Med albumet Heimført markerer Hekla Stålstrenga både 20 år som band og ein retur til røtene – til tradisjonsmusikken frå Nord-Noreg, der det heile starta.
Heimført er det tiande albumet til Hekla stålstrenga i plateselskapet Ta:lik sin katalog. Foto: Carl Christian Lein Størmer.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Sist fredag sleppte Hekla Stålstrenga sitt niande album, Heimført, på Ta:lik. Utgjevinga er, som bandet sjølv seier, «ei hylling til folkemusikken frå nord». Albumet samlar ti spor med utgangspunkt i tradisjonsmusikk frå Nord-Noreg – eit materiale som bandet på mange måtar blei tufta på då dei starta i 2005.
Arbeidet med plata byrja i Vinje, der grunnleggjarane Ragnhild Furebotten og Tore Bruvoll vende tilbake til Rauland – staden der dei studerte folkemusikk for snart tre tiår sidan. I ei tømmerkoie med utsikt over Totak vart mange av skissene til, og sjølve innsjøen fekk òg sin eigen slått.
– Folkemusikken frå nord var heile idéen med bandet då vi starta. Vi gjekk til gamle kjelder, bøker og nedskrifter for å finne repertoaret vårt – og det same har vi gjort på denne utgivinga, fortel bandet.
Innspelinga starta i oktober 2024 med produsent Kristian Svalestad Olstad, som òg har stått for miksinga.
– Lyden av Hekla anno 2025 er umiskjenneleg oss, samtidig som Kristian har bidrege med sitt særpreg frå produsentstolen – på måtar vi aldri ville kome på sjølve, seier dei.
Som alltid hos Hekla finn vi også nyskriven musikk: Ragnhild Furebotten og Tore Bruvoll står bak nye komposisjonar, medan tekstane i hovudsak er tradisjonelle. Plata rundast av med ei nytolking av Elias Blix’ «Barndomsminne frå Nordland».
Hekla Stålstrenga har sidan debuten i 2008 gitt ut ei rekkje album og blitt eit av dei mest folkekjære banda innan norsk folkemusikk. Med låtar som «Har du fyr», «Folketonen», «Siste sang» og «Vise ved vintersolverv» har dei sett eit sterkt avtrykk i det norske musikklandskapet – og juleturneane deira har blitt ein fast del av mange si førjulstid.
Heimført er òg dedikert til minnet om lysdesignar Torbjørn Thrane Sandnes, som gjekk bort sommaren 2024 etter over ti år på vegen saman med bandet.
Albumet kjem ut både digitalt og på vinyl, og kan kjøpast eller høyrast mellom anna på Bandcamp, Platekompaniet og Big Dipper.
Hekla Stålstrenga er:
Anne Nymo Trulsen · Ragnhild Furebotten · Tore Bruvoll · Trond-Viggo Solås · Ole-Jakob Larsen
Sist oppdatert