Folkemusikk logo
Logo

Minnepris til ung spelemann frå Voss

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2025 er tildelt Anders Møn Mjelde frå Voss. Prisen, som er på 20 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Øystese, laurdag 11. oktober.

Anders Møn Mjelde Hardingfele C - Foto Liv Annette Nygjerdet

Anders Møn Mjelde frå Hardingfele C under Landskappleiken i Eidfjord i sumar. Foto: Liv Annette Nygjerdet

Tekst: Pressemelding

Anders Møn Mjelde er født i 2008 og byrja å spela hardingfele 5 år gamal. Prisvinnaren vaks opp i eit hus med ein felespelande far og har ein felespelande bestefar i Hardanger. Difor var lyden av hardingfela og interessa for instrumentet tidleg vekt. Gjennom faren og bestefaren, og gjennom opplæring hjå mange andre har prisvinnaren stor slåttekunne.

Anders Møn Mjelde fekk Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris under kappleiken i Øystese i helga. Foto: Erling Moxnes.

Han byrja fyrst å spele i heimen og så hjå Leif Rygg. Ganske raskt byrja han i Voss Kulturskule med Johanne Mjøs som lærar, og hadde Johanne som lærar i fleire år. Han vart og med i Voss Spelemannslag, fyrst på juniorøvingar og sidan i det vaksne laget. Han har delteke i samspelgrupper med spelemenn på same alder i regi av laget. Han har og delteke på ei mengd kurs som Strunkeveko, Ungosa og andre. Gjennom dei siste par åra har han hatt Knut Hamre som lærar. Slik kjenner han godt til feletradisjonane i både Voss og Hardanger.

Prisvinnaren har gjennom fleire år delteke på kappleikar og gjort det svært bra. Han har og ein og annan spelejobb som vert utført på svært god måte. Soleis går denne kulturforma vidare til nye generasjonar.

Anders Møn Mjelde frå Vestlandskappleiken på Skei i fjor:

”Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.”

Prisen er støtta av Sparebanken Vest med fleire, og har vore delt ut årleg sidan 2007. Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen. I styret for minneprisen sit Arne Anderdal, Sigrid Moldestad, Eva Marie Toppe og Erling Moxnes.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024