Folkemusikk logo
Logo

Søker nye sceniske prosjekt med tradisjonsutøvarar

Er du ein skapande utøvar innan folkemusikk eller folkedans – og sit med eit prosjekt i startgropa? Riksscenen inviterer no profesjonelle tradisjonsutøvarar til å søke på HUSROM 2026, eit utviklingsprogram for sceniske prosjekt som tek utgangspunkt i tradisjonsbaserte uttrykk.

HUSROM 2026 – ein inkubator for sceniske prosjekt på Riksscenen

HUSROM 2026 – ein inkubator for sceniske prosjekt på Riksscenen. Foto: Riksscenen.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

HUSROM er retta mot profesjonelle, skapande utøvarar innan folkemusikk, folkedans og beslekta tradisjonar. Nye stemmer og unge utøvarar blir særleg oppmoda til å søke. Ordninga er meint for prosjekt i tidleg fase eller forprosjektfase, der ein ønskjer å utforske og utvikle sceniske idear med røter i tradisjon.

Gjennom HUSROM får utvalde deltakarar:

  • 15 dagar i ubemanna prøvesal på Riksscenen (dagtid, etter kapasitet)
  • Teknisk bistand i 2 dagar
  • Produksjonsstøtte på 40 000 kroner
  • Fagleg dialog med Riksscenens produsent
  • Dokumentasjonsopptak

Riksscenen dekkjer ikkje reise, opphald eller diett, men det kan avtalast ei visning av work in progress under opphaldet.

Søknadsfristen er 1. november, og utvalde prosjekt blir offentleggjorde under Folkelarm 15. november.
Årets jury består av Solveig Brekke Hauknes, Arne Fagerholt og Unni Løvlid.

Spørsmål kan rettast til produsent Andreas Ljones på andreas@riksscenen.no

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024