Folkemusikk logo
Logo

Avspark for ny konsertserie i Ålesund

Tysdag 28. oktober inviterer Aalesund Folk Festival til opningskonsert og minglekveld på Fabrikken kulturscene. Kvelden markerer både starten på den nye konsertserien Folk i Ålesund – og opptakten til sjølve festivalen som går av stabelen 10.–13. september 2026.

Jan Beitohaugen Granli

Jan Beitohaugen Granli er ein av fleire artistar som blir å høyre i morgon kveld når konsertserien Folk i Ålesund startar opp. Foto: Ole Johs. Brye / FolkOrg.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

På scena står eit knippe av landets fremste folkemusikarar: Geir Marius Thorud & Øystein Rudi, Britt Elise Skram & Kristina Farstad Bjørdal, Stefan Olsen, Jan Beitohaugen Granli – og det lokale bandet Smeis. Publikum kan vente seg eit variert program med hardingfele, trekkspel, vokal og rytmar frå fleire tradisjonar.

Høyr Britt Elise Skram og Kristina Farstad Bjørdal spela La Plagiata av Hilmar Alexandersen her:

– Vi ønskjer å vise fram kva festivalen handlar om: fellesskap, skaparglede og den krafta som ligg i tradisjonsmusikken når han får møte nye menneske og nye uttrykk, seier Kristina Farstad Bjørdal, festivalsjef for Aalesund Folk Festival.

Ho peikar på at konserten er meir enn berre ein kveld med musikk:

– Dette er starten på noko vi håper kan bli eit samlande løft for folkemusikken på Sunnmøre – eit møtepunkt for både lokale og nasjonale krefter.

Opningskvelden gir eit første glimt av kva festivalen vil by på når han for alvor brakar laus neste haust, og arrangørane håpar både publikum, utøvarar og bransjefolk tek turen for å oppleve stemninga og knyte nye kontaktar.

Tid og stad:

Tysdag 28. oktober 2025 kl. 19.00–23.00
Fabrikken Kulturscene, Apotekergata 20, Ålesund
Billettar: kr 250 – tilgjengelege her Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024