Søndag kveld gjekk Valkyrien Allstars ut med at dei no forlét strømmetenesta Spotify som ein reaksjon mot at eigaren Daniel Ek har investert stort i våpenindustrien. Trommis Martin Langlie seier dette er mjukt initiert og at dei no viser for andre at dette går an.

Valkyrien Allstars forlét Spotify. Foto: Erik Havenes
Tekst: Johanne Flottorp
Fleire medium har i dag skrive om at Valkyren Allstars trekkjer musikken sin frå Spotify.
Det er det tre grunnar til, med Spotify-eigar Daniel Ek si store investering i våpenindustrien som den viktigaste grunnen. At plattformen fremjer musikk generert av KI og elles har dårlege økonomiske vilkår for artistane, er andre grunnar.
Martin Langlie tok tidlegare i haust initiativ til eit opprop mot Spotify saman med Selma French Bolstad, der dei oppmoda artistkollegaer til å trekke musikken sin frå Spotify. Han ser på det heile som eit opplysningsarbeid.
– Dette er mjukt initiert, og det er eit personleg val. Ofte snakker ein seg imellom i band og med andre musikarar om at Spotify er utrivelege greier, men så går ein på scena og gløymer det litt. No har me prøvd å gjere noko med vår eigen situasjon og sagt høgt at dette går an, seier Langlie.
Både som artist og konsument meiner Langlie at det er lett å gå frå Spotify og over til andre alternativ.
– Me er på alle andre plattformar, og det er alle andre artistar også. Det finst mange tredjepart-tenester som let deg flytte over alle spelelistene dine til kvar som helst på fem minutt. Så det er ganske straumlinjeforma, seier han.
Vibeke Hay Wold, som booker for Valkyrien Allstars, fortel at ho spurde bandet om ho kunne dele noko om kvar gruppa no er å finne. Etter at ho la ut ein tekst på Facebook i går kveld, har det blitt snappa opp av fleire meidum. Teksten har i tillegg blitt delt på sosiale medium mange titals gonger av artistar og musikkentusiastar. Ho understrekar at dette ikkje er gjort for å skape promomerksemd, og at det heller ikkje er meint som ein peikefinger mot andre.
– Dette er opp til kvar og ein, og det er nok ikkje for alle å ta eit slikt grep. For det vil nok ha konsekvensar for tilgjengelegheit, som kanskje kan overførast til billettsal. Men dei langsiktige konsekvensane ser me ikkje endå.
Wold trur at det er mange ting som er viktig for andre artistar som ikkje er så viktige for Valkyrien Allstars.
– Dei har halde på i mange år og gjer ting på sine premissar. Dei skjønner nok at dei ikkje stopper våpenindustrien av å trekke seg ut av Spotify, men dei vil ikkje vere med på det, og då må dei få sleppe, seier Wold og legg til:
– Det står respekt av å ta steget. Valkyrien er på ein viktig plass i karriera, og eg trur dei er rette folk til å gjere dette.
Sist oppdatert