Fiolinist og komponist Inger Hannisdal er aktuell med sitt fjerde studioalbum To long, longing, I have longed for so long // Saltwater songs. Plata er spelt inn på kassett i Libanon og Noreg.

Fiolinisten Inger Hannisdal tek i bruk hardingfela på fleire av spora på den nye plata si. Foto: Nabeeh Samaan
Tekst: Pressemelding/Redaksjonen
Musikken kombinerer inspirasjon frå norsk folkemusikk og arabisk musikalsk tenking, eit særpreg som går att i Hannisdals tidlegare prosjekt. Folkemusikalske element kjem tydeleg fram i låtar som Lyarslått, Sorgfugl og Farvelslått. Sistnemnde vart spelt inn på hardingfele heime i Oslo, rett før Hannisdal reiste til Libanon.
– Eg spelte inn den på hardingfele heime i Oslo, berre nokre minutt før eg reiste til flyplassen, fortel ho.
Ho har elles teke i bruk ein kassettspelar i innspelingsfasen.
– Nittitals-portastudioa hadde fire kanalar med volumkontroll, tonehøgdekontroll og ein enkel, men effektiv EQ, som gjer at dei kan brukast som eit instrument – ein kan manipulere lyden frå kassettane live.
Ho tok med kassettspelaren i studio og spelte inn frå kassettane ho allereie hadde teke opp, og la så fele over det igjen. Det var i Tunefork Studios i Beirut, saman med produsent Fadi Tabbal.
– Han hadde hatt mykje å seie for at plata vart slik ho vart. Det å spele inn på kassettar inneber òg å omfamne det uperfekte, og det er ei sunn øving for ein felespelar. Det er fleire lykkelege uhell på plata – lydforstyrringane på spor 10, for eksempel. Vi prøvde å halde på den filosofien i studio òg, la ting oppstå i augneblinken. Det er ganske mange låtar der vi berre gjorde eitt take, fortel Hannisdal.
Albumet er meir melodiorientert enn den førre soloplata Free folk (2023), men tek i bruk dei same utvida felespelteknikkane og eit eksperimenterande lydbilete. To long, longing, I have longed for so long // Saltwater songs blir utgitt på Hannisdals eige selskap Fiol, med sleppkonsertar i Libanon, Syria og Noreg hausten 2025.
Sist oppdatert