Folkemusikk logo
Logo

Ålesund får ny folkemusikkfestival

Aalesund Folk Festival blir arrangert for første gong i september 2026 – med mål om å gje folkemusikken ein ny heimstad mellom fjord og fjell.

Sponsorsjef Malin Olsvik Wollstad og festivalsjef Kristina Farstad Bjørdal inviterer til folkemusikkfestival i Ålesund neste haust. Foto: Aalesund Folk Festival.

Sponsorsjef Malin Olsvik Wollstad og festivalsjef Kristina Farstad Bjørdal inviterer til folkemusikkfestival i Ålesund neste haust. Foto: Aalesund Folk Festival.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Mellom fjord og fjell, i hjartet av Sunnmøre, spring eit nytt kulturinitiativ fram: Aalesund Folk Festival. Den ferske festivalen vil løfte fram både den tradisjonelle og den nyskapande folkemusikken – og ikkje minst opne dørene for nye publikumsgrupper.

– Vi trur folkemusikken har ei kraft som kan nå mykje breiare enn den gjer i dag. Festivalen skal vere ein port inn i musikken for kven som helst – og ein fest for alle som alt kjenner og elskar han, seier Kristina Farstad Bjørdal, festivalsjef for Aalesund Folk Festival.

Festivalmottoet «Folk til folket» peikar på ambisjonen om å gje musikken tilbake til menneska den kjem frå – og å knyte saman tradisjon, fellesskap og fornying. Programmet skal spenne frå tradisjonell norsk folkemusikk til eksperimentelle prosjekt og internasjonale impulsar.

I samarbeid med Fabrikken Kulturscene og Ålesund kulturskule blir det òg kurs og møteplassar, særleg retta mot unge utøvarar som får høve til å lære av erfarne musikarar.

Bak satsinga står mellom andre nestleiar og medeigar i Fabrikken Kulturscene, Stefan Olsen, og spellemann og kursleiar Jan Beitohaugen.

– Det skal vere noko for alle! lovar Bjørdal.

Malin Olsvik Wollstad, sponsorsjef for festivalen, oppmodar næringslivet til å støtte opp om initiativet:
– Dette er ein samlande og viktig festival for kulturlivet i regionen.

Med Aalesund Folk Festival får byen eit nytt kulturelt samlingspunkt – ein kyst- og byfestival som både speglar dei lokale røtene og knyter band utover landegrensene. Ambisjonen er å bli ein årleg institusjon, der folkemusikken verkeleg blir «folk til folket».

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024