Folkemusikk logo
Logo

Regjeringa vil kutte: Blått lys for folkedansstudiet i Rauland

– Dette kan bety slutten for det einaste høgare utdanningsløpet i folkedans i Noreg, seier FolkOrg-leiar Aslak Brimi.

Folkedansstudiet i Rauland er truga av nedskjeringar. Foto: USN

Tekst: Kjellbjørn Karsrud og Johanne Flottorp

NB! Etter at denne saka vart skriven hadde KD og regjeringa oppdaga at det var bygd på ein feil, og har dermed bestemt seg for at løyvingane skal halde fram. Les meir om dette i denne saka.

Uvêret som bles opp rundt kutt i gratis ferje og gunstige distriktsordningar for nedbetaling av studielån, overskygde ei endring i ei lita, men viktig løyving frå statsbudsjettet: regjeringa har foreslått å fjerne midlar til bachelorstudiet i folkedans ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) i Rauland.

I forslaget til statsbudsjett heiter det:

«Universitetet i Søraust-Noreg fekk i 2023 midlar til å etablere ein bachelor i folkedans med ti studieplassar. Det har ikkje vore nok søkarar til at studiet kunne etablerast. Løyvinga blir derfor redusert med 3,5 mill. kroner.»

Problemet er berre at studiet faktisk er etablert. Hausten 2025 vart bachelorprogrammet i folkedans starta opp, med seks studentar i det første kullet.

– Dette må vere ein feil frå departementet si side. Om dei ikkje gjer om dette, så vil det jo kanskje bety slutten for det einaste høgare utdanningsløpet for folkedans i Noreg. Eit studium som vi nettopp feira at kom, og som i dag godt oppe og går. Om dei ikkje snur er jo dette er ein veldig kjip og lite føreseieleg måte å drive politikk på, seier dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi.

Frå oppstartsproblem til god oppslutnad

Første forsøk på å starte opp heiltidsstudium hausten 2024 stranda. Det vart for kort tid mellom at midlane vart løyvd hausten 2023 til å få rekruttert kvalifiserte søkarar til eit heiltidsstudium allereie våren etter. Likevel vart det gjennomført eit samlingsbasert opplegg, der 13 studentar tok enkeltemne i folkedans.

Nokre av studentane som tok folkedans som deltidsstudium 2024/2025. Foto: USN.

I vår vart det gjennomført opptaksprøve, og seks søkarar vart tekne inn til fulltidsstudiet – i tillegg til at ni studentar tek deltidsemne i folkedans. Samtidig er studentane på folkemusikkstudiet innom og deltek jamnleg på undervisningsemne, slik at dei to studia kan dra vekslar på kvarandre.

Rauland-studiet kom på plass etter fleire års arbeid frå USN med støtte frå Senteret for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag og FolkOrg. Sidan bachelorstudiet i folkedans ved NTNU vart lagt ned for om lag 13 år sidan, har Noreg stått utan eit eige høgare utdanningstilbod for folkedansarar.

Senterpartiet tok etter kvart initiativ til å få på plass ei ny linje, og saman med Arbeidarpartiet fekk dei inn 3,5 millionar kroner i statsbudsjettet for 2023. Etter ein trong fødsel – som til og med vart harselert med av Frp og Lenke til et annet nettsted.Sløseriombudsmannen Lenke til et annet nettsted. – vart det historiske studietilbodet endeleg ein realitet.

Studentane reagerer

Magnhild Moen Helland er ei av dei seks studentane på folkedansstudiet. Ho byrja i haust, og har som dei andre medstudentane sett for seg at ho om tre år skal ha ein bachelor i folkedans.

Ho er redd kuttforslaget i statsbudsjettet kan skremme bort framtidige søkjarar. Forslaget går også inn på dagens studentar.

– Ein føler seg nedprioritert og uviktig når det kan sjå ut som om dei ikkje har fått med seg at me er studentar på eit ekte studium, som har starta opp. Så det har vore eit tema her i dag, seier Helland.

Sjølv rosar ho dansestudiet, og fortel at læringsutbyttet etter berre to månader har vore veldig stort.

– Det er veldig bra lærarar her og studiet blir lagt opp etter kvar individuelle person, noko som fører til stor framgang. I tillegg er ein ikkje berre eit fjes i ei forelesing.

Til liks med dei andre studia på Rauland, er dansestudiet også ei blanding av praktisk og teoretisk kunnskap. Mykje danseteknikk og øving på å få dette inn i dansen er det naturlegvis.

– Men me kan ikkje danse heile dagen. Så i haust har me lært mykje om anatomi og trening, og det å skjønne korleis kroppen fungerer så ein ikkje feilbelastar i dansen. Det er mykje teori og pensum om dans, fortel Magnhild.

– Kvifor treng ein eit studium som dette?

– Folkedans er eit viktig felt, og det er viktig å ha ekspertise der som på alle andre felt. Eit studium som dette bidreg til fagleg kompetanse hos framtidige arkivarbeidarar, og til bruk på kurs og i undervising til dømes, seier ho.

Magnhild Moen Helland (t.h.) og medstudentane er fulle av lovord om oppstarten på bachelorstudiet i folkedans. I midten ein av dei som underviser på studiet, Siri Mæland. Foto: USN.

– Stort kompetansebehov

– Det er jo litt merkeleg at dei skal kutte det einaste studiet som finst i Noreg innan folkedans, når det er eit hav av danseutdanningar innan andre sjangrar. I vårt felt er både kompetansebehovet og etterspurnaden størst no, seier studieleiar Stian Roland.

Instituttleiar ved USN Rauland, Andrea Kasbo Rygh, understrekar at studiet allereie er godt etablert:

– Vi jobbar no med å gi tilbakemelding til departementet og gjere dei merksame på feilen i budsjettforslaget.

Ho peikar på at planen vidare er å tilby både fulltidsstudium og samlingsbaserte deltidsfag i folkedans:

– Dette er i tråd med etterspurnaden frå eit samla folkemusikk- og dansefelt. Vi meiner å ha forvalta midlane i tråd med samfunnsoppdraget vårt, og ønskjer å halde fram arbeidet med å skape næring, kulturbevaring og glede ut av norsk tradisjonsdans.

Folkemusikk har vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet for å få ein kommentar, og dei har lova å koma attende med eit svar.

NB! Etter at denne saka vart skriven hadde KD og regjeringa oppdaga at det var bygd på ein feil, og har dermed bestemt seg for at løyvingane skal halde fram. Les meir om dette i denne saka.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024