Det blir garantert ville bilete og mykje latter når dansekompaniet Kartellet møter over 1000 fjerdeklassingar i Tromsø 6.–8. oktober. På Tromsø Kulturhus spelar dei framsyninga An dran drin drekt – ei forestilling som byr på felespel på stylter, krumspring, folkedans og rare regler.

Kartellet skal rundt i Tromsø-skulen i neste veke og spele, leike og danse med 1000 elevar. Foto: Knut Aaserud
An dran drin drekt har vore vist meir enn 200 gonger, mellom anna på Moldejazz, Rockheim, Festspillene i Bergen og Festspillene i Nord-Norge. No kjem framsyninga heim til Tromsø med ei blanding av fotball, stylter, leik og folkemusikk.
– Vi vil dele med verda at den rare, artige leiken er gull verdt, seier Kartellet-sjef, Sigurd Heide.
Den rytmiske regla som har gitt namn til framsyninga er kjent frå Grytøya og Vesterålen:
«An dran drin drekt. Kontra både fem og seks. Bom bam dutri dam. Silkemaga, buldrikaka. Ditt om. Pøk utav.»
Som ein fun fact kan Heide fortelja at førestillinga har vore ute i hardt vêr, bokstaveleg talt.
- Førestillinga har vore spelt i stiv kuling og 13 minus, og 33 varmegrader som kontrastar. Fungerer både vinter og sommar.
Kartellet håpar å inspirere barn og vaksne til å leike meir i kvardagen – og kanskje til og med danse.
Medverkande:
Framsyninga er coprodusert av Festspillene i Nord-Norge og støtta av Norsk Kulturfond.
Sist oppdatert