Folkemusikk logo
Logo

Hemsingfestivalen søkjer unge folkemusikarar til talentprogram

Hemsingfestivalen inviterer no unge musikarar som enten driv med folkemusikk eller klassisk musikk til å søkje på neste runde av talentprogrammet FRAMR – det einaste og første i sitt slag som rettar seg mot unge talent frå båe sjangrar.

Ragnhild Hemsing underviser.

Ragnhild Hemsing underviser elevar på talentprogrammet til Hemsingfestivalen. Foto: Hemsingfestivalen.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

– Me vil gje unge musikarar innsikt i kva rolle folkemusikken har for den klassiske musikken og omvendt, fortel produsent Elisabeth Olhans.

FRAMR er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på ved ein open audition-runde. Seks til ti unge talent blir inviterte til festivalen i 2026, og planen er å gradvis opne opp for fleire deltakarar for kvart år.

Tilbodet er gratis for deltakarane, som får dekt alle utgifter under festivalen – som overnatting, måltid og reise – og får tilgang til dei fleste konsertane.

– Me vil høyre frå deg som er mellom 15 og 22 år, som er lidenskapeleg oppteken av musikk, og som ynskjer å utvikle ditt eige talent, oppmodar Olhans.

Programmet går føre seg frå onsdag 18. til søndag 22. februar 2026 under Hemsingfestivalen i Aurdal, Valdres. I tillegg blir det ei vårsamling og ei haustsamling for deltakarane.

Samlingane omfattar meisterklasser i klassisk musikk og folkemusikk, innføring i tradisjonsmusikk frå Valdres, kurs i tradisjonsdansane halling og springar, deltaking som musikar i utvalde verk på konsertar under festivalen, og kurs i sceneframføring og presentasjon.

Talentprogrammet er støtta av Talent Norge, som tilbyr coaching til FRAMR-deltakarane.

– Coaching (rettleiing) er ein grunnpilar i arbeidet til Talent Norge og skal styrke deltakarane i å leie seg sjølve og dei kunstnariske prosjekta sine, står det i pressemeldinga. Dette fremjar framdrift og engasjement, noko som er viktig for å byggje ein berekraftig kunstnarisk karriere, peikar Olhans på.

Ordet FRAMR kjem frå gamalnorsk og har fleire tydingar: «god, gjæv» og «i den leia ein ser eller fer framover, mot eit visst mål».

– For oss betyr det også å løfte nokon fram, seier ho avslutningsvis.

Søknadsskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og meir informasjon finn du på hemsingfestivalen.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Jostein Aardal
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024