Frå Telemark til Sápmi – denne hausten kjem det ei rekkje sterke singlar frå folkemusikkfeltet. Gangar får hjelp av Tuva Syvertsen til å blåse liv i ein telemarkslegende, Vegar Vårdal heidrar faren med varm improvisasjon, Ævestaden byr på eksistensiell elektronikk, far og son Opsahl lanserer sjangeren «folkcore», Floating Sofa Quartet feirar ti år med norsk hardingfele – og Kajsa Balto og KORK inviterer til julestemning på samisk.

Tekst: Pressemeldingar/redaksjonen
Kajsa Balto & KORK – Havski lea eanan (Deilig er jorden)
Den kritikarroste artisten Kajsa Balto markerer hausten med både pris og ny musikk: EDVARD-prisvinnar i kategorien tekst, og no aktuell med julesingelen Havski lea eanan, ei samisk tolking av klassikaren Deilig er jorden. Saman med Kringkastingsorkestret (KORK) løftar ho songen til eit varmt, mektig og poetisk uttrykk – fullt av lys, tilhøyrsle og høgtidsstemning. Singelen er første smakebit frå julealbumet Sámi Juovllat – Samisk jul i Operaen med Kajsa Balto & KORK, som kjem 7. november.
Gangar feat. Tuva Syvertsen – Murukleiven II
Når Gangar inviterer Tuva Syvertsen med på laget, blir det kraft i alle ledd. Murukleiven II løftar historia om Telemarks-stortjuven til eit nytt nivå – eit hardtslåande møte mellom felespel, vokal og prog-energi. Dette er første vokallåt frå Gangar, og første smakebit frå det komande albumet Dreng. Tuva Syvertsens røyst sit som støpt i det rå og rocka uttrykket – og resultatet er eit av årets mest vitale folkemusikksamarbeid.
Vegar Vårdal – Blafrende
I den siste singelen frå soloprosjektet Uventa vender Vegar Vårdal blikket både bakover og innover. Blafrende er ein stillferdig improvisasjon til minne om faren, spelt på hardingfela han arva etter han. Låten rundar av eit prosjekt der Vårdal viser kor djupt improvisasjon og tradisjon kan smelte saman.
Ævestaden – Jag vill ut och du vill ner i jorden
Med denne siste singelen før albumet Ni blomster i en åker viser Ævestaden sitt mest nakne uttrykk til no. Tre stemmer og enkel instrumentering formar ei stillfaren konfrontasjon – mellom menneske, eller mellom lys og mørke i eige indre. Musikken er både vemodig og livgivande, i kryssingspunktet mellom elektronikk, folketonar og eksistensiell undring. Ein song om oppløysing – og mogleg nyskaping.
Carl Petter & Johannes Opsahl – Folkcore
Far og son møtest i eit leiken og grenseløst musikalsk eksperiment: Folkcore. Tittelsporet frå duoens komande album er folkemusikk på sitt mest «folkete» – energisk, improvisert og fullt av tilstedeværelse. Klarinett møter trommer og synth i eit uttrykk som strekkjer folkemusikkstrikken langt, men med respekt for rota. Ein frisk samtale mellom generasjonar – og mellom tradisjon og nyskaping.
Floating Sofa Quartet feat. Guro Kvifte Nesheim – Vigga sin gangar
Nordisk fellesskap i dansande form: Den dansk-finsk-svenske kvartetten Floating Sofa feirar tiårsjubileum med ein ny gangar tileigna vesle Vigga – komponert av Mads Kjøller Henningsen. Med Guro Kvifte Nesheim på hardingfele får låta eit ekte norsk løft, og rytmen går stødig som eit barn i ferd med å lære å gå. Ei varm, livfull hyllest til både folkemusikken og familielivet.
Sist oppdatert