvis vart ikkje dette siste verset i visa om spelemannen Nils Solheim. Toradarbølga, som feia over Noreg frå 1970-talet og utover, kom nemleg til Hyen i hausten 1989. Då skipa Hyen spelemannslag til kurs i toradarspeling. Dei var ein stor gjeng – 21 stykk på det meste, både frå Hyen og bygdene kring. Etter kvart stabiliserte det seg ei gruppe på 11 stykk som øvde annankvar veke. Slik kom Nils inn i spelemannslaget, og det er vi veldig takksame for.

Allereie i 1991 var han inne i styret som styremedlem, og det gjekk ikkje lang tid før han vart kasserar. I 1998 frå til 2009 var han leiar i laget. Pengesøknadar vart sendt, det var mykje aktivitet i laget med kurs for barn og unge, store spelemannsfestar og speleoppdrag både i bygda og vidare i kring. Nils var ein viktig bidragsytar som la til rette for arbeidet i laget saman med andre eldsjeler. I periodar var han toradarlærar for andre i bygda som ville lære instrumentet. Sjølv om toradarbølga etterkvart la seg og han vart den einaste toradarspelaren i laget, held Nils gløden oppe. Dei siste åra imponerte han med å gå frå toradar til treradar, som nok kravde ein del øving.

Nils og vi hine i laget fekk ei overrasking i 2022. Då vart vi spurde om å spele med sjølvaste Lindesnes trekkspillklubb. Fyrst bytespelte vi med dei til dans i Runnevang på Sørstranda. Då må vi ha spelt godt, for sidan vart vi spurt om å vere med dei på konsertar i Grieghallen! To år på rad var Hyen spelemannslag med og spelte konsertar saman med dei. Og det var på lag fullt hus over alt! Vi veit at Nils fekk ny kveik og mykje glede av desse oppdraga og samspelet med Lindesnes trekkspillklubb.

Vi i spelemannslaget er mellom dei mange som kjem til å sakne Nils. Han hadde mange gode historier og gode kommentarar på lur, som gjerne kom fram på øvingar og på veg til speleoppdrag. For oss hine verka det som han alltid var klar for neste speleoppdrag. Når vi som er att skal spele vidare, kjem det til å vere ein stol som er tom og ein treradar som manglar. Saknet er stort, men takksemda er størst: for all tida han brukte på spelemannslaget og folkemusikken, for den store gleda han hadde av musikken og miljøet og for at vi fekk låne han og spelet hans so mykje frå familien. Vi lyser fred over Nils Solheim sitt minne.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024