Folkemusikk logo
Logo

Hemsing i heimlege fjell

I 2026 er det 20-årsjubileum for den populære solefallskonserten på Jaslangen i Vestre Slidre. Kva passar då betre enn å feire med Valdres' heilt eiga verdsstjerne på scena?

Ragnhild Hemsing

Ragnhild Hemsing skal ha den tradisjonelle solefallskonserten på Jaslangen under Hilme-stemnet neste år. Foto: Are Simonsen.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Ragnhild Hemsing er ein svært allsidig musikar, og med både fele og hardingfele har ho gjort det til sitt varemerke å kombinere det beste frå klassisk musikk med folkemusikken ho kjenner frå Valdres.

Til Hilme kjem ho med eit stjernelag av musikarar og prosjektet VETRA. Med prosjektet VETRA har Ragnhild teke utgangspunkt i nokre av folketonane Ludvig Mathias Lindeman samla inn frå Valdres på midten av 1800-talet. Her vil impulsar frå folkemusikk, klassisk og jazz smelte saman og ta publikum med på ei reise inn i Hemsing si musikalske verd.

– At vi har artistar frå Valdres av denne kaliberen er veldig stort, og vi er sikre på at musikken til Hemsing vil skape ei magisk oppleving i lyngen til sommaren», seier festivalsjef Ingvild Lie.

Ragnhild Hemsing har markert seg den siste tida med konsertar så vel på slottsplassen som i New York.

– Det er då ekstra stas at ho tek seg tid til ein konsert her i heimlege fjell, held Lie fram.

Ragnhild Hemsing og VETRA kjem med eit eminent lag med velrenommerte musikarar. På scena saman med Hemsing finn vi dei lokale langeleikvirtuosane Knut og Ole Aastad Bråten, jazzmusikarane Mathias Eick, Steinar Raknes og Terje Isungset og dei klassiske stjernene Marte Husum og Frida Fredrikke Waaler Wærvågen.

– Billettsalet Lenke til et annet nettsted. er i gang, og det vil løne seg å kjøpe billett før nyttår, fortel Lie.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024